England:

Talet på bibliotektilsette nær halvert sidan 2010

Bemanninga i engelske folkebibliotek har falle med 47 prosent på femten år. Samstundes har meiropetilbodet eksplodert.

Stolt tradisjon forfell: Biletet viser delar av samlinga til Chetham's Library i Manchester. Med samanhengande drift i over 350 år er det Englands eldste offentlege bibliotek.
Publisert Sist oppdatert

Det britiske fagforbundet UNISON la fredag 13. mars fram rapporten Closing Chapters. Data frå engelske kommunar viser at bemanninga i biblioteka fall med 47 prosent mellom 2010 og 2025.

Biblioteka hadde 17 902 tilsette i 2010/11. I 2024/25 var det 9497 att, eit tap på 8406 årsverk, skriv Unison på heimesida si.

276 britiske bibliotek blei lagt ned og ikkje erstatta mellom 2010 og 2024, viser tal frå det britiske kulturdepartementet.

Meirope-satsing

Opningstimane fall frå over 3,5 millionar i 2010/11 til knapt 2,8 millionar i 2024/25, ein nedgang på 22 prosent. Dette skjer trass i ein dramatisk auke i meiropne bibliotektimar i same periode, frå 13 029 til 212 792.

Mykje meiropentid skapar barrierar for born, eldre og sårbare innbyggjarar. «Etter år med innsparingar er tenestene strekte og lokalsamfunn utan livsviktig støtte», skriv forbundet.

Bibliotektilsette gjer langt meir enn å låna ut bøker, understrekar UNISON. Dei gjev mellom anna leksehjelp, digital rettleiing og hjelp med søknader om stønad – tenester som ikkje kan drivast når biblioteka er ubemanna.

Rammar dei mest sårbare

2026 er utropt til leseår i Storbritannia. Talsperson for UNISON Mike Short finn det nedslåande å sjå korleis bibliotektilsette samstundes er strekte til brestepunktet.

– Stillingar er kutta og viktige tenester gått tapt på grunn av meir enn eit tiår med innsparingar i lokalforvaltninga. Den største belastninga har falle på sårbare innbyggjarar, mellom anna barn frå låginntektsfamiliar som er avhengige av biblioteka som trygge stader å læra og studera.

Kommunane med størst bemanningskutt i perioden er Sunderland (89 prosent), Walsall (83 prosent) og Sutton (79 prosent).

Mike Short oppmodar sentralstyresmaktene i Westminster om å gje kommunane midlar til å byggja opp att tenestene og redusera bruken av ubemanna bibliotek.

Powered by Labrador CMS