Storbybibliotekundersøkinga 2025

Sjeldant gode data om bibliotekbruk

Storbybibliotekundersøkinga 2025 inneheld både varme ord og harde fakta. Under lanseringsseminaret på Nasjonalbiblioteket i Oslo onsdag 27. mai gjekk godt knadde data om innbyggarane sin bruk av folkebibliotek hand i hand med kjærleikserklæringar til dei som jobbar der.

Prosjektleiar Øystein Reiersen.
Publisert Sist oppdatert

– Det er eigentleg ei løgn, seier prosjektleiar Øystein Reiersen frå Bærum bibliotek. Han står på scena til Nasjonalbiblioteket i Drammensveien og viser eit lysbilete over pengebruken til Storbybibliotekundersøkinga 2025. Ifølgje budsjettabellen har deltakarbiblioteka frå Bergen, Kristiansand, Oslo, Stavanger, Trondheim, Tromsø, Bærum, Drammen og Lillestrøm spytta kvar sine 5 prosent av ei stilling inn i prosjektet. For dette er dei blitt kompensert med til saman 450 000 kroner.

Fakta

  • Storbybibliotekundersøkinga 2025 er den tredje i rekkja (etter 2007 og 2015) og er utført av OsloMet på oppdrag frå storbybiblioteka, med støtte frå NB. Ni byar har vore med: Bergen, Bærum, Drammen, Kristiansand, Lillestrøm, Oslo, Stavanger, Tromsø og Trondheim – mot seks i 2015.

  • Den nye undersøkinga kombinerer spørjeskjema, intervju med fokusgrupper og tverrgåande trafikkteljing. Metoden er utvida og endra. Resultata kan difor ikkje samanliknast direkte med dei tidlegare undersøkingane.

  • Utlån og levering av bøker er framleis den mest brukte tenesta i alle biblioteka, men studieplassar og arrangement skårar også høgt.

  • Møteplassfunksjonen står sentralt. Trafikkteljingane viser at om lag halvparten av brukarane er på biblioteket saman med andre, og særleg yngre legg vekt på gode stader å slappa av.

  • Over 95 prosent oppgir at dei er nøgde eller svært nøgde med bibliotektilbodet samla sett.

Skal vi tru Reiersen (og det ser eg ingen grunn til at vi ikkje skal, for han verkar både grundig og uvanleg ærleg – som når han fortel om korleis det har vore «forferdeleg tungt» med alle Teams-møta, men naudsynt på grunn av den geografiske spreiinga), er den femprosenten rein fiksjon. Innsatsen til Elsa Margrete Rasmussen (Bergen offentlige bibliotek), Marianne Tveterås (Bærum bibliotek), Anja Mulder Røste (Drammensbiblioteket), David Alfsen (Kristiansand folkebibliotek), Henning Mongstad og Anett Kristin Kolstad (Lillestrømbibliotekene), Ragnhild Elisabeth Holgersen (Deichman), Håkon Hestvik (Sølvberget), Synnøve Baustad (Tromsø bibliotek), Marit Terese Balstad og Jannicke Røgler (Trondheim) har vore mykje større.

Dette har gjeve resultat. Først i form av store sett med sterke data samla inn med tre ulike metodar: trafikkteljingar, brukarundersøkingar og fokusgrupper. Deretter gjennom talknusing, ordbearbeiding og utvikling av fem brukarprofilar (familiebrukaren, studenten, arrangementsbrukaren, stovebrukaren og lånaren – ser du dei for deg?) av forskarar ved OsloMet.

Kva fann dei?

Rapporten Storbybibliotekundersøkelsen 2025 – Hvem er de, hva gjør de og hvorfor kommer de på biblioteket? kan lastast ned og lesast her.

Dei  107 sidene er skrivne av ei forskargruppe frå OsloMet beståande av Heidi Kristin Olsen, Sunniva Evjen, Pål Csaszni Halvorsen, Maria Reinholdt Jensen, Birgit Kvikne, Michael Preminger og Kim Tallerås.

Hovudforfattar: Førsteamanuensis Heidi Kristin Olsen frå Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsstudier ved OsloMet på scena under lanseringsseminraet på NB 27. mai.

Om du les rapporten, ser du kva dei fann. Jau, det kjem nokre høgdepunkt lenger nede i denne teksten, men ta for alle del jobben med å lesa heile sjølv. Lag studiegrupper og internseminar med kollegaer. Legg deg det på hjarta og grund på det. For breiare, rikare, betre kvalitetssikra og grundigare handsama data om innbyggarane sin bruk av norske folkebibliotek finst ikkje.

«Ja, men Deichman har hundrevis av tilsette, eg er berre meg i 60 % stilling», tenkjer du kanskje.

Det er ei relevant innvending. Men eg vågar likevel å påstå at du vil ha glede av å lesa denne rapporten. Den bidreg med felles innsikt, språk og referanseramme for alle som lagar bibliotektenester til folk flest.

Dessutan er det utvikla både eit nytt og omfattande spørjeskjema og ein app for systematiske trafikkteljingar som ein del av Storbyundersøkinga 2025, noko som gjev eit godt grunnlag for nye undersøkingar, både i storbybibliotek og i mindre bibliotek. I god bibliotekånd vil dette bli gjort tilgjengeleg for alle som måtte ønskja å veta meir om brukarane i sitt bibliotek eller sin region.

Ja, men kva fann dei?

Dei fann ingenting som overraskar den som veit litt om bibliotek: Den tradisjonelle bibliotekbruken står veldig sterkt. Folk er lenge i biblioteka. Biblioteka er for dårlege til å marknadsføra både det fysiske og det digitale tilbodet sitt. Funksjonane som møteplass og som arena for offentleg samtale og debatt er blitt veldig viktig, og konkurrerande bruk av lokala (ro og konsentrasjon kontra arrangement og baluba) er problematisk.

1 % er misfornøgde. 95 % er fornøgde eller svært fornøgde. 95 prosent. Nittifem prosent!

Spørjeundersøkinga fekk 10 031 svar. Eldre og kvinner er overrepresenterte blant respondentane, men dei er òg overrepresenterte blant brukarane (ifølgje SSB-data presentert av Kim Tallerås).

Lillestrøm klarte å få litt fleire unge til å svara, Bærum litt færre.

Eit stort problem ved undersøkinga er at fleire innvandrarar som freista å svara, måtte gje opp på grunn av språkbarrieren. Det er grunn til å tru at svara hadde vore litt annleis om fleire frå denne kjernebrukargruppa hadde respondert.

Innvandrarane kjem mest frå Norden, så Europa og deretter resten av verda. Dei svarar, som alle andre, at det viktigaste er at biblioteket er gratis. Elles dreg dei fram som viktig kort veg, stort bok- og medieutval, lange opningstider gode stadar å sitta. Mange legg òg stor vekt på meiropetilbod, gode arbeidsplassar og tilsette med høg kompetanse.

Tendensar

  • Brukarane er like lenge på biblioteket som før – det viser både eigenrapportering frå spørjeskjema og trafikkteljingane.

  • Kultur- og debattarrangement har blitt viktige for ein stor del av respondentane.

  • Møteplassfunksjonen er sentral. Trafikkteljingar viser at rundt halvparten av brukarane i biblioteket er der saman med andre. For mange, særleg yngre, er det viktig at biblioteket tilbyr gode stadar å sitta og slappa av.

  • Filialar og hovudbibliotek blir brukte litt ulikt. Brukarane er lenger på hovudbiblioteka, medan filialane blir brukte oftare av familiar og dei som låner og leverer bøker.

  • Meirope bibliotek blir brukt jamt over heile veka, men stort sett av dei som allereie brukar det fysiske biblioteket, og særleg til arbeids- og studieføremål.

  • Over 95 prosent seier dei er nøgde eller svært nøgde med bibliotektilbodet totalt sett.

Kjelde: Storbybibliotekundersøkinga 2015

Over halvparten av desse brukarane svarar at biblioteket er viktig eller svært viktig for å ha det bra.

Og trafikkteljingane, med 894 teljerundar på tvers av 20 bibliotek, med 38 270 enkeltførekomstar av brukarar fordelte på soner og aktivitetar, gjev nøytral innsikt på tvers av alle brukargrupper.

80 % låner og leverer. Over 30 % er på arrangement.

Det vi snakkar lite om, men som er veldig viktig for lånarane

Ein ting dukka opp igjen og igjen i samtalene med dei 57 deltakarane i dei ni fokusgruppene som leverte kvalitative data til undersøkinga, ein ting som, slik skrivaren forstod det, ikkje blei spurd direkte om av dei som gjennomførte intervjua, men som bibliotekbrukarane sjølve tok opp fordi det låg dei på hjarta: Dei bibliotektilsette er superviktige for folk.

Kapittel 4.3.4 i rapporten, som handlar om dette, startar så fint at vi unner oss to heile avsnitt:

Brukerne beskriver bibliotekaren som en profesjonell nøkkelperson, en faglig kurator som tilbyr kvalitet og oversikt. Bibliotekarrollen blir ansett bredere enn før, men forventningen er den samme: at kjerneoppgaver som kuratering, formidling og veiledning prioriteres: «Det er godt å få innspill … faglig veiledning […] Hva burde jeg lese nå?» Det er tydelig at det ikke bare er biblioteket som møteplass og bibliotekets innhold som er verdifullt for brukerne, men også bibliotekaren: «Jeg digget utvalget hennes. Når jeg tenker tilbake på det? Fy søren, hun var … med det budsjettet hun hadde … hun var så flink.»

Mange vektlegger betydningen av faglig vurdering: «Det er noen fagfolk som kuraterer og legger til rette, ikke sant […]. Biblioteket skal være snobbete.» Deltakeren understreker at hen mener snobbete i betydningen kvalitet. Tematiske grep i bibliotekrommet gjør det lettere å oppdage nytt: «Det er en kjempeviktig bit, de utstillingene.» Tilliten til bibliotekarenes formidling går igjen: «Formidlingsevne er jo kjempeviktig. Formidlingen er vel så viktig som det er jo bare å ha bøker på plass», sier en. En annen verdsetter tillit: «Jeg stoler på bibliotekarene … barnet mitt skulle i begravelse – de fant riktig bok.»

Ein av respondentane sa det ganske enkelt sånn: «Jeg elsker de folkene som jobber her.»

Dessutan er folk litt like

Eit stort fleirtal av dei som brukar folkebiblioteka, passar inn i fem tydelege brukarprofilar.

– Dette er eit analytisk verktøy, forklarte stipendiat ved OsloMet Maria Reinholdt Jensen. Ho har hatt hovudjobben med å konstruera brukartypane på bakgrunn av svara i spørjeskjemaundersøkinga.

– Målet er nettopp stereotypiske brukarar, sa ho då ho presenterte desse fem: 

  1. Familiebrukaren brukar biblioteket saman med born i fritida.

  2. Lånaren er brukaren som berre låner og leverer bøker.

  3. Stovebrukaren les aviser, tidsskrift og bøker i biblioteket. Dei som svarar at dei brukar arrangement og er med ungar, er ikkje inkluderte i denne gruppa.

  4. Arrangementsbrukaren har kryssa av for at arrangement som noko av det viktigaste.

  5. Studenten er dei som har svart at dei brukar biblioteket til å jobba eller studera.

Dei langt fleste høyrer berre heime i ein profil, forklarte Jensen. Og berre 13 % av brukarane let seg ikkje passa motstandslaust inn i ein av dei fem. Berre tre prosent tikka av tre av boksane.

Dei fem er også forankra i tidelgare studiar, funna i den førre undersøkinga gjennomført av Storbybiblioteka i 2015, og fokusgruppeintervjua.

Panelsamtalen

– Kva overraska dykk mest? spurde biblioteksjef i Trondheim Jannicke Røgler då ho modererte ein panelsamtale med seniorrådgjevar ved Fylkesbiblioteket i Innlandet Øystein Stabell, NB-direktør Grete Stuevold Madsbakken, leiar i Norsk bibliotekforening Helene Voldner og biblioteksjef i Drammen Jørgen Hovde.

Stabell sa han visste folk likte biblioteka.

– Men det er litt overraskande at folk seier dei elskar oss.

Han nytta høvet til å sjå tilbake på undersøkingane frå 2007 og 2015.

– Det har skjedd ei enorm utvikling. I 2007 såg filialane i Oslo triste og traurige ut, og i 2015 var det 3 prosent som gjekk på arrangement.

No er biblioteka i Oslo blitt skikkeleg fine og det over 30 prosent som nyttar seg av debatt- og kulturarrangement, poengterte han.

Panelet: Jannicke Røgler (moderator), Jørgen Hovde, Helene Voldner, Grete Stuevold Madsbakken og Øystein Stabell.

Madsbakken var litt overraska over at så mange arrangementsbrukarar kjem åleine. Som fleire andre hadde ho òg festa seg ved at folk etterspør meir informasjon.

– Sjølv garva bibliotekbrukarar veit ikkje kva som finst av tenester, sa ho, men understreka også at folkebiblioteka har følgt skikkeleg godt med i tida og utvikla gode rom.

Eg skulle gjerne høyrt meir om kva vi ikkje gjer så bra.

Jørgen Hovde

Helene Voldner sakna respondentar frå «dei som vi meiner folkebiblioteka er mest for». Det var til dømes få av dei som svarte, som sa at det var viktig å få hjelp til å fylla ut offentlege papir og skriva søknadar og sånt, men erfaringsmessig er det stort behov for dette.

– Ungdomane som berre heng, og dei som er svake både digitalt og språkleg, fekk vi ikkje fanga godt nok opp i denne undersøkinga.

– Statistikken er med på å underbygga eit narrativ som vi må kunna fortelja for å jobba for ressursar og mandat, sa ho og drog fram at undersøkinga viser tydeleg kva dagens bibliotek er.

– Eg skulle gjerne høyrt meir om kva vi ikkje gjer så bra, sa Jørgen Hovde og fortalde om innvandrarar han hadde snakka med i Drammen som ikkje forstod undersøkinga på norsk.

Hovde var også oppteken av å få fram det store potensialet som ligg i å kopla desse dataa til andre undersøkingar frå heilt andre kontekstar.

Samtaleleiar Røgler oppsummerte det heile med å oppfordra Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag ved OsloMet (ABI) om å få fram masse doktorgrader, masteroppgåver og forsking på det viktige datagrunnlaget vi har fått no.

Det aller viktigaste

Førsteamanuensis ved ABI Sunniva Evjen tjuvstarta litt på jobben Røgler bad om. Ho samanlikna og trekte linjer mellom dagens undersøking og dei frå 2007 og 2015.

Det viktigaste var innsikta om at det tradisjonelle bibliotektilbodet er minst like viktig som før.

– Om vi blei overraska over noko, så var det akkurat dette, sa ho.

Sjefen hennar, instituttleiar Kim Tallerås, sa det slik litt tidlegare på dagen:

Den tradisjonelle bruken av biblioteket står kjempesterkt. Ikkje kødd med det! Folk er veldig opptekne av at samlinga er god.

Kim Tallerås

– Den tradisjonelle bruken av biblioteket står kjempesterkt. Ikkje kødd med det! Folk er veldig opptekne av at samlinga er god.

Evjen drog også fram at det på kort tid har etablert seg ei forståing av arrangement som ein integrert del av folkebiblioteka sitt tilbod. Denne delen av tilbodet veks dessutan framleis. Og behovet for fysiske møtestadar er minst like viktig i dag som tidlegare.

Men det aller viktigaste er at det er gratis. 

Ein sa det sånn: «Altså … Jeg har vaka inn og ut av fattigdom hele livet … da merker man hvor forsvinnende lite som finnes i samfunnet, som man kan gjøre uten penger». 

Men folkebiblioteka er altså eit unnatak.

Arrangementet blei strøymt og ligg tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket si nettside fram til onsdag 10. juni 2026.


Powered by Labrador CMS