Norsk bibliotektransport er konkurs
«Arbeidet med å sikre fortsatt drift av Norsk Bibliotektransport AS (NBT) lyktes ikke, og styret har derfor besluttet å be om at det åpnes konkurs.» Det skriv Biblioteksentralen i ei pressemelding som blei sendt ut tysdag 14. april klokka 14:40.
Avgjerda kjem etter at NBT i januar blei sett under rekonstruksjon for å finna ei samla løysing for selskapet si gjeld. Ordninga med rekonstruksjon inneber at ei verksemd forhandlar med alle kreditorane sine om ei samla ordning for å rydda opp i gjeldssituasjonen.
Ved ein typisk rekonstruksjon blir gjelda redusert og betalingar utsette. Rekonstruksjon kan også innebera omorganisering av verksemda. Formålet er å unngå konkursar i elles levedyktige verksemder og dermed hindra tap av verdiar og arbeidsplassar.
Har informert dei tilsette
– Det lyktes ikke å komme frem til en løsning som sikrer videre drift av NBT, tross hardt arbeid og en god dialog med kreditorene. Styret har derfor vurdert det som en nødvendig og ansvarlig beslutning å be om at det åpnes konkurs, seier styreleiar Terje Eid-Hviding i pressemeldinga.
Vidare står det at dei tilsette i NBT blei informert på eit allmøte tysdag.
– Vi er lei oss for de som rammes av dette, og særlig de ansatte som har arbeidet hardt for at selskapet skulle overleve og har stått på gjennom en lang og krevende tid. Vår fremste prioritet nå er å ivareta dem og andre berørte, seier Terje Eid-Hviding.
NBT-styret har sagt frå til rekonstruktør at det ikkje er utsikt til å oppnå ein rekonstruksjon, og rekonstruktør har bede Romerike og Glåmdal tingrett om å opna konkurs.
Foreløpig ingen svar om fjernlån
Det er venta at retten vil ta stilling til saka seinast i løpet av onsdag 15. april og utnemna ein bustyrar. Bustyrar vil stå for konkursbehandlinga som mellom annan inneber å få oversikt over og realisera eventuelle eigedelar, følgja opp verksemda sine eventuelle interessentar og i størst mogleg grad gjera opp krava mot verksemda.
NBT har levert transporttenester knytt til fjernlånsordninga. Spørsmål om denne og den vidare prosessen må rettast til bustyrar som tek over kontrollen av selskapet, skriv Biblioteksentralen.
Bok & bibliotek kjem tilbake til saka så snart vi veit meir.