Norsk mediebarometer 2025

Det norske folk les stadig meir

2025-tala frå Norsk mediebarometer ligg no på bordet. Lesinga aukar på tvers av alle format. Ola og Fatima les no til saman 31 minuttar på ein gjennomsnittsdag.

Illustrasjonsfoto.
Publisert Sist oppdatert

Norsk mediebarometer er ei årleg undersøking frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som sidan sidan 1991 har målt nordmenn sine medievanar. Undersøkinga viser utviklinga i bruken av bøker, skjerm, aviser, sosiale medium og lydmedium.

Mediebarometeret er ei dei beste kjeldene vi har til innsikt i mellom anna folk sine lesevanar.

12. mai kom tala for 2025. Lesinga på papir aukar til høgaste nivå sidan 1991, det same gjer e-boklesinga. Trenden vi peikte på då vi skreiv om 2024-tala, held fram: Folk les meir bøker enn nokon gong sidan SSB byrja med undersøkinga.

Fleire timar på lydbøker

I 2020 lytta fire prosent av befolkninga til lydbok på ein gjennomsnittsdag. Fem år og ein pandemi seinare er talet 8 prosent. «Ei dobling på fem år!», tenker du kanskje. Men sanninga er at auken skjedde endå raskare, på tre år frå 2020 til 2023. Under pandemien gjekk delen av befolkninga som lytta til lydbøker dramatisk opp, til 9 prosent i toppåret 2022. Deretter har den halde seg stabilt på 8 prosent.

Det er altså ingen auke i kor mange som lyttar til lydbøker i årets undersøking. Men dei som lyttar til lydbøker, brukar no meir tid på det enn nokon gong, også meir enn under pandemien. Gjennomsnittstida per dag for dei som er lydboklyttarar er no 102 minuttar – opp frå 88 minuttar i 2024. Fordelt på alle i landet, blir det 8 minuttar med lydbok per dag per innbyggar.

Kvinner er mest aktive som lydboklesarar: 11 prosent av kvinner mot 5 prosent av menn lyttar ein gjennomsnittsdag. Blant dei som faktisk lyttar, brukar kvinner 118 minuttar dagleg, mot mennene sine 63.

Papirlesing aukar for første gong

I saka vår om Mediebarometeret i fjor, skreiv vi om at Ali og Kari sa dei las 14 minuttar i bok på ein gjennomsnittsdag i 1991. I 2011 og 2013 var dei oppe i 17 minuttar. Så gjekk det nedover år for år fram til 2021. Då blei 12 minuttar brukt på boklesing ein gjennomsnittsdag. I 2022 kom SSB på å sjekka om også folk over 79 år nytta medium (noko dei ikkje sjekka mellom 1991 og 2021), og, skulle du ha sett: Leseminutta smatt opp til 17. Og der heldt dei seg fram til i fjor. Men no ser vi for første gong ein auke lesing på papir, opp til 18 minuttar.

E-boklesinga utgjorde 2 minuttar i 2022, steig til 3 minuttar i -23 og -24, men gjer i 2025-tala eit hopp. 5 prosent av folk les no e-bøker på ein gjennomsnittsdag, og då les dei i snitt 5 minuttar.

26 prosent av befolkninga les no papirbok ein gjennomsnittsdag – opp frå 24 prosent i 2024 og tilbake på nivået frå rekordåret 2022. Delen menn som les papirbøker dagleg, er no på 22 prosent – det høgaste nivået målt i undersøkinga nokon gong. Desse karane les i snitt 69 minuttar per dag. 30 prosent av kvinnene les papirbok på ein gjennomsnittsdag. Dei les då i 76 minuttar.

Totalt les 29 prosent av befolkninga les altså anten papirbok eller e-bok i løpet av ein gjennomsnittsdag, og tida brukt på slik boklesing er no 23 minuttar – opp frå 20 minuttar dei to åra før og det høgaste nivået sidan SSB byrja å måla i 1991.

Legg vi til lydboklesinga på 8 minuttar, blir konklusjonen at det norske folk les 31 minuttar på ein gjennomsnittsdag.

Romanar og noveller festar grepet som den mest populære sjangeren med 34 prosent av lesinga, opp frå 31 prosent i 2024.

Digitalt innflytta

Det er ikkje berre lesinga som aukar. Også skjermbruken går opp.

Mykje av debatten om skjermbruk handlar om tenåringane, med rette, ser det ut til. 13–15-åringane brukar i snitt nær 5 timar og 40 minuttar på internett dagleg, og 94 prosent av dei er på sosiale medium kvar dag – der dei i snitt brukar 3 timar og 11 minuttar. 98 prosent av 16–19-åringane er på nettet kvar dag, og brukar då sju timar og ni minuttar der. Av desse går fire timar og 12 minuttar til sosiale medium.

Men den brattaste vekstkurven i 2025-tala, står andre for. Blant 9–12-åringane auka dagleg internettbruk frå 4 timar og 5 minuttar i 2024 til fire timar og 21 minuttar i 2025. Delen som brukar sosiale medium dagleg, hoppa frå 65 til 70 prosent på eitt år, og tida dei brukte på sosiale medium, som dei ifølje lovgjevinga altså ikkje er gamle nok til før dei fyller 13, gjekk opp frå 98 til 110 minuttar.

Den største voksteren finn vi likevel i den andre enden av aldersskalaen. Dei som er 80 år eller eldre, nær dobla internettbruken sin – frå 52 minuttar i 2024 til 94 minuttar i 2025. Og delen blant desse som brukar sosiale medium dagleg, gjekk frå 24 til 43 prosent på eitt år. Om dei ikkje er digitalt innfødde, ser fleire og fleire av dei eldste altså ut til å bli godt integrerte digitale innvandrarar.

Stabile tidsskrift

13 prosent av befolkninga les tidsskrift – fagtidsskrift, foreningsblad og liknande – på papir eller nett ein gjennomsnittsdag i 2025. (s. 140, hovudpunkt) Det er same nivå som dei siste åra.

I 1991 las 18 prosent eit papirtidsskrift dagleg. Sidan 2022 har det stabilisert seg på rundt 8 prosent – og ligg der framleis i 2025. Det ser ut til at nettlesing har teke over ein del av det papiret mista. 7 prosent las tidsskrift på nett i 2025, som året før.

Menn les meir tidsskrift enn kvinner: 16 prosent av menn mot 10 prosent av kvinner. Og det er dei eldre som les mest – 20 prosent av alle over 67 år les tidsskrift dagleg, mot berre 6 prosent av dei mellom 20 og 24 år.

Høgare utdanning heng saman med meir tidsskriftlesing: 15 prosent av dei med lang universitets- eller høgskuleutdanning les tidsskrift dagleg, mot 11 prosent av dei med berre grunnskule.

Meir å henta

Papiravisene er den store medietaparen. I 1991 las 84 prosent av befolkninga papiravis dagleg. I 2025 er det 15 prosent. Nettavislesinga veks, men totalt – papir og nett samla – les 67 prosent aviser ein gjennomsnittsdag.

Det finst veldig mykje meir innsikt å henta i den 191 sider lange rapporten, til dømes om kva sjangrar folk i ulike aldersgrupper helst les, kva som skjer med avislesinga, nyheitslesing på TikTok og korleis bruken av radio og podkast utviklar seg.

Heile rapporten er tilgjengeleg her.

Powered by Labrador CMS