ordskifte
Leiarartikkel i Bok & bibliotek 4/26
Lånarane er ikkje dumme sauar
Kva er det lånarane ser som dei som jobbar i bibliotek ikkje ser?
Ein mann kjem inn i eit bibliotek:
– Denne boka er farleg! Den må ikkje lånast ut!
Sjå for deg at du spring fram frå bak skranken, kastar deg rundt halsen på han og seier: «Takk! Takk for at du bryr deg! Takk for at du meiner jobben min og institusjonen eg representerer, er viktig!»
Om mannen (etter å ha henta seg inn etter den uventa omfamninga) høyrest ut til å vilja halda fram, kan du visa til punkt seks i dei yrkesetiske retningslinjene for bibliotekarar; du er forplikta til å opptre med profesjonell uavhengigheit i situasjonar der enkeltpersonar, grupper eller organisasjonar, internt eller eksternt, gjev uttrykk for synspunkt som kan hindra fri meiningsdanning og ytringsfridom. Pressa deg kan han altså ikkje. Men han kan gje deg innsikt. Du jobbar jo i bibliotek, så kunnskap er brød og smør for deg. Kva er det mannen ser som du ikkje ser?
Sjølvsagt spelar motivet hans ei viss rolle. Nokon åtvarar mot bøker eller arrangement fordi dei ønskjer å skapa det dei ser som eit godt oppvekstmiljø for ungar. Andre brukar tema dei veit skapar kontrovers, for å splitta med mål om å herska. Det siste kan sjølvsagt ikkje aksepterast. Men hos dei aller fleste er engasjementet bore av omsorg for samfunnsutviklinga.
Look to Arendal
Arendal-saka sprakk 9. desember for snart to år sidan fordi skulebibliotekar Marit Sagen-Solheim gjorde godt bibliotekarbeid. Då skulesjefen anbefalte og rektor sa ho skulle fjerna Gender Queer frå hylla på Roligheden skole, sette ho kaffien i halsen og tenkte «[vi kan ikke] ta ut en bok av samlingen på den måten» (Aftenposten 10.12.2024). Deretter søkte ho råd frå kollegaer via Facebook-gruppa «Skolebibliotekarer i Norge», fekk massiv støtte for at slik innblanding frå skuleleiinga ikkje var greitt, og sette etter nokså kort tid boka tilbake på hylla.
Om alle frå og med i morgon gjer jobben sin, er vi kvitt sjølvsensuren. Då står vi att med ein liten rest ekte sensur. Den møter vi med Grunnlova og yrkesetikken.
Arendal-saka er altså ikkje så skremmande. Den er veldig inspirerande.
Kanskje henta mora som klaga på Gender Queer, inspirasjon frå USA. Verda blir jo mindre, så vegen er kort til å mima (for ikkje å seia mema) etter folk i andre land. Men inspirasjon eller ikkje: Mora si bekymring for det seksualiserte innhaldet i boka var rimeleg med tanke på at den stod på eit skulebibliotek for 1. til 10. trinn.
Men tydelegvis er ikkje alle bibliotekarar like flinke som Sagen-Solheim var. I alle fall ikkje heile tida.
Sjølvsensur
I masteravhandlinga si finn skulebibliotekaren Bendik Løve at fleire enn ein av sju bibliotekarar i skulebibliotek har gjort bøker mindre tilgjengelege etter klager. I folkebiblioteka og i vidaregåande skule er talet nærare ein av tjue. Ein fersk rapport frå Norsk bibliotekforening finn liknande, men litt lågare tal.
Der kan vi òg lesa at grunngjevinga for å fjerna bøker sjeldan handlar om direkte press utanfrå, men oftare om vurderingar knytte til kvalitet, målgruppeomsyn, sikkerheit eller ønsket om å unngå konfliktfylte situasjonar.
– Det gjer ikkje noko at det er engasjement blant publikum. Det som er viktig, er om engasjementet fører til sjølvsensur, seier Løve i intervjuet eg gjorde med han om funna i oppgåva.
I rolla som bibliotekar er det ikkje rom for å vera krenkbar eller veik. Heldigvis treng ein heller ikkje å vera noko overmenneske, for bibliotekaren som nektar å bøya seg for press, står trygt på alle lovar og reglar – heilt ned til Grunnlova.
Men på same grunn står den som klagar på bøker, arrangement og samling! Og her er vi ved ein kjerne: I biblioteka heiar vi på frie ytringar. Samstundes er lånarklager rett som det er velgrunna og til hjelp for bibliotekarar som vil sjå fleire nyansar. Sjølvsagt er dei det. Fleire hovud tenker alltid betre enn eitt, og lånarane er ikkje dumme sauar.
Meiningsbryting
I avhandlinga si skriv Bendik Løve om såkalla mikrosensur, at bøker blir gøymde, flytta, snudde, øydelagde, stolne eller kasta. Heller ikkje dette kler termen «sensur», meiner eg. Kall det sivil ulydnad og hærverk. Meld det til politiet og gå vidare. Eller betre: Inviter lovbrytaren til å fortelja om terrenget denne kjenner godt, og be vedkomande peika på kvite hol i bibliotekkartet.
På side 86 i bok & bibliotek 4/2026 argumenterer Sindre S. Opsahl for at biblioteka òg må vera for dei som opplever at tidsånda har bevega seg vekk frå deira verdiar. «Hvis de offentlige bibliotekene, finansiert av fellesskapet, gradvis velger side i kulturkampen under en ferniss av ‘inkludering’, risikerer de å miste sin viktigste kapital: tilliten fra hele befolkningen», skriv bibliotekaren.
Juristen Anine Kierulf formulerer seg slik i kronikken «Sensur? Eller for tidlig sur?» i Dagens Næringsliv 10. oktober: «Poenget med ytringsfrihet er å muliggjøre sannhetssøken, demokrati og meningsdannelse. Alt dette forutsetter meningsbrytning: At ulike ideer brytes mot hverandre. Skal man få til dét, kan man ikke bare rope høyest om det man selv synes er viktigst – man må også gjøre en innsats for å få andre stemmer på banen, fortrinnsvis de man selv er uenig med. Ellers blir det jo ingen brytning, bare ensartede rop i skogen. Ingen sannhetssøken, bare flere som sier det man selv alt (tror man) vet.»
Ein del av mikrosensuren vil truleg forsvinna den dagen vi har gjort biblioteka endå meir mangfaldige. Og om alle frå og med i morgon gjer jobben sin, er vi også kvitt sjølvsensuren. Då står vi att med ein liten rest ekte sensur. Den møter vi med Grunnlova og yrkesetikken.
Men det er ikkje dermed sagt at det er enkelt. Ingen av oss strekk til.
Eit rom utan fast volum
Biblioteksjef i Drammen Jørgen Hovde skreiv tidlegare i haust at han saknar ein breiare diskusjon om korleis biblioteka skal handtera avvegingar om kva som skal stå på hylla. Eg er einig. Vi kan for lite om ytringsfridom alle saman. Og vi blir aldri utlærte.
Vi har publisert heile foredraget som Baiba Ïvàne heldt for 300 bibliotekleiarar på Nasjonalbiblioteket si årlege samling for slike 14. oktober. Konferansetemaet «Lesing er beredskap» stod nær sagt og dirra då den latviske bibliotekaren argumenterte for at biblioteka bør forkasta nøytralitetstanken og bygga ein felles vestleg front mot aggressoren Russland som følge av den pågåande fullskalainvasjonen av Ukraina.
Veggane i ytringsrommet endrar seg heile tida, etter tid, stad, ideal og politisk vind, og ingen av oss strekk til. Men når vi kjem til kort, er det avgjerande at vi tek ansvaret sjølve og ikkje legg det over på andre, til dømes lånarane som bryr seg.
Dei fortener heller ein klem.
Bidra til ordskiftet!
Har du meningar eller refleksjonar rundt tematikken? Send dei til post@bokogbibliotek.no.