Debattar utgjer ein stadig mindre del av folkebiblioteka sine arrangement
Det er tett på tretten år sidan folkebiblioteka fekk krav om å vera arenaer for offentleg samtale og debatt. Likevel har debattane aldri utgjort ein mindre del av arrangementa sidan Nasjonalbiblioteket byrja å telja dei.
Folkebiblioteka hadde 2 996 samtale- og debattarrangement i 2025. Det er 4 prosent av alle arrangementa – den lågaste delen sidan Nasjonalbiblioteket byrja å telja debattar for seg. Det viser ein gjennomgang Bok & bibliotek har gjort av rådata frå folkebibliotekstatistikken.
Talet på debattar har ikkje gått ned. Debattar der biblioteka sjølve er arrangørar, har auka med 20 prosent sidan 2017. Om ein tek med debattar med eksterne arrangørar, er auken på 18 prosent. Men andre arrangement har auka mykje meir. Talet på arrangement totalt har auka med 51 prosent i same periode, og eigne kulturarrangement har nesten dobla seg (89 prosent auke).
Statistikken er rapportert av biblioteka sjølve. Kommunar utan arrangementstal er ikkje rekna med.
Nesten halvparten har ingen debattar
160 av 353 kommunar som rapporterte arrangement oppgjev at biblioteket ikkje hadde eit einaste samtale- eller debattarrangement i 2025, verken i eigen regi eller med eksterne arrangørar. Det er 45 prosent av desse kommunane.
Talet på debatt- og samtalearrangement heng tett saman med bemanninga. Blant bibliotek med under eitt årsverk hadde 76 prosent ingen debattar, medan dette berre gjaldt eitt av dei 35 biblioteka med ti årsverk eller meir.
Publikum møter opp
Det er lite som tyder på manglande interesse frå publikum. Eigne debattarrangement hadde i snitt 28 frammøtte i 2025, mot 32 på kulturarrangementa.
Aktuell samtale: Episode #55 av podkasten Bok & bibliotek handlar om korleis biblioteka kan bidra til å utvikla demokratiet. Her snakkar Elin Brandsrud, leiar for Innbyggertorg og bibliotek Indre Østfold kommune, bibliotekleiar ved Hurdal bibliotek Anette Dokken og avdelingsleiar ved Drammensbiblioteket Eli Sætre Follerås mellom anna om det låge talet på debattarrangement.
Kravet om at folkebiblioteka skal vera ein uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt kom inn i folkebiblioteklova 1. januar 2014, medan kategorien kom inn i statistikken først i 2016. Difor har vi ikkje oversikt over korleis situasjonen var før lovendringa.