Gaza

Krigsramma bøker finn tilbake til hyllene

Ved ei hylle merkt «Palestinsk historie» står 30 år gamle Omar Hamad og ser på bøkene. Mange av dei har han plukka får ruianane saman med venen Ibrahim al-Masri. No er dei gjort tilgjengelege for alle som vil lesa på al-Anqaas folkebibliotek i Gaza by.

Omar Hamad.
Publisert

Omar Hamad var 14 år då han tok til med å samla på bøker. Gjennom åra vaks interessa for palestinsk historie, og han byrja å sjå historiske bøker som ein måte å forstå heimlandet sitt og ta vare på forteljinga om det. Til slutt hadde han eit privat bibliotek på rundt 1500 bøker heime i Beit Hanoun nord på Gazastripa.

Men krigen øydela heimen hans og spreidde samlinga han hadde brukt år på å bygga opp.

– Eg reknar bøker blant det nødvendige

Omar måtte forlata Beit Hanoun då krigen braut ut i oktober 2023. Han tok så mange bøker han klarte, og bar dei med seg då han flykta frå nord til sør på Gazastripa. Til slutt kom han til Rafah. Der oppbevarte han bøkene som var att, i eit telt. Støv og sand la seg på sidene, og granatsplintar skadde nokre av dei. Han prøvde å reinsa og reparera så mange som mogleg.

– Reisa var ekstremt slitsam. Å flytta bøker under krig og fordriving var vanskeleg, særleg når vi knapt orka å bera det mest nødvendige. Men eg reknar bøker blant det nødvendige vi må ta med oss. Dei tre første månadene av krigen var internett stadig nede i Gaza, og bøkene var det einaste som kunne gje eit menneske litt trøyst, seier han.

Omar sitt forhold til bøker blei endra av fordrivinga. Den personlege interessa blei til innsats for å beskytta minnet til fellesskapen han var del av.

Bøker som brensle

Då matkrisa forverra seg og drivstoffet blei dyrare, møtte bøker endå ein dyster lagnad. I leirar for internt fordrivne måtte familiar brenna dei for å få kokt maten sin. Synet gjekk hardt inn på Omar, som meinte verdien til bøkene strekte seg forbi papiret – til historie, identitet og minne.

– Det kjendest som om hjarta brast, for bøker betyr så mykje for meg. Men folk gjorde det fordi dei måtte.

Omar Hamad har grunnlagt al-Anqaa folkebibliotek i Gaza by saman med 31 år gamle Ibrahim al-Masri. Dei har samla bøker som låg spreidde rundt i skadde heimar og bibliotek, og laga ein offentleg arena for lesing.

Bibliotekgrunnleggarane Ibrahim al-Masri og Omar Hamad.

Al-Anqaa-biblioteket opna 21. april 2026 og ligg nord i Gaza by, nær Byparken, der born før drog på skuletur med lærarane sine. Parken er kjend for trea, grøntområda og leikeplassane. I nærleiken finn ein òg al-Rimal-gata, eit av dei mest kjende handlestrøka i Gaza by.

Områda rundt er hardt råka av øydelegging, og mange bustadhus er jamna med jorda.

Berga frå ruinane

Då våpenkvila tredde i kraft i januar 2025, drog Omar og Ibrahim attende til det nordlege Gaza for å leita etter bøker som hadde overlevd øydelegginga. Dei samla alt dei fann, mellom anna bøker frå heimen til Omar i Beit Hanoun og frå kulturinstitusjonar og bibliotek som var skadde under krigen.

Omad Hamad og Ibrahim al-Masri i gang med å berga bøker frå ei boksamling som er blitt øydelagd av krigshandlingane. Foto: al-Anqaas-biblioteket

Redningsarbeidet omfatta bøker frå området rundt Edward Said-biblioteket og biblioteket ved Det islamske universitetet i Gaza by, i tillegg til rundt 50 bøker frå samlinga til den palestinske poeten Mosab Abu Toha. Målet var å berga det som fanst att av kulturelle samlingar, og gje bøkene tilbake til lesarane i ei tid då utdannings- og kulturinstitusjonane hadde lidt store tap.

Også for Ibrahim al-Masri betydde fordrivinga frå nord til sør eit vendepunkt i forholdet hans til bøker. Banda til bøkene blei djupare, særleg til dei som tek vare på folket sin identitet og minnet om landet.

– Då vi grunnla biblioteket, kjende eg på ei mental lindring. For bøker er ein del av identiteten til eit menneske, særleg historiske bøker om Palestina, seier han.

Bygde folkebibliotek på seks månader

Etter erfaringa med å redda bøker bestemte Omar og Ibrahim seg for å gjera innsatsen om til eit ope kulturprosjekt. Dei valde namnet al-Anqaa, som tyder «fønix», etter den mytiske fuglen som stig opp av oska – eit symbol på bøker som har kome seg ut av ruinane for å ta tilbake plassen sin på hyllene.

Artikkelforfattaren Eman Abu Zayed på leiting i hyllene.

På al-Anqaa-biblioteket står berga bøker side om side med titlar som har kome inn gjennom gåver og bidrag. Kvar bok ber på si eiga forteljing om menneska som åtte den, og om reisa den har vore på.

Via Instagram-kontoen sin marknadsførte Ibrahim ein folkefinansieringskampanje retta mot gjevarar utanfor Gaza. Då finansieringa var på plass, leigde dei to grunnleggarane lokalet i Gaza by og byrja å innreia det med trehyller og lys. Deretter ordna og klassifiserte dei bøkene. Arbeidet tok rundt seks månader og møtte hindringar i form av aukande kostnadar og mangel på nødvendig materiell.

Då biblioteket opna 21. april i år, hadde det rundt 6000 bøker, historie, skjønnlitteratur, kultur og naturvitskap. I vekene etter opninga voks samlinga til om lag 7000 bøker.

Møtestad

Lesarar i alle aldrar er velkomne. I tillegg til å få tilgang til bøker får dei tilbod om kulturaktivitetar, litterære treff og lese- og skrivearrangement. Biblioteket har blitt ein møtestad for lesarar og forfattarar og ein måte å kopla samfunnet på kunnskap igjen, midt i etterverknadene av krig og fordriving.

Ibrahim al-Masri

Å reisa ut av Gaza har lenge vore ein draum for Ibrahim. Dette er no blitt røynd takk vera eit stipendprogram i Spania.

– Det er vanskeleg å forlata biblioteket, for det er ein del av livet mitt, men eg kan halda fram med å leia det herifrå, og er trygg på at eg kan gjera det godt, seier han.

Powered by Labrador CMS