Forsøk på negativ påverknad
Sjølvsensuren er størst i grunnskulen
Nesten halvparten av bibliotekarane har opplevd at bøker blir gøymde, snudde eller øydelagde med vilje. Det viser ei ny masteroppgåve om ulike former for sensur i norske bibliotek. Ein fersk rapport frå Norsk bibliotekforening finn mykje av det same.
Bendik Løve er skulebibliotekar i Bærum kommune. I juni leverte han masteroppgåva Amerikanske tilstander? Sensur og selvsensur i norske folke- og skolebibliotek ved OsloMet.
Grunnlaget er ei spørjeundersøking frå våren 2025 og intervju med seks bibliotekarar. 579 folke- og skulebibliotekarar frå heile landet svarte på undersøkinga.
Det hender
Det er heldigvis langt mellom dei klare sensursakene her til lands, noko også oppgåva til Bendik Løve viser. Men han fann eitt tydeleg døme på det han sjølv kallar klassisk sensur. Det kan du lesa meir om mot slutten av denne saka.
– I føreordet til oppgåva skriv du at den er meint som både eit varsku, ei temperaturmåling og eit utgangspunkt for diskusjon.
– Talgrunnlaget viser at det går føre seg former for sensur i norske bibliotek. Så varskuet er at vi ikkje skal gå rundt og tenka at vi er skåna for denne problematikken. Sjølv om samfunnet vårt er skrudd annleis saman enn andre land vi kan samanlikna oss med, og førekomsten er mykje mindre, er det ikkje sånn at dette ikkje hender her, seier Løve til Bok & bibliotek.
Bøker om kjønn og sex forsvinn
Det mest utbreidde fenomenet Løva avdekker i oppgåva si, er det skulebibliotekar Siv Christine Bjørang Jørstad kalla «mikrosensur» i eit debattinnlegg i Bok & bibliotek i fjor: Bøker blir gøymde, flytta, snudde, øydelagde, stolne eller kasta.
43,7 prosent av bibliotekarane svarar at dei har opplevd dette. Det gjeld i like stor grad folkebibliotek og skulebibliotek på ungdomsskular og vidaregåande skular. Berre barneskulane ligg noko lågare.
Nesten halvparten av tilfella gjeld bøker med LHBT+-tematikk. Deretter følger sex og samliv, religion og politikk. Fritekstsvara i undersøkinga gjev døme. Ungdomsbøker med to gutar som kyssar på omslaget blir stadig snudde i hylla. Ei pridebok for ungdom blei funnen gøymd bak krimbøkene, og ein lånar skal ha stole og øydelagt rundt hundre bøker om islam. Eit folkebibliotek på Austlandet fann bøker om Russland øydelagde i søppelkassa utanfor biblioteket etter invasjonen av Ukraina.
Skrankesamtalar
Verbalt press utanfrå råkar først og fremst folkebiblioteka. 58 prosent av folkebibliotekarane har fått klager på innhaldet i samlinga, mot 21 prosent av bibliotekarane i vidaregåande skule. Om lag kvar fjerde folkebibliotekar (27 prosent) har opplevd det Løve, med eit omgrep henta frå det svenske fagforbundet DIK sine undersøkingar av ytringsklimaet i biblioteka der til lands, kallar utilbørleg påverknad: reaksjonar som blir opplevde som undergravande, beordrande eller trugande. I skulebiblioteka har berre mellom 5 og 7 prosent av dei tilsette opplevd dette.
Talet for folkebiblioteka ligg altså nær det svenske nivået på 30 prosent. Men der svenske bibliotekarar ofte opplever at presset kjem frå politikarar (og då især frå Sverigedemokraterna), kjem nær alt presset i Norge frå publikum, interessegrupper og foreldre. Berre litt over éin prosent av folkebibliotekarane har opplevd utilbørleg påverknad frå politikarar.
Det same finn Norsk bibliotekforening i si ferske undersøkinga av forsøk på negativ påverknad knytt til samlingar, utstillingar, arrangement og aktivitetar i bibliotek. Der seier 93,5 % av dei som har opplevd klage, protest eller sabotasjehandling at denne kom frå brukar, lånar eller enkeltperson. Vi kjem tilbake til NBF-undersøkinga lenger nede i denne saka.
– Den typen klager, det er jo på ein måte forgylte augneblinkar, det er dialog – eller høve til dialog – og det er engasjement. Kva tenker du om alternativet, at folk ikkje hadde engasjert seg for innhaldet i biblioteket?
– Det tenker eg er ei riktig forståing. Det gjer ikkje noko at det er engasjement blant publikum. Det som er viktig her, er om det engasjementet fører til sjølvsensur, seier Løve.
Undersøkinga hans viser at svært få gjev etter. Berre 11 av dei 579 respondentane i oppgåva hans rapporterer om situasjonar der biblioteket har bøygd av for press.
Grunnskulen gjev oftast etter
Og det er nettopp sjølvsensuren som er hovudfunnet i oppgåva. Denne er størst der presset utanfrå er minst, i skulebiblioteka i grunnskulen.
15,3 prosent av barneskulebibliotekarane har plassert bøker i magasin eller på anna vis gjort dei mindre tilgjengelege etter klager. I folkebiblioteka og i vidaregåande skule er talet under seks prosent. Bibliotekarane i barne- og ungdomsskulen har også oftast late vera å kjøpa inn bøker av frykt for reaksjonar, og oftast kassert bøker etter klager. I vidaregåande skule har ingen av dei 101 som svarte, kassert bøker av den grunnen.
Grunnskulebibliotekarane har også dei mest restriktive haldningane når dei blir spurde om kva slags bøker som bør finnast i biblioteket. Løve peikar på fleire mogelege forklaringar: Berre 12 prosent av barneskulebibliotekarane i undersøkinga har bibliotekfagleg utdanning, mot over 75 prosent i folkebiblioteka og den vidaregåande skulen. Stillingane er små, mange jobbar åleine, og øvste leiar er ein rektor med pedagogikk, ikkje bibliotek, som fagfelt.
Uroa av Trond-Viggo
Fleire av informantane fortel om lærarar som grip inn for å påverka bokval. Informanten «Dagrun» jobbar i eit kombinasjonsbibliotek og fortel at lærarar no og då har gripe inn og avgrensa kva bøker ho formidlar av omsyn til borna sitt modningsnivå. Ein gong fekk ho spørsmål om ho kunne slutta å formidla Trond-Viggo Torgersen si bok Kroppen aktivt. Læraren fekk ikkje ro i klasserommet etter at nokre elevar hadde den med dit.
Ein annan gong skulle ho presentera ei bok om homofili for ein klasse, men let vera då læraren møtte blikket hennar og rista på hovudet. Ho er sitert på side 79 i oppgåva: «Det var jo ikke fordi læreren er homofob. Det er fordi hun opplevde at det ville bli for vanskelig i den klassen. Lærerne forklarer slike ting med at det vil ødelegge for undervisningen resten av dagen eller at de ikke har overskudd til å jobbe med det. Det er kanskje greit for meg å presentere boka, men når jeg er ferdig har jeg ikke elevene lenger, da er det lærerne som tar over. Det er veldig synd at det er sånn.»
Ein annan fortel om ein lærar på sjuande trinn som ikkje ville ha Arne Svingens Et hundeliv fordi hovudpersonen er narkoman, eller Maja Lundes Snøsøsteren fordi ho meinte boka handla om sjølvmord.
Den gode sjølvsensuren
Samtidig meiner Løve at ikkje all sjølvsensur er negativ. Han skil mellom sjølvsensur som vernar ein sjølv, og sjølvsensur som vernar andre.
– Du kan også sjå sjølvsensur som noko positiv, og det tenker eg kan gjelda for mykje av den sjølvsensuren som går føre seg i skulebiblioteka. For biblioteka skal jo vera alderstilpassa, og det er ikkje sånn at alt materialet nødvendigvis passar for alle aldersgrupper, seier han.
Men, påpeikar han, det å skulla skåna born og unge blir ofte brukt som argument for å driva sensur og fjerna bøker, slik vi ser i mange amerikanske folke- og skulebibliotek.
– Intensjonen bak sensuren eller sjølvsensuren er veldig viktig.
Mange av bibliotekarane som har teke del i studien hans ønsker å skåna brukarane sine for det dei oppfattar som skadeleg materiale. Så sjølvsensur handlar ikkje nødvendigvis alltid om frykt for konflikt.
I oppgåva siterer han skulebibliotekarar som ikkje ønsker å ha Mein Kampf eller «manga som eksplisitt skildrer grove voldtekter» tilgjengeleg for elevane, eller ungdomsbibliotekarar som informanten «Berit», som vurderte det slik at ei jente som bad om litteraturtips om sjølvskading ikkje hadde godt av å få hjelp til å finna dette.
– Dette er døme på ein annan type sjølvsensur, der målet ikkje nødvendigvis er å gjera eigen arbeidskvardag enklare, men å skåna nokon, seier Løve til Bok & bibliotek.
NBF-rapport viser same mønster
Løve sine funn får støtte i rapporten som Norsk bibliotekforening sitt utval for demokrati og ytringsfridom la fram 1. oktober. Kartlegginga deira blei gjord hausten 2025, har 392 svar (i overkant av ti prosent av bibliotektilsette i Norge) og omfattar også fag- og forskingsbibliotek (17,6 prosent). Respondentane blei bedne om å svara på spørsmål om erfaringar frå dei siste fem åra.
108 av respondentane, tilsvarende 27,6 %, svarte at dei hadde «mottatt henvendelser» om å endra eller fjerna samlingar eller utstillingar, eller om å avlysa arrangement. 283 respondentar, tilsvarende 72,4 %, svarte nei.
Som hos Løve er det skulebibliotekarane som oftast har fjerna bøker eller late vera å kjøpa noko inn av frykt for reaksjonar: 12,2 prosent, mot 5,7 prosent i folkebiblioteka og 4,5 prosent i fag- og forskingsbiblioteka. NBF-utvalet skriv at skulebiblioteka kan stå i «et særlig spenningsfelt mellom bibliotekfaglige vurderinger, skolemiljø, foresatte, alderstilpasning og pedagogiske hensyn».
Eit fleirtal manglar rutinar
Også i NBF si undersøking er det folkebiblioteka som får flest reaksjonar på samlingane – 40,2 prosent av dei 229 repsondentane som jobbar i folkebibliotek har opplevd slike reaksjonar – og også her er kjønn, kjønnsidentitet og seksualitet dei klart vanlegaste snublesteinane både i folkebibliotek (60,9 %) og i skulebibliotek (52,6 %), medan religion og ideologi utgjer ein større del av reaksjonane i fag- og forskingsbiblioteka.
Men funna peikar ikkje mot omfattande sensur eller systematisk press mot samlingane, skriv utvalet, og biblioteka ser i stor grad ut til å stå fast ved dei faglege vurderingane sine. 77 prosent av dei som hadde fått krav eller klagar, svarar at desse ikkje fekk konsekvensar.
Eit tankevekkande funn i NBF-rapporten handlar om rutinar: Berre 26,8 prosent av respondentane seier biblioteket deira har retningsliner for korleis klager skal handterast. 45,4 prosent svarar nei, og 27,8 prosent veit ikkje. Samstundes understrekar NBF-utvalet at biblioteka i stor grad står fast ved sine faglege vurderingar også når nokon opplever innhaldet som kontroversielt.
Det er viktig å merka seg at ingen av undersøkingane som blir omtalt i denne saka er representative. Begge bygger på bibliotekarar som sjølv har valt å svara, og både Løve og NBF-utvalet skriv at tala må tolkast varsamt.
I føreordet til rapporten sin skriv NBF-utvalet at den «... bør leses som en kartlegging av tendenser og erfaringer i sektoren, ikke som en representativ undersøkelse av omfanget av sensurforsøk i norske bibliotek».
Pride og n-ordet
Intervjua i Løve si oppgåve viser korleis sensur og sjølvsensur kan arta seg i praksis. Ungdomsbibliotekaren «Berit» fekk beskjed frå biblioteksjefen om å tona ned ei lesestund same laurdag som kommunen markerte pride. Det skulle ikkje heita pridelesestund, og det skulle ikkje vera regnbogar i barneavdelinga. Leiaren argumenterte med nøytralitet: Også dei som er imot pride, skulle kjenna at dei hadde ein plass i biblioteket denne dagen. I oppgåva drøftar Løve om ei slik nedtoning kan vera i strid med aktivitetsplikta i likestillings- og diskrimineringslova.
Skulebibliotekaren «Dagrun» slutta i ein periode å formidla bøker om rasisme etter at elevar reagerte på at ho las opp n-ordet frå ei bok om Rosa Parks – sjølv om ho forklarte kvifor ordet ikkje er greitt å bruka. «Jeg merket at en stund etter valgte jeg veldig snille temaer», fortel ho i oppgåva.
Eitt klart døme på sensur
Frå ei av kjeldene sine fekk Løve høyra om det han i oppgåva kallar «ei klassisk sensursak». Biblioteksjefen «Elise» fortel om då ho avlyste planlagde debattar om kommuneøkonomi og skulestruktur etter å ha fått ordre frå kommunedirektøren og kultursjefen om at debattane ville bli oppfatta som illojale. «Det høres feigt ut, og kanskje var det det også. Men jeg er ikke tjent med å ha en kommuneledelse som ikke spiller på lag med meg. [...] Det kan få negative ringvirkninger, for eksempel i budsjettsammenheng», siterer Løve informanten på side 97 i oppgåva.
– Er det sensur eller er det sjølvsensur? Eg tenker at det nok er litt av begge delar, reflekterer han i samtale med Bok & bibliotek.
– Denne biblioteksjefen hadde jo eit reelt val. Ho kunne gjennomført debatten og vist til redaktøransvaret sitt, men vurderte det slik at det kanskje ville gå ut over økonomien, seier Løve.
Han meiner saka reiser eit større spørsmål:
– Det ville kanskje vore på sin plass å retta fokus mot korleis folkebiblioteka er finansierte. Er det riktig at dei er finansierte direkte gjennom kommunen?
I ettertid har biblioteksjefen «Elise» sjølv funne ei smart løysing: Når ho søker Fritt Ord om pengar til arrangement om vanskelege tema, skriv ho svært konkret kva arrangementet skal handla om. Får ho tilsegn, har ho ryggen fri overfor kommuneleiinga.
Den stille sensuren
Både i refleksjonsdelen av oppgåva og i møte med oss er Løve mest oppteken av gråsonene, og kanskje då særleg økonomien.
– I dei store folkebiblioteka i byane er kanskje ikkje dette eit spørsmål, for dei har råd til å kjøpa inn det aller meste. Men har du eit folkebibliotek i ein mindre eller mellomstor kommune, må du gjera ganske harde prioriteringar både når det gjeld kva du har plass til og kva du har råd til å kjøpa inn, seier han.
Det var enkelte kommentarar han fekk inn via spørjeskjemaet som antyda at biblioteket ikkje treng å kjøpa inn smale eller kontroversielle bøker, sidan dei kan skaffast på fjernlån.
– Om vi skal ha bøker som er lette å låna ut, og som kan driva opp utlånstal og legitimiteten til biblioteket, blir dei litt spesielle bøkene ikkje synlege på hylla. Mange av mine beste leseopplevingar har eg fått på grunn av tilfeldige bøker eg har funne i biblioteket. Denne serendipiteten blir borte viss mange bibliotek blir like, seier Løve.
– Dette er noko eg håpar eg kan vera med på å skapa eit større medvit om.
– Har teke det for lett
Det er kan henda ei overdriving å kalla ei masteroppgåve for forsking, men Bendik Løve sitt arbeid er faktisk det næraste vi kjem ei større systematisk kartlegging av denne tematikken her til lands. Vi spør om han har tankar om kvifor ingen har forska på dette før.
– Kanskje har vi tenkt at det ikkje er ei spesielt alvorleg problemstilling under norske forhold. Kanskje har vi teke litt for lett på det. Og så har vi blitt meir bevisste problematikken dei seinare åra, gjeve den politiske utviklinga i landa rundt oss, seier Løve.
Han peikar også på at bibliotekfeltet er eit lite fagmiljø, der masteroppgåvene i stor grad speglar kva studentane sjølve er interesserte i.
Gender Queer-saka i Arendal i desember 2024, då skulesjefen pressa skulebibliotekaren til å fjerna boka frå skulebiblioteket ved Roligheden skule, gjorde at masteroppgåva Løva hadde påbegynt plutseleg blei veldig aktuell.
– Det kan godt tenkast at den hjalp til med å få fleire til å svara på spørjeundersøkinga, seier han.
Han meiner Arendal-saka skil seg frå Meråker-saka i 2019, der ein kinesisk delegasjon kravde bøker fjerna frå folkebiblioteket.
– Den saka i Meråker er såpass spesifikk at den kanskje ikkje vil gjenta seg. Mens det som skjedde i Arendal kunne skjedd andre stadar, og kan for så vidt skje igjen.
– Utruleg lærerikt
– Vil du anbefala andre bibliotekarar å ta ein master?
– Absolutt! Det å fordjupa seg i eit emne er utruleg lærerikt. Ikkje minst så lærer ein mykje av prosessen, seier Løve og dreg spesielt fram kontakten med alle kjeldene.
– Bibliotek-Norge er ganske lite og oversiktleg. Det å skriva ei oppgåve som rører ved yrkespraksisen til mange og å få høyra om andre sin arbeidskvardag, er veldig nyttig.
Slik får ein også nye perspektiv på eigen yrkespraksis. Sjølv har han blitt meir open for å møta lånarane på heimebane og set seg føre å ha ei større breidde av bøker i biblioteket han forvaltar.
– Eg prøver å kjøpa inn litt av alt. Lånarane er samansette, dei er over 200 elevar som er opptekne av alt mogleg.
På tvers av eigne preferansar las han for eksempel i fjor Siri Pettersen sin fabelprosaroman Jernulven og presenterte den for elevane, noko som resulterte i ein lang og usensurert samtale med ein elev som elska slike bøker.