Oppgjeret i offentleg sektor

Må stenga biblioteket om det blir streik

12 000 tilsette i kommunar og fylkeskommunar, og dessutan 2500 statstilsette, kan vera på veg ut i streik frå fredag. Ved Trondheim folkebibliotek blir 49 av dei 60 tilsette tekne ut i streik frå og med i morgon, om ikkje partane blir einige.

Streikeklare: IKT-bibliotekar Marit Terese Balstad og leiar Jannicke Røgler er to av 40 tilsette ved Trondheim folkebibliotek som er utpeikte til å streika om forhandlingane i lønsoppgjeret strandar i natt.
Publisert

Det er kamp mot klokka for å unngå storstreik i offentleg sektor. Tre meklingar går føre seg parallelt, alle med dei fire hovudsamanslutningane LO, YS, Unio og Akademikerne ved bordet: med KS, med Oslo kommune, og med staten ved Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

Hotell- og restaurantbransjen og reinhaldsbransjen streikar allereie, men ein streik i stat og kommune vil ramma det norske dagleglivet langt hardare, med stengde folkebibliotek som ein mogleg konsekvens.

Kan bli storstreik

Fristen er midnatt natt til fredag. Kjem ein ikkje i mål, bryt det ut storstreik fredag 29. mai, skriv Porten.no.

– Vi kan bli tekne ut i streik, fortel leiar Jannicke Røgler og IKT-bibliotekar Marit Terese Balstad ved Trondheim folkebibliotek.

Årets oppgjer er eit hoveudoppgjer, noko som betyr at det blir forhandla om både løn og andre delar av tariffavtalen, som arbeidstid, permisjonar og rettar. 

Resultatet av forhandlingane i årets lønsoppgjer vil sjølvsagt også påverka rammevilkåra for bibliotektilsette, understrekar dei to.

6 av 7 i leiargruppa

Veds Trondheim folkebibliotek er dei fleste tilsette fagorganiserte i tre ulike forbund som tilhøyrer ulike hovudorganisasjonar, LO, Unio og YS. 

– Alle tre har gjort eit stort uttak hos oss. Blir vi tekne ut i streik, må eg gå til direktøren og be om å få stenga, seier Røgler, som fortel at seks av sju i leiargruppa er blant dei som har fått streikevarsel.

Det vil vera umogleg å halda drifta oppe med dei 11 som blir att. Og meiropetilbodet vil også bli stengd, fortel Balstad og Røgler.

– Så då blir det eventuelt å gå streikevakt?

– Ja.

BF: – Stor avstand

Etter det Bok & bibliotek forstår er det ein reell fare for at forhandlingane ikkje fører fram før fristen går ut.

– Det er stor avstand mellom partane, og forhandlinga er krevjande, seier forbundsleiar Ola Eiksund i Bibliotekarforbundet.

Bibliotekarforbundet er del av hovudorganisasjonen Unio.

– Men vi håpar å finna løysingar for å unngå konflikt. 

Ifølge Porten.no rettar Unio uttaket sitt mot berre fem kommunar: Asker, Bamble, Sandnes, Tromsø og Trondheim, der totalt 2495 tilsette blir tekne ut.

I førre hovudoppgjer i 2024 braut Unio og Akademikerne meklinga, mellom anna for å redde avtalen sin – noko som førte til den første statsstreiken sidan 2012.

 

Powered by Labrador CMS