Bok & bibliotek får pris for språk og formidling

Bok & bibliotek er tildelt Norsk tidsskriftforening sin pris for språk og formidling, ein underkategori av prisen Årets tidsskrift. «Tekstane er relevante langt utover eigen sektor», meiner juryen.

Stolt og glad: Redaktør Arne Olav Hageberg
Publisert Sist oppdatert

Prisen blir delt ut 21. mai i samband med Tidsskriftdagen 2026 på Litteraturhuset i Oslo.  

«Å skrive enkelt og rett fram om samansette tema er ikkje lett, men Bok & bibliotek klarer balansegangen; tidsskriftet er godt redigert, men utan å miste humoren, eigenarten og nerven til dei ulike skribentane», skriv juryen, og held fram: «Tekstane er relevante langt utover eigen sektor, og under overflata boblar det eit djupt engasjement for biblioteket som institusjon. Årets vinnar av prisen for språk og formidling viser i praksis at godt språk ikkje berre er til pynt, men at det er heilt grunnleggande for å sikre eit ope, inkluderande og opplyst ordskifte.»

Takk til alle som bidreg med relevante, engasjerte og eigenarta tekstar til tidsskriftet!

Om prisen

I juryen som har likt språket vårt og måten vi formidlar på, sit skribent og kritikar Andreas Wiese, grafisk formgjevar og illustratør Maria Astrup, forskar ved Nasjonalbiblioteket Trond Haugen og sakprosaredaktør i Skald forlag Janne Nygaard.

Prisen blir delt ut av Norsk tidsskriftforening, med støtte frå Norsk Journalistlag, Kulturrådet og Edda Presse AS.

Dette er 20. gong det blir delt ut prisar i konkurransen Årets tidsskrift. Hovudprisen i år går til Tidsskrift for Den norske legeforening for imponerande kvalitet og innhald. The Vessel får pris for god design og layout, og BLA Bokvennen Litterær Avis får prisen Årets rugekasse for å ruga fram nye stemmer og tema. 

Nokre tidlegare vinnarar av prisen for språk og formidling er CAS – Contemporary Art Stavanger, Michael medisinsk tidsskrift, Arr – idéhistorisk tidsskrift og teikneserietidsskriftet Empirix.

Bli med på tidsskriftdagen!

Prisane blir delt ut kl. 18:00 på Litteraturhuset i Oslo i samband med Tidsskriftdagen 2026.

Tidsskriftdagen er open for alle som vil vera med. Du finn program og ordnar påmelding her. Nasjonslbibliotekar Åse Wetås, sosiologiprofessor Jan Grue, leseforskar Kari Spjeldnæs og musikar Tuva Syvertsen er blant bidragsytarane.

Fagdelen frå klokka 12 og prisutdelinga klokka 18 er gratis. Mot ei lita betaling for maten, kan du òg bli med å feira Bok & bibliotek og dei andre vinnarane utover kvelden.

Klikk her for å bli abonnent.

Klikk her for å gå til nettbutikken der du kan kjøpa tidlegare papirutgåver. 

Klikk her for å abonnera på nyheitsbrevet vårt. 

Powered by Labrador CMS