Vil stoppa KI på Kulturfond

KI-genererte illustrasjonar i barnebøker bør diskvalifisera for innkjøp. Det meiner utvalet som vurderer skjønnlitteratur for born og unge. No ber dei Kulturrådet om oppdaterte retningsliner.

Brot i serien: Unni Lindell sin barnebokserie Frøken Snushane fekk mykje omtale då forlaget Bonnier valde å erstatta illustratør Odin Helgheim sin strek frå bok ein (til venstre) med ein KI-illustrasjon på bok to. Bok ein blei innkjøpt av ordninga for ny norsk skjønnlitteratur for born- og unge. Bok to er ikkje innkjøpt.
Publisert Sist oppdatert

Utvalet har møtt fleire tilfelle av bøker med KI-skapte illustrasjonar i 2024, og tendensen har auka gjennom 2025 og inn i 2026. Utvalsleiar Morten Olsen Haugen er klar på kva som er i spel.

«Vi er opptatt av at KI er en reell konkurrent til kunstneriske yrker. Det er yrker som skal fremmes gjennom Kulturrådets virksomhet», seier han til periskop.no.

Har avslått fleire

Utvalet tilrår at Kulturrådet endrar retningslinjene for innkjøpsordninga slik at bøker skapt med bidrag frå KI-modellar ikkje kan kjøpast inn. Haugen stadfestar at dei allereie har avslått titlar på grunn av KI-genererte illustrasjonar.

Les meir i Bok & bibliotek 2/2026

På side 18 i den heilt ferske papir- og e-tidsskriftutgåva av Bok & bibliotek, uttalar Marie Alming frå Deichman, Kristin Lande frå Biblioteksentralen og Kjersti Eide Hatland frå Bergen Offentlige Bibliotek seg om behovet for felles KI-retningslinjer for bokbransjen.

Klikk her for å lesa e-tidsskriftet.

«Vi nå ser mer enn glossy illustrasjoner av typen søte dyr i fargesterke landskap. Vi ser også neddempede omslag for eksempel med imitert kullstift», seier Haugen.

Så langt har utvalget dekning for avslaga i dagens retningsliner, som krev tilstrekkeleg kunstnarleg, språkleg og handverksmessig kvalitet. Men dette er ikkje nødvendigvis nok når KI-genererte bilete brer om seg i fleire stilartar og teknologien utviklar seg, skriv Periskop.

Ønskjer økonomiske konsekvensar

«Vi ønsker oss at forlagene allerede ved påmelding må krysse av for at boka ikke er et KI-skapt verk. Dersom vi ikke skulle oppdage bruken av KI, og det kommer fram i ettertid, foreslår vi at forlagene skal måtte betale tilbake innkjøpsbeløpet», seier Haugen.

KI-illustrasjonar førekjem langt oftare i den selektive ordninga, der utvalet behandlar bøker frå småforlag og eigenutgjevarar, enn i den automatiske ordninga, der dei fleste etablerte forlaga deltek.

Rådet: – Følger nøye med

Leiar i Kulturrådet Kristian Seltun varslar at dei vil følgja opp tilrådingane.

«Kulturrådet er opptatt av ulike måter KI virker inn på, og følger nøye med på det. Bruk av KI i kunst og kultur er et sammensatt tema som det tar tid å sette seg inn i. Det er viktig at vi har dialog med kulturfeltet, og at vi ikke forhaster endringer i våre tilskuddsordninger», seier han.

Også i fjorårets rapport ba utvalget om endringar i retningslinene, men utan at noko har skjedd så langt.

 

Powered by Labrador CMS