Norsk Bibliotektransport i økonomisk uføre – varslar moglege leveringsproblem

Bibliotek som er kundar av Norsk Bibliotektransport (NBT) fekk 8. desember brev frå selskapet med varsel om moglege forstyrringar i leveransane som følgje av betalingsstans. Meldinga kjem etter eit år med økonomiske problem. – Min umiddelbare reaksjon var: «Er dei på veg mot konkurs?», seier biblioteksjef Vidar Lund i Levanger.

Alle slags oppdrag: NBT er ein viktig totalleverandør av lager- og transporttenester i Norge.
Publisert Sist oppdatert

«Norsk Bibliotektransport AS (NBT) gjennomgår for tiden en nødvendig omstrukutrering for å sikre en mer robust drift fremover,» står det i brevet. Difor er det nødvendig med ein kortvarig betalingsstans for å «få oversikt over og kvalitetssikre den økonomiske situasjonen, utforske og iverksette ytterligere tiltak».

Varsling: Brevet som blei sendt til NBT sine kundar 8. desember.

– Betalingsstopp er vanlegvis eit dårleg teikn, understrekar Lund, men fortel at dei etter at brevet kom har fått meir informasjon via fylkesbiblioteket, med forsikring om at det ikkje er umiddelbar fare for at transporten stoppar.

Ifølge NBT sin CEO Daniel Lund blir det arbeidd med betydelege tiltak som skal sikra selskapet trygg drift framover. Det fint med andre ord ikkje noko grunnlag for å frykta konkurs, understrekar han overfor Bok & bibliotek. 

Treng betre økonomisk oversikt

Betalingsstans er ei mellombels ordning der eit selskap set betaling av eksisterande krav på pause for å få oversikt over økonomien og sikra likebehandling av kreditorar. Den midlertidige betalingsstansen gjeld for krav fram til 25. november, fortel CEO Daniel Pedersen i NBT til Bok & bibliotek.

«Formålet med betalingsstansen er å få full oversikt over selskapets økonomiske situasjon og finne løsninger som ivaretar kreditorer, kunder og ansatte på best mulig måte,» skriv han i ein e-post til Bok & bibliotek.

Betalingsstansen vil vara ut desember. Løn og offentlege forpliktingar vil bli dekte som normalt, understrekar Pedersen.

Generelt vil ein betalingsstans kunna føra til forstyrringar fordi transporttenestene er avhengige av eksterne leverandørar. Når betalingar blir haldne tilbake, kan kapasitet og fleksibilitet bli redusert, noko som aukar risikoen for forseinkingar i leveransane.

Kvifor kjem dette no?

NBT er eigd av Biblioteksentralen, eit samvirkeføretak med 353 kommunar, 12 fylkeskommunar, KS og Norsk bibliotekforening som medlemer. Slik sett er biblioteka ikkje berre kundar av NBT, men indirekte også eigarar gjennom kommunane sine.

Selskapet blei opphavleg etablert for å løysa transport av bibliotekmateriale, særleg fjernlån, men har også bygd opp omfattande kommersiell verksemd innan logistikk, lager og budtenester.

Daniel Pedersen, CEO i NBT.

I 2024 gjekk NBT med 58 millionar i underskot, og selskapet er stadig i ein krevjande økonomisk situasjon med likviditetspress og behov for omstilling, noko Dagens Næringsliv har publisert fleire saker om det siste året.

Den økonomiske utviklinga i NBT har òg utløyst politisk og juridisk merksemd. Biblioteksentralen er klaga inn til EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) av ein kommersiell konkurrent, som meiner eigarforholdet og økonomiske garantiar kan innebera ulovleg statsstøtte. Samstundes har Frp-politikar Tor Mikkel Wara retta sterk kritikk mot det han kallar rolleblanding og feil bruk av offentlege kulturmidlar.

Desse er noko av bakteppet når NBT no varslar biblioteka om mogleg driftsuro.

Køyrer som vanleg

Drifta av selskapet går i hovudsak som normalt, forsikrar Daniel Pedersen. NBT sine eigne ruter blir kjørt som vanleg, men det kan oppstå «noen uregelmessigheter» i område der dei nyttar seg av underleverandørar. Bibliotekkundane blir haldne løpande orienterte om situasjonen, skriv Pedersen.

På spørsmål om bibliotektransport vil bli prioritert framfor kommersielle oppdrag dersom kapasiteten blir pressa, svarar han at «bibliotektransport vil bli prioritert på lik linje med kommersielle oppdrag. Boktransport er kjernen i det NBT gjør og vil alltid være høyt prioritert. Det er heller ingen motsetning mellom boktransport og øvrig pakketransport. Tvert imot kompletterer de hverandre og sikrer effektiv og bærekraftig transport for bibliotekene.»

– Livsnødvendig

Ifølge Vidar Lund i Levanger er transportløysinga livsnødvendig for at dei skal kunna gje lånarane eit godt nok bibliotektilbod.

Vidar Lund er biblioteksjef i Levanger og tidlegare leiar i Norsk bibliotekforening.

– Skulle vi ha drive med pakking på gamlemåten og sendt med Posten hadde både arbeidsmengd og kostnad eksplodert.

– Kva forventar du vidare av NBT i denne situasjonen?

– NBT er eit AS og ein privat aktør, og det er vel faktisk slik at vi ikkje kan vente informasjon tidlegare enn marknaden elles. Men eg trur det er viktig at Biblioteksentralen som eigar garanterer for at det blir ei form for transport ein periode dersom NBT må melda oppbod.

Powered by Labrador CMS