Norsk bibliotektransport sine likviditetsproblem

NBT søker tingretten om rekonstruksjon

Styret i Norsk bibliotektransport (NBT) vedtok onsdag 7. januar å søka om rekonstruksjon – ei ordning oppretta spesifikt for å unngå konkurs. Søknaden er no til behandling i Romerike og Glåmdal tingrett.

Dyrt: Norsk Bibliotektransport er hamna i eit økonomisk uføre mellom anna grunna store utgifter knytt til nye logistikkbygg.
Publisert Sist oppdatert

Logistikkselskapet NBT blei opphavleg skipa for å hjelpa biblioteka med transport, i sær knytt til fjernlån. No har dei store likviditetsproblem, Ifølge avisa DN etter å ha gått tungt inn i marknaden for næringseigedom og logistikkbygg. NBT er eigd av Biblioteksentralen.

Betalingsstans var ikkje nok

Før jul fortalde vi om betalingsstansen som NBT varsla alle kundar om 8. desember.

Kva er rekonstruksjon?

  • Rekontruksjonslova er ei midlertidig lov som tredde i kraft i 2020, som direkte resultat av koronapandemien. Lova skal opphevast 1. juli i år.
  • Ordninga inneber at ei verksemd forhandlar med alle kreditorane sine om ei samla ordning for å rydda opp i gjeldssituasjonen. Ved ein typisk rekonstruksjon blir gjelda redusert og betalingar utsette.
  • Rekonstruksjon kan også innebera omorganisering av verksemda.
  • Formålet er å unngå konkursar i elles levedyktige verksemder og dermed hindra tap av verdiar og arbeidsplassar.
  • Kjelder: Lovdata.no, Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) sin arbeidsgjevarportal Arbinn og Store norske leksikon.

«Formålet med betalingsstansen er å få full oversikt over selskapets økonomiske situasjon og finne løsninger som ivaretar kreditorer, kunder og ansatte på best mulig måte,» uttalte CEO Daniel Pedersen til Bok & bibliotek då.

Men betalingsstansen har altså ikkje vore nok. No søker selskapet om rekonstruksjon for å få på plass ei samla gjeldsløysing med kreditorane.

– Vi gjør dette for å sikre en trygg ramme for selskapet, ivareta arbeidsplasser og opprettholde viktige tjenester for bibliotekene mens en finner løsninger på selskapets gjeldsutfordringer, uttalar Daniel Pedersen i ei pressemelding som kom i går.

DN har følgt NBT sine utfordringar tett gjennom fjoråret. Ifølge Næringslivsavisa enda det kommuneeigde transportselskapet sine vekstambisjonar med eit underskot på 61 millionar kroner og ei samla gjeld på 79 millionar ved utgangen av 2024. Til Bok & bibliotek opplyste Daniel Pedersen før jul at underskotet for 2024 var på 58 millionar, og ikkje 61 som DN skriv. 

No har det hopa seg opp med uoppgjorte inkassokrav, og i tillegg har selskapet leigeforpliktingar i fleire logistikkbygg på Austlandet, skriv DN. 

Vanleg drift

Styreleiar i NBT og dagleg leiar i Biblioteksentralen, Hans A. Vigen, seier til DN at NBT har hatt god dialog med kreditorane sine og at rekonstruksjon er eit trygt og nødvendig grep frå selskapet si side.

Dei tilsette i NBT blei orientert om søknaden til tingretten i går. Drifta i selskapet held etter planen fram som vanlig under prosessen.

I pressemeldinga forsikrar interim CEO Daniel Pedersen at dette er riktig steg for NBT og for kundar og tilsette.

– Vi får nå en ordnet ramme for å løse selskapets utfordringer. Vi skal nå gjøre det vi kan for å gi ansatte, kunder og andre samarbeidspartnere størst mulig forutsigbarhet, og sikre at NBT skal fortsette å levere viktige tjenester over store deler av landet.

Powered by Labrador CMS