Norsk bibliotektransport er konkurs

Slik var vegen fram til økonomisk kollaps

Styret i Norsk Bibliotektransport AS har bede om at det blir opna konkurs mot føretaket. 120 tilsette har fått beskjed om at dei mistar jobben, og spørsmålet om kva som skjer med fjernlånsordninga heng i lufta. I denne saka dokumenterer vi vegen fram til konkursen. I årevis har føretaket investert tungt i kommersiell logistikk, robotlager og ein heilelektrisk bilpark i von om ein vekst som aldri kom.

Lite berekraftig berekraft: Den heilelektriske bilparken til NBT var ei av fleire store investeringar som kasta minder av seg enn venta.
Publisert Sist oppdatert

2002 Norsk Bibliotektransport (NBT) blir stifta av Lars Sandbakken – med éin bil, to tilsette og omlasting på kjøkenbordet. Bakgrunnen var irritasjon over lang ventetid på ei bok han ville låna på biblioteket.

2014 Biblioteksentralen (BS) byrjar å kjøpa seg opp i NBT.

2019–2023: Frå boktransport til kommersiell logistikkaktør

Under toppsjef Christian Narmo, som kom inn i 2019, veks NBT kraftig – frå 80 millionar kroner i omsetning i 2020 til 164 millionar i 2023. Strategien er å bygga eit landsdekkande kommersielt distribusjonsnettverk. Selskapet investerer tungt i nytt automatisert sorteringsanlegg, robotlager på Kløfta like nord for Oslo og etter kvart 16 eigne terminalar frå Kristiansand i sør til Tromsø i nord. Frå 2019 til 2024 veks lagerflata frå 600 til 35 000 kvadratmeter.

Ein sentral del av satsinga er miljøprofilen. Hausten 2022 er heile bilparken på nærare 100 Ford e-Transit varebilar elektrifisert. NBT er tidleg ute med 100 prosent elektrisk bilpark, og brukar det aktivt i marknadsføring. Eigarane, kommunar og fylkeskommunar, sin miljøstrategi verkar inn på satsinga.

– Vi nøyde oss rett og slett ikke bare med å prate om det – men gjør noe med det, seier Narmo til fagbladet Yrkesbil i 2022.

Saman med marknadssjef Hjalmar Wiik fortel han vidare at fjernlån no utgjer ca. 40 prosent av omsetninga.

– Dette er ikke et satsingsområde for oss fremover. Nå satser vi på lett transport i B2B-markedet, der alt vi gjør er rigget for pakker. (Kjelde: Yrkesbil, november 2022)

B2B står for «business-to-business» – altså sal av varer eller tenester frå ei bedrift til ei anna, i motsetnad til B2C («business-to-consumer») som er sal direkte til privatpersonar.

– Innen 2024 skal vi opp i 250 millioner. Vi investerer mye i sorteringsanlegg, biler og eiendom for å imøtekomme den veksten, seier Narmo til fagbladet MT Logistikk i 2022. (Kjelde: MT Logistikk, august 2022)

Men ambisjonane er høgare enn som så. Overfor moglege investorar presenterer NBT prognosar om å nå 360 millionar kroner i omsetning innan 2029. (Kjelde: DN, 2. juni 2025)

2024: Vinden snur 

NBT får eit driftsunderskot som ifølge ulike saker i DN låg på mellom 61 og 63 millionar kroner. Interim CEO Daniel Pedersen oppgav 58 millionar til Bok & bibliotek mot slutten av 2025. Uansett hadde selskapet negativ eigenkapital ved inngangen til 2025. Den nye teknologiplattforma skapar større problem enn venta. Etterspurnaden etter tredjepartslogistikk sviktar. Etter pandemien vel mange kundar dei billigaste løysingane, ikkje dei mest berekraftige.

Samstundes sit selskapet med tunge eigedomsforpliktingar fleire stadar. I juli 2024 sel NBT eit nybygg i Larvik til Nordisk Renting og leiger det tilbake på ein 15-årsavtale. På Lahaugmoen i Lillestrøm kommune har NBT kjøpsopsjon på eit nytt storlager som dei håpar å selja vidare for 20 millionar kroner – men salet lèt venta på seg. Og i november 2024 signerer NBT ein ny leigeavtale for endå eit bygg på Lahaugmoen, bygd av Veidekke for Anthon Eiendom, med planlagt overtaking 1. april 2026.

– NBT har satset på å være ledende på kvalitet, gode IT-løsninger og bærekraft, og ikke på pris. I bakkant av pandemien valgte mange kunder de billigste løsningene, spesielt på lagertjenester, seier styreleiar Hans A. Vigen til Bok & bibliotek i januar 2026. (Kjelder: Bok & bibliotek, januar 2026 / Bok & bibliotek, januar 2026 / DN, 2. juli 2025 / Estate Nyheter, juli 2024 / MT Logistikk, november 2024)

2. juni 2025 DN omtalar for første gong den alvorlege likviditetskrisa. NBT har henta eit naudlån på seks millionar kroner på folkefinansieringsplattforma Fundingpartner – til 11,5 prosent rente (12,5 prosent medrekna alle kostnadar). At eit kommunalt eigd selskap, indirekte eigd av over 350 kommunar og fylkeskommunar, hentar kapital frå småspararar på ein folkefinansieringsplattform, vekker oppsikt.

Gründeren bak Fundingpartner, Geir Atle Bore, stadfestar at det ikkje tidlegare er formidla lån til eit selskap eigd av kommunar og fylkeskommunar.

Hans A. Vigen avviser at folkefinansieringslånet er noko å uroa seg over:

– Dette er et veldig kortsiktig lån, seier han til DN. (Kjelde: DN, 2. juni 2025)

5. juni 2025 Fleire ordførarar reagerer på naudlånet og underskotet. Felles for dei er at dei knapt visste dei var eigarar i Biblioteksentralen – og dermed indirekte i NBT.

Ordførar Svend Saxe Frøshaug (Sp) i Indre Østfold krev ei utgreiing på det komande årsmøtet av om saka er innanfor regelverket for offentlege innkjøp. Han stiller spørsmål ved kvifor kommersielle transportørar ikkje får konkurrera om bibliotekoppdraga.

– Disse transportørene er fortvilet over at de mister oppdrag de ellers kunne fått, seier han til DN, og legg til: – Da denne saken dukket opp var det nytt for meg at kommunen var medeier i Biblioteksentralen. Som ordfører har jeg aldri vært koblet på dette eierskapet tidligere.

Frogn-ordførar Sigbjørn Odden (H) – som har NBT sin konkurrent 360 Logistics som stor næringslivsaktør i sin kommune – seier han no for første gong vil delta på generalforsamlinga for å ivareta kommunen sine interesser.

– Biblioteksentralen er et eksempel på selskap som er etablert i gode intensjoner og hvor det er bygget seg opp en kasse. Det betyr ikke at de kan bruke pengene på hva de vil, seier han.

Hans A. Vigen svarar:

– Jeg har forståelse for at våre eiere kan bli urolige når de ser hvordan denne saken fremstilles i DN, men jeg mener at de ikke har noen grunn til å bekymre seg. (Kjelde: DN, 5. juni 2025)

9. juni 2025 Stortingsrepresentant Tor Mikkel Wara (Frp) reagerer kraftig når han får høyra om den økonomiske situasjonen i NBT:

– Det ser ut som en offentlig skandale. Dette er sløsing med offentlige midler som burde vært brukt på kultur, seier han til DN. (Kjelde: DN, 9. juni 2025)

NHH-professor Finn Kinserdal reagerer på at Biblioteksentralen ikkje har opplyst om garantiar til NBT på 299 millionar kroner. Garantiane dukka opp i ein ny note i rekneskapen like før årsmøtet. Revisoren sette foten ned, og årsmøtet måtte utsetjast slik at rekneskapen kunne leggast fram på nytt.

27. oktober 2025 Det blir kjend at toppsjef Christian Narmo forlét stillinga. Han  avviser at han måtte gå, og nektar for å ha teke for høg risiko.

– Jeg er ikke enig i at det er tatt for høy risiko på Lahaugmoen og Kløfta. Det er ikke for stor kapasitet, men vi skulle ønsket høyere fart, seier han til DN.

Narmo hadde same år fått ei lønnspakke på tre millionar kroner – ein auke på 50 prosent – trass i at NBT gjekk minst 58 millionar i underskot. 

Biblioteksentralen hentar inn Daniel Pedersen frå Deloittes "lønnsomhetsforbedringsteam" som midlertidig toppsjef. (Kjelder: DN, 16. november 2025DN, 27. oktober 2025)

9. desember 2025 NBT-styret innfører betalingsstopp for alle leverandørkrav. Daniel Pedersen vil ikkje kommentera om selskapet i praksis er insolvent.

– NBT er i en utfordrende, økonomisk situasjon, og selskapet har derfor besluttet å innføre en midlertidig betalingsstans for å få full oversikt over økonomien og å treffe nødvendige tiltak, seier Pedersen til DN. (Kjelde: DN, 9. desember 2025)

19. desember 2025 Bok & bibliotek omtalar betalingsstansen og innhentar reaksjonar frå biblioteka. Biblioteksjef Vidar Lund i Levanger reagerer:

– Min umiddelbare reaksjon var: «Er dei på veg mot konkurs?», seier han til Bok & bibliotek.

Pedersen skriv i ein e-post til Bok & bibliotek at betalingsstansen gjeld krav fram til 25. november, og at løn og offentlege forpliktingar vil bli dekte som normalt.

– Formålet med betalingsstansen er å få full oversikt over selskapets økonomiske situasjon og finne løsninger som ivaretar kreditorer, kunder og ansatte på best mulig måte, skriv han. (Kjelde: Bok & bibliotek, 19. desember 2025)

7. januar 2026 NBT søker Romerike og Glåmdal tingrett om rekonstruksjon. Tingretten vedtek rekonstruksjon same dag. (Kjelde: DN, 7. januar 2026)

– NBT har hatt en anstrengt økonomi over tid, som i hovedsak skyldes store kostnader på satsing på tredjepartstjenester der selskapet ikke har fått de inntektene vi håpet på, seier styreleiar Hans A. Vigen til Bok & bibliotek.

– Fremover vil NBT satse på kjernevirksomheten, heiter det vidare. (Kjelde: Bok & bibliotek, 9. januar 2026)

25. februar 2026 Biblioteksentralen varslar eigarkommunane om at Terje Eid-Hviding er konstituert administrerande direktør etter at Hans A. Vigen gjekk av.

13. mars 2026 DN skriv om Hans A. Vigen sin avgang etter 20 år i Biblioteksentralen, dei siste åtte som administrerande direktør. Han er òg styreleiar i NBT. Han har ein lønsavtale som garanterer ni månaders løn ved oppseiing – om lag 1,4 millionar kroner basert på lønsnivået hans i 2024.

– Jeg har i samråd med styret kommet frem til at det er behov for nye krefter til å lede Biblioteksentralen videre, seier Vigen til DN. (Kjelde: DN, 13. mars 2026)

14. april 2026 Rekonstruksjonsforhandlingane kollapsar. Styret ber tingretten om å opna konkurs. Dei tilsette blir varsla på allmøte.

– Det lyktes ikke å komme frem til en løsning som sikrer videre drift av NBT, tross hardt arbeid og en god dialog med kreditorene. Styret har derfor vurdert det som en nødvendig og ansvarlig beslutning å be om at det åpnes konkurs, seier styreleiar Terje Eid-Hviding. (Kjelde: Bok & bibliotek, 14. april 2026)

Retten vil oppnemna ein bustyrar 15. april 2026.

Powered by Labrador CMS