ordskifte
Faste stemmer
Ta Sommarles til nye høgder!
Kvar sommar les norske barn seg ned på nivå for å vinne premiar dei ikkje treng. Det er noko med Sommarles som ikkje funkar. Og det er på høg tid at vi snakkar om det.
Tre minne frå Sommarles-hukommelsen i tilfeldig rekkefølge:
1) Sommarles-armbanda frå Kina i fargerik silke. Dei passa 1 av 10 norske barn. Norske barn var for tjukke for malen.
2) Pappaen som skreiv på Facebook og lurte på om nokon bibliotektilsette nokon gong hadde lese Sommarles-forteljinga? Det tvilte han på, så keisam syntest han den var.
3) Jenta i 6. klasse som marsjerte inn første dagen av Sommarles og lånte ein stor bunke med dei tynnaste lettlesbøkene ho kunne finne. Dei same bøkene ho hadde lese i fjor sommar.
I starten av juni kvart år skjer det: Sommarles brakar laus, noko av det beste bibliotekverda har kome opp med siste 15 åra, utvilsamt. Sommarles er ei merkevare i seg sjølv. Og kanskje den einaste ordentlege merkevara biblioteka har (utanom merkevara «bibliotek», sjølvsagt).
Me i bibliotekverda er stolte av Sommarles. Skular snakkar om Sommarles, lokalaviser skriv om Sommarles, riksaviser skriv om Sommarles, ordførarar snakkar om Sommarles, av og til kjem Sommarles på radio og TV. Alle ser ut til å skjønne konseptet. Sommarles blir ei felles referanseramme, ei av få i vår tid.
Men det finst forbetringspunkt, og nokre ting hastar det med.
Skapt for bokslukarar
Eg hugsar dei frå dei åra eg jobba på folkebibliotek. Barna som kom dagen før eller dagen etter Sommarles starta. Og gjekk ut av biblioteket med ein haug lettlesbøker. Dei tynnaste med aller minst tekst og aller størst skrift. Dei var på eit anna lesenivå, eigentleg, men dei hadde funne ein snarveg til å vinne premiane for level 10, 20 og 30. Dei las lettlesbøker for å kome opp i level.
Something is rotten in the state of Denmark, skreiv Shakespeare. Uansett kor bra Sommarles er, og kor glade me er for det, så er det noko som ikkje funkar. Som dette med lesenivå, det hastar det aller mest å få gjort noko med.
Sommarles fungerer aller best for barna som vil lese den same boka om igjen. Det er dei barna som er på det lesenivået som teoretikaren Appleyard kallar «the reader as a hero and heroine». Det me på norsk refererer til som «bokslukar-alderen». Det er dei barna som for eksempel ønsker lese alle bøkene i Detektivbyrå nummer 2-serien, eller alle bøkene i serien om Kattekrigerne, eller alle bøkene i Amuletten-serien. Då eg sjølv var i den alderen, las eg Gulltopp-bøkene og Donald-pocket.
Å vere i «bokslukar-alderen» vil seie at ein ikkje ønsker store tankemessige utfordringar, ein vil rett og slett ikkje bli overraska i særleg grad. Å sluke sider, derimot, er ei utfordring ein tek på strak arm. Bokslukarane hiv seg rundt og les så mange sider at me vaksne ikkje er i nærleiken. Men der ein vaksen krimlesar ønsker å bli overraska med vendingar ein ikkje hadde forventa, ønsker bokslukaren at alt skal vere lett å gisse seg til. Dei gode skal vere gode, og dei vonde skal vere vonde, og gjerne ubarberte, slik at dei er lette å identifisere.
For «bokslukarane» er konseptet Sommarles perfekt. Dei vil finne utfordringane sine der. Og bli premierte, i rik monn.
Så er det alle andre.
Aller mest bekymra er eg for dei som les sakte. Dei burde få mykje større utteljing enn dei gjer i dag. Saktelesing og forsøk på å lese er òg lesing!
Lesande ungar som irriterer
Eit av dei viktigaste funna eg tok med meg frå Bibliotekmøtet i Molde, var noko førstelektor i litteraturdidaktikk ved Universitetet i Agder Ingeborg Eidsvåg Fredwall sa i panelsamtalen «Hva skjer når vi slutter å lese?». Ho refererte til eigne barn som hadde lese så raskt i skuletida at dei etterpå ikkje hugsa kva dei hadde lese. I panelsamtalen sa Fredwall noko sånt som: «Me må finne tilbake til langsam lesing, det å vere til stades i eigne tankar. Det må bli meir verdsett i skulen.» Eg synest det er godt sagt. Eg synest det er viktig sagt, og det burde gjelde for Sommarles, like mykje som for skulen.
Ungane som les seg ned på nivå, irriterer meg. Men eg er også bekymra for dei, for eg trur ikkje det er berekraftig verken på kort eller lang sikt. Her trur eg Sommarles beint fram kan vere kontraproduktivt.
Ein tragisk slutt
I ein mykje diskutert artikkel i Periskop frå 2022 skreiv Øystein Espe Bae om bokas utfordringar: «Så korleis skal vi gjere det. Eg tvilar på at det handlar om knipe igjen auga og halde fram med å pushe lesekvantitet på kreative måtar gjennom Sommarleskampanjar.» I 2022, då denne artikkelen vart publisert, var eg biblioteksjef. Min posisjon var frå bak ein skranke på eit mellomstort bibliotek som hadde vore med på Sommarles frå starten. Då gjekk eg i forsvarsposisjon. No gjer eg ikkje lenger det, for eg trur Bae har rett. Eg erkjenner i alle fall at han har eit godt poeng.
Kvifor skal barn og unge halde fram med å lese når dei ikkje har noko å strekke seg etter? Som barnebibliotekar såg eg og kollegaene mine trenden, me mista barn og unge som var på veg ut av barneskolen og over på ungdomsskolen. Dei slutta å lese. Sommarles er ikkje ansvarleg for denne trenden, det skjer uansett. Det handlar om at lesing ikkje blir sett på som kult. Men å avslutte tida som lesar med bøker som er under lesenivået ein er på, vil vere beint fram tragisk.
Tolv år med drøymeoppdrag
I fjor kom diskusjonen om dei veldig lite berekraftige premiane, importerte langvegsfrå og av dårleg kvalitet. Det var bra! Eg må innrømme at eg er spent på om dette er løyst i år.
Andre diskusjonar burde ha vore der – men me tør ikkje.
Eg trur ikkje det berre er eg som har tenkt dette. Mest synleg blei det for nokre år sidan då det var ein stor og påkosta reklamefilm til Sommarles, «Skatten på loftet» frå 2022 med manus av Jørn Lier Horst.
Viss forfattaren av Sommarles-forteljinga Mari Moen Holsve ikkje kan få utfordringa med å lage ein reklamefilm, kvifor skal ho få oppdraget med å skrive Sommarles-forteljinga for tolvte året på rad? Dette må vere ein av dei gjævaste spalteplassane i heile den barnelitterære verda i Norge. Tenk å bli lesen av potensielt 170 000 barn.
Viss det er pengane det står på, så kjøper eg ikkje argumentet. Så sant ein meiner alvor med leselyststrategien, så er Sommarles det aller viktigaste tiltaket gjennom heile året. I Sverige bruker dei mykje sterkare ord enn me gjer her til lands. Der snakkar dei om sommarlovstappet, at elevane tapar lesedugleik i løpet av sommarferien. Her finst alle gode grunnar for å sluse inn meir midlar for å motverke det.
Sjølv vaks eg opp med historier som Tordivelen flyr i skumringen, Momo eller kampen om tiden og Dustefjerten som framhaldsseriar på radio. Dei var alle av svært høg kvalitet. Her til lands har me ei av verdas beste nolevande forfattarar i Maria Parr. Kvifor skal me ikkje gje barna det aller beste? Å få nokon til å lage ei fabelaktig Sommarles-forteljing som både barn og foreldre har lyst til å lese, er mogeleg og overkommeleg. Me må våge å tenkje nytt, og me må gjere det no.
Eg har ikkje alle løysingane her, men eg trur dei finst.
Eg les i leselyststrategien at Sommarles er garantert støtte til og med 2030. La oss gjere Sommarles så bra at støtta vil halde fram mykje lenger enn det.
Debatt om Sommarles 27. mai
Hald av datoen! Onsdag 27. mai blir det debatt med tittelen "Kan Sommarles bli betre?" ein stad i Oslo klokka 19:00 .
Meir informasjon kjem snart.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Periskop og Bok & bibliotek og markerier også publiseringa av utgåve 2-2026 av Bok & bibliotek. Periskop.no er eit tverrfagleg, redaktørstyrt nettidsskrift for journalistikk om og kritikk av kultur retta mot born og unge. Bok & bibliotek det einaste redaktørstyrte og uavhengige mediet i landet som spesifikt dekker bibliotekfeltet.