Om - bok og bibliotek

Bok & bibliotek blei etablert i 1934 som ei vidareføring av For Folke- og Barneboksamlinger (1907) og For Folkeoplysning (1916). Bladet tek opp tema, trendar og nytt som vedkjem bibliotek som politiske rammer, ideologiske vilkår, nye arbeidsformer, teknologi, litteratur- og kulturformidling og bibliotekforsking.

Målet er å bygga den bibliotekfaglege offentlegheita og stimulera til fagleg refleksjon og utvikling.

Bladet er redaksjonelt uavhengig, blir redigert etter Redaktørplakaten, er underlagt medieansvarslova og kan klagast inn til Pressens faglige utvalg.

I redaksjonsrådet sit Johanne Raade, Per Eide, Mari Vannes, Maria Pile Svåsand og Åse Kristine Tveit.

Debattinnlegg og innkjøpte artiklar uttrykker ikkje nødvendigvis Bok & bibliotek sine meningar.

Bladet kjem ut fire gongar i året med eit kontrollert opplag på 3400 eksemplar.

Utgjevings- og produksjonsplan Bok & bibliotek 2026

Utgåve Deadl. eksterne Annonsefrist Utgjevingsdato Veke
Nr. 1-202614.jan2. feb25. feb9
Nr. 2-202614.apr4. mai27. mai22
Nr. 3-202611.aug24. aug16. sep38
Nr. 4-20266.okt26. okt18. nov47

Bok & bibliotek har også ein eigen podkast som du kan lytta til her.

Klikk her for å tinga abonnement.

Postadresse:

Bok & bibliotek
Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo

Ansvarleg redaktør: Arne Olav Hageberg, ao@bokogbibliotek.no, +47 95821895

Bok & bibliotek sin utgjevar er ABM-media AS, som også gir ut Museum og Aksess, tidsskrift for arkivsektoren.

Powered by Labrador CMS