aktuelt
Historisk leiarduell i Bibliotekarforbundet
For første gong kjempar to kandidatar om å bli leiar i Bibliotekarforbundet. På fredag avgjer landsmøtet om det blir Linda Rasten eller Siv Christine Bjørang Jørstad.
Bibliotekarforbundet sin kommunikasjonsrådgjevar Margrethe Gaassand stadfestar overfor Bok & bibliotek at dette er første gong i forbundet si historie at dei har hatt eit leiarval med to kandidatar. Linda Rasten er innstilt av valkomiteen, medan Siv Christine Bjørang Jørstad stiller som uavhengig kandidat.
På nettsidene til forbundet har begge gjort greie for kva dei vil jobba for. Men det dei ikkje svarar på der, er kven dei ville reist på tog til Trondheim med. Så vi måtte nesten ta ein eigen prat med kandidatane.
– Opp til landsmøtet
Med rundt 1600 medlemer er BF det største fagforbundet for fagutdanna bibliotekarar og andre bibliotektilsette med bachelorgrad. Forbundet blei stifta i 1993 og har vore tilslutta hovudorganisasjonen Unio sidan 2018.
Vi ber dei to kapteinsemna svara sjølv på kvifor nett dei bør styra denne skuta i tida som kjem.
Linda Rasten dreg fram den omfattande erfaringa si frå folkebibliotek, både som tilsett og leiar. I dag er ho biblioteksjef i Nordre Follo kommune. Tidlegare har ho vore det same i Vestby og bibliotekar forskjellige stadar, lengst i Ås frå 2001 til 2015.
– I tillegg har eg solid erfaring som tillitsvald, både lokalt og som mangeårig styremedlem i BF. Eg meiner denne kombinasjonen gjer meg godt eigna som leiar. Så er det opp til landsmøtedelegatane å vurdera om dei ønskjer meg, seier ho.
Siv Christine Bjørang Jørstad er eit kjend namn for Bok & bibliotek sine faste lesarar gjennom engasjementet sitt rundt sensurtematikken. Også ho er bibliotekar, men der Rasten har halde seg i folkebibliotek, har Jørstad brukt det meste av tida si på bibliotek i den vidaregåande skulen, dei siste sju-åtte åra ved Valle Hovin videregående skole i Oslo.
– Eg har ein tydeleg retning og ambisjon for Bibliotekarforbundet. Eg vil at BF skal bli ei sterkare politisk kraft og få større gjennomslag, både i forhandlingar og overfor politikarar. Det krev at vi vågar å prioritera og er tydelege på kva vi vil, seier ho.
Ho dreg fram at ho vil samla organisasjonen om klare mål og løfta medlemene sine erfaringar inn i sakene dei kjempar for.
– BF skal vera synleg, relevant og til stades der avgjerdene blir tekne. Det skal vera lett å forstå kven BF er og kva vi står for.
Oppdraget veks, ressursane minkar
Kva tenkjer dei så er den største utfordringa biblioteksektoren står overfor i dag, og korleis kan Bibliotekarforbundet hjelpa medlemene sine med å takla den?
Rasten dreg fram at dei fleste medlemene i BF jobbar i offentleg sektor, for ein velferdsstat som er under press.
– Biblioteka skal bidra til fellesskapa dei er ein del av, samtidig som dei må verna om det unike samfunnsoppdraget. Som eit profesjonsforbund kan BF fremja kunnskap om kompetansen bibliotekarar har, som utgjer grunnmuren i samfunnsverdien biblioteka skapar. Vi kan støtta medlemer og tillitsvalde i for eksempel budsjettprosessar og endringsprosessar. Ikkje minst skapar vi nettverk der folk kan utveksla erfaringar og læra av kvarande i ei tid med store forandringar, seier ho.
Den største utfordringa Jørstad ser, er at samfunnsoppdraget veks utan at ressursane alltid følger med.
– Mange bibliotektilsette opplever høgare arbeidspress og får nye oppgåver, samtidig som det er for lite tid og rom for fagleg utvikling. BF må arbeida for at oppgåver, bemanning og kompetanse heng betre saman. Vi skal kjempa for gode løns- og arbeidsvilkår, tryggheit og reell medbestemming. I tillegg må vi visa kvifor bibliotekfagleg kompetanse er avgjerande for gode bibliotektenester.
Boka ingen burde lesa
Men så var det dette med togturen, då. Kva forfattar – norsk eller utanlandsk – ville dei helst delt dobbeltsete med på ein tur frå Oslo til Trondheim?
Linda Rasten meiner det er naturleg å velja ein forfattar som lever no, noko vi må seia oss einige i.
– Då må det bli Chimamanda Ngozi Adichie, svarar valkomiteen sin kandidat til vervet som forbundsleiar.
– Ho skriv glimrande bøker, og er også fengslende å høyra på. Eg var så heldig å sjå henne da ho besøkte Norge i 2025. Ho har eit vidd, ein klokskap og ei utstråling som garantert kunne fylt ein togtur!
Utfordraren Siv Christine Bjørang Jørstad tek ein heil annan innfalsvinkel: Ho vel ein forfattar ho ikkje har lese for å sleppa å lesa han, nemleg Leander Djønnes som har skrive boka Alt et.
– Mannen min klarte ikkje å legga den frå seg og skildrar den som «den beste boka ingen burde lesa». Det er sjeldant skjønnlitteratur treff han på den måten. Han har faktisk rådd meg frå å lesa boka fordi han veit kor sterkt eg kan gå inn i litteraturen eg les. Då opplevest det tryggare med ein togtur over Dovrefjell med forfattaren.
Bibliotekarforbundet har landsmøte på Gardermoen i slutten av denne veka. Leiarvalet skjer fredag 27. november.