Full stopp for KI på "K-fond"

Kulturrådet har lansert retningslinjer for bruk av KI i litteratur. Bøker som heilt eller delvis er framstilte av kunstig intelligens, vil ikkje bli kjøpt inn eller få tilskot.

Illustrasjonen er ei 3D-rendring, ikkje KI-generert.
Publisert Sist oppdatert

Dei nye reglane gjeld frå 2027 for alle innkjøpsordningane og ordningane for litteraturproduksjon og litteraturprosjekt.

Ifølgje leiar i Kulturrådet Kristian Seltun er det eit særleg behov for klare retningslinjer på litteraturområdet.

Vern om det menneskeskapte

– Vi ønskjer å vere tydelege på kva midlar frå Kulturrådet skal gå til. Kunstig intelligens er eit tema som rører kulturfeltet breitt, og som det stadig er viktige og kompliserte diskusjonar rundt, uttalar Seltun på Kulturrådet si nettside.

Arbeidet med retningslinjene har vore prioritert lenge. Det seier Sigbjørn Skåden, som er medlem i Kulturrådet og leier fagleg utval for litteratur.

– Vi veit at feltet etterspør tydelegare reglar. Det er viktig for oss å verne om den menneskeskapte kunsten. 

I arbeidet med dei nye retningslinjene for KI-bruk har Kulturrådet fått verdifulle innspel frå bransjeorganisasjonane og utvala som vurderer søknader og påmelde bøker.

– Dette er eit område i svært rask utvikling, som vi må følgje nøye med på. Vi kjem til å gjere justeringar når det trengst, og dialog med feltet er framleis viktig framover, seier Skåden.

Dei nye reglane

Bøker som heilt eller delvis er framstilte av kunstig intelligens (KI) kan ikkje kjøpast inn på innkjøpsordningane eller få prosjekt- eller produksjonstilskot, skriv Kulturrådet. Dette gjeld både nyskriven litteratur, omsetjingar og illustrasjonar. Unntak kan vurderast for nyskriven litteratur i særskilde tilfelle der bruken er godt grunngjeven kunstnarleg eller fagleg.

Ei bok blir rekna som heilt eller delvis framstilt av kunstig intelligens når generativ KI har skrive eller omsett tekst, eller laga illustrasjonar som inngår i den ferdige utgivinga. Dersom KI fyller ut, omskriv eller omset delar av teksten, for eksempel ved å skrive ein overgang, utvide eit avsnitt eller føreslå ei avslutning, og dette blir ståande i den ferdige boka, er boka delvis framstilt av KI. Det same gjeld dersom KI har bearbeidd element i illustrasjonar.

Omsetjing framstilt ved bruk av maskinomsetjingsprogram, der heile eller delar av teksten er lasta inn i og omsett av programmet, for deretter å bli bearbeidd av ein omsetjar, språkvaskar eller redaktør i etterkant, blir rekna som framstilt av kunstig intelligens.

Bruk av KI som støttefunksjon i arbeidet blir ikkje rekna som framstilling. Dette kan for eksempel gjelde korrektur, synonymsøk, grammatikk- og syntakshjelp, omsetjing av enkeltord og uttrykk, eller bruk til research, idéutvikling eller som samtalepartnar.

Powered by Labrador CMS