Intervju med toppleiinga i IFLA
Vegen mot større tillit
Norge og Samoa, Nord-Korea og Russland – IFLA vil bygga ein heim for alle, fortel president dei siste to åra Vicki McDonald og sittande generalsekretær Sharon Memis. Bok & bibliotek møtte dei under WLIC25 i Astana til ein samtale om diplomati, verdiar, ytringsfridom og Ukraina sitt krav om utestenging av den russiske bibliotekforeininga.

Etter fleire år med skrantande helse er International Federation of Library Associations and Institutions på betringas veg. To år med Vicki McDonald som president og Sharon Memis som generalsekretær ser ut til å ha vore god medisin.
For småskral i skrotten har organisasjonen jammen meg vore. Først måtte generalsekretæren Gerald Leitner gå av i 2022, i unåde, men med ein solid fallskjerm. Dette var siste kapittel i ein prosess der styret brukte lang tid på å opna øyro for vitnemåla til over 20 tidlegare tilsette som varsla om Leitner sin trakasserande leiarstil. 20 tidlegare tilsette i ein organisasjon som i dag har 19 tilsette i administrasjonen der, altså.
Mykje rundt denne konflikten er framleis ikkje kjent. Svenske Biblioteksbladet har ved fleire høve freista å få Leitner i tale, men utan hell. Men før han forsvann i bibliotekhistorias mørke, fann han i 2023 tid til å skriva ein intern e-post til kollegar i IFLA om at «falske nyhende, bakvasking og hatefulle ytringar sirkulerer», og at han nektar for alle skuldingar om svindel og trakassering. Ja, og så dukka han på eit vis opp på IFLA si generalforsamling i Astana, Kasakhstan onsdag 20. august i år. I økonomigjennomgangen kom det fram at føderasjonen gjekk med 373 000 euro i underskot, eller tett på 4,4 millionar norske kroner, mellom anna grunna «costs with a former employee».
Ein annan grunn til underskotet var bruduljane rundt fjorårets verdskongress. For ikkje før var Leitner ute av døra, så bestemte styret i IFLA at WLIC 2024 skulle avhaldast i Dubai – eit land med lovar som mellom anna forbyr homofili. Det skulle gå bra, forsikra styresmaktene. Alle kunne koma og snakka om kva dei ville, sa dei – først. Men så la dei til ein klausul om at LHBTQ+- tematikk ikkje kunne nemnast i programmet. IFLA-styret godtok dette. Men etter protestar frå medlemsmassen blei Dubai-møtet til slutt avlyst. I og med at det var for kort tid til å bestemma ny plassering, blei det ikkje WLIC i fjor, og heller ingen inntekter frå konferansen.
Har kome langt i læking
Som høvesvis president og generalsekretær har Vicki McDonald og Sharon Memis dei to siste åra hatt ansvar for behandlingsregimet til organisasjonen, ikkje minst gjennom den pågåande IFLA Governance Structure Health Check – ein prosess med reorganisering og tillitsbyggande tiltak for meir oversikt og openheit. Helsesjekken skal fullførast i februar 2026. Og stemninga i Astana vitna om ein organisasjon som på kort tid er komen lang i læking. Vi brukar dette som utgangspunkt for våre tilmålte 15 minuttar med McDonald og Memis i Kasakhstan.
– I dag tidleg var eg på møtet som du Vicki McDonald heldt om helsesjekk av styringsstrukturen til IFLA. Det verkar å vera mykje positivitet.
– Medlemmane våre er engasjerte og veldig positive til føderasjonen og måten vi arbeider saman på. Det kom kommentarar om kva vi kunne gjera betre, og det er bra. Det var føremålet med økta. Men det var ingen store overraskingar. Ingenting kom brått på meg, men det stadfesta nokre ting rundt kontinuerleg forbetring.

– At folk seier frå, betyr at dei bryr seg, og det er fantastisk, supplerer Memis. – Det minte meg på, om eg trong ei påminning, at vi framleis må arbeida med kommunikasjonen vår slik at vi kan få bodskapen ut til dei rette folka. Og særleg, trur eg, rundt arbeidet vårt med påverknad (advocacy) og kva vi meiner med det. Det handlar om å vera den globale røysta for biblioteka og sørga for at internasjonale avgjerdstakarar er klare over bidraget biblioteka gjev.
– Bibliotekarar har veldig like verdiar
– Eg trur vi kan semjast om at land og bibliotekarar vil legga ulike meiningar i omgrepet ytringsfridom. Kor mykje uroar dette dykk? Som her i Kasakhstan, som ligg på 141. plass på pressefridomsindeksen til Reporters Without Borders. Altså 141 av 180. Er dette noko som uroar dykk?
– Vil du byrja? Eg let deg, smiler McDonald og gjev ordet til Memis.
– Mi personlege meining er at bibliotekarar verda rundt, kvar dei enn er, truleg har veldig like verdiar. Dei fleste bibliotekarar prøver å tena lokalsamfunna sine på den aller beste måten dei kan. Når vi ser press på biblioteka i USA eller andre stader, er bibliotekarar nokre av dei mest innovative når det gjeld å tilpassa seg konteksten. IFLA er ikkje ein politisk organisasjon. Vi har kjerneverdiar. Vi forventar at medlemmane våre sluttar seg til og er samde i dei, som handlar om fridom til informasjon og tilgang til informasjon. Men vi anerkjenner òg politikken og kompleksiteten i kvar kontekst. Og at kvart land ikkje er på same nivå av openheit som andre.
Hendingar som verdskongressen i Astana blir ofte som å sleppa ein stein i vatnet – det skapar ringar over tid, seier den røynde kulturdiplomaten.
– Vi kan ikkje alltid forventa eller krevja at alle nasjonar kan ha same grad av fridom og openheit som de har i Norge, for eksempel.
– Eg trur vi må halda fast på verdiane våre, leva dei ut, visa dei fram innan IFLA og framleis syna dei uansett kvar vi er i verda. Og vi må halda fram med å pressa på for desse verdiane. Av og til er det meir effektivt å kviskra enn å ropa, og det å bygga kapasitet i landa er ofte meir effektivt enn å ropa høgt. Så det handlar om korleis vi gjer det. Og berre viss du har levd og arbeidd i desse landa, kan du byrja å forstå kor komplekst dette er å navigera. Vi kan ikkje endra ein nasjon. Men vi kan opna bibliotekarane opp for nye idear, og kanskje opna opp større delar av samfunnet for nye idear, og vonleg vil det sakte hjelpa til å skapa endringar.
Ukraina og Russland
– De nemnde USA, og det er ingen tvil om at den amerikanske bibliotekforeininga støttar alle kjerneverdiane til IFLA. Men på den andre sida har du Nasjonalbiblioteket i Russland og Den russiske bibliotekforeininga. Det finst sterk dokumentasjon på at dei aktivt støttar krigen mot Ukraina. Ukraina har teke initiativ til å få dei utestengt frå IFLA, men styret i IFLA svarte i mai i år at det ikkje kjem til å skje. Kva ligg bak den avgjerda?
– Men, eg meiner, uavhengig av kva pressefridomsindeksen seier, så forsvarar bibliotekarar over heile verda retten til informasjon og ytringsfridom, svarar Vicki McDonald.
– Også nasjonalbibliotekaren i Russland?
– Eg trur vi alle erkjenner at om du er nasjonalbibliotekar i Russland, så lever du under heilt andre omstende enn ein nasjonalbibliotekar i eit anna land. Men vi erkjenner òg at bibliotekarar kjem til konferansane våre som bibliotekarar, ikkje som landet sitt. Så vi vil vera opne for å ta imot bibliotekarar til kongressen vår.
– Så IFLA ville aldri stenga ute eit lands nasjonalbibliotek, uansett kva dei støttar?
– Vel, det kan vi ikkje seia. Vi kan ikkje seia kva vi aldri ville gjera. Men vi har prosessar på plass. Du kjenner kan henda ikkje til at vi nettopp har oppretta eit nytt rådgjevande utval, etikkutvalet, fordi vi ser at det kjem fleire og fleire spørsmål rundt etikk og dei vala vi må ta. Det er ein viktig mekanisme for å rådgje styret om eit breitt spekter av spørsmål. Det kan inkludera tinga du nemner, men òg åtferdskodeks og korleis individ oppfører seg i ulike samanhengar.
– Korleis var diskusjonane i styret rundt framlegget frå Ukraina?
– For å sikra ein god prosess har vi gjeve dei russiske biblioteka og enkeltpersonar høve til å svara på skuldingane. Vi har òg hatt ulike komitear til å granska saka. Det er ein del av å legga til rette for ein rettferdig prosess, seier Vicki McDonald.
Eit historisk innsmett frå redaksjonen: Ifølge jubileumsskrivet som blei publisert til IFLA sitt 75-års jubileum i 2002, finst det historisk førelegg for utestenging av medlemar. Den sørafrikanske bibliotekforeininga blei suspendert i 1972 og ikkje teken inn igjen før i 1997, tre år etter at apartheidstyret blei formelt avskaffa og landet heldt sine første demokratiske val.
Diplomati
– Kor mykje av IFLA sitt arbeid er på ein måte diplomati?
– Det er ein del, men det er alltid målretta, svarar Sharon Memis. Ho har brukt over 30 år av livet sitt på kulturelt diplomati i USA, Europa og Asia gjennom offentlege, private og ideelle organisasjonar.

– Ein av styrkane og det unike med IFLA er at det er globalt, med 100 medlemmar frå 150 nasjonar. Det er ganske ekstraordinært. Det inkluderer Nord-Korea, det inkluderer USA, seier ho og fortel om ein delegasjon frå Iran som ikkje har kunna delta på tidlegare WLIC sjølv om dei har prøvd å få visum.
– Til Rotterdam i 2023 prøvde vi å hjelpa dei i tre månader, men dei fekk framleis ikkje visum.
Men til Kasakhstan fekk dei reisa.
– Det var stor glede at dei kunne koma hit, seier Memis.
– Vi er ikkje diplomatar i tydinga statleg diplomati. Fokuset vårt er å knyta saman bibliotekarar og profesjonelle, uansett kontekst. Mange navigerer i komplekse politiske, sosiale og økonomiske landskap. Vi prøver å gje dei ein kommunikasjonskanal, eit oksygen av internasjonale moglegheiter, som gjer at bibliotekfeltet kan gå utover politikk og grenser. Når det kjem til stykket, er Sharon Memis litt skeptisk til ordet diplomati.
– Det luktar ofte av maktspel. Dette handlar mykje meir om å skapa rom for felles læring, utvikling og samtale.
Avhengige av tillit
– Kva ser de som den viktigaste oppgåva for IFLA framover?
IFLA er ein medlemsorganisasjon, understrekar McDonald. Så tillit frå medlemmane er avgjerande.
– Det å bygga tillit og ha openheit om avgjerdsprosessar og kva vi gjer, har hatt hovudfokus dei siste to åra. Og eg trur Leslie Weir, som ny president, vil halda fast på det. Vi har fått veldig mykje positiv tilbakemelding frå medlemmane, særleg dei siste månadene.
Den 13. august i år publiserte IFLA resultata frå ei undersøking av medlemmane sine haldningar til organisasjonen. Rapporten basert på undersøkinga har fått namnet Starting point og skal fungera som eit utgangspunkt for å vurdera framdrift i høve til måla i IFLA sin strategi for 2024–2029. Blant dei 14 prosent av medlemmane som svarte, vurderte 96 prosent medlemskapet sitt som verdifullt. Dei drog især fram tilgang til faglege ressursar, nettverksbygging og fagleg utvikling. 63 av respondentane hadde ei sterk kjensle av å høyra til i IFLA. Talet var høgast for medlemmar i Afrika sør for Sahara. Totalt 80 prosent uttrykte tilfredsheit med medlemskapet sitt.
– Vi får melding om at folk har mykje større tillit til oss som organisasjon. Dei er mykje meir nøgde med at dei betalar medlemskontingent og kjenner at dei får noko igjen, seier Vicki McDonald og tenker tilbake på tida då ho var president i den australske bibliotekforeininga.
– Ein ting som slo meg, var at alle har ulike forventingar. IFLA har medlemmar i FN og den internasjonale opphavsrettsorganisasjonen WIPO, og så har du Mary Jane i Toowoomba, Australia, som forventar å få dette og dette frå foreininga. Du må dekka dei mange nivåa av forventing. Det er ei av dei store utfordringane for ein medlemsorganisasjon.
Sharon Memis stemmer i. Det handlar om å sikra at alle opplever organisasjonen som ein heim.
– Alle navigerer i ulike kontekstar, frå Library of Congress i Washington til ei bibliotekforeining i Samoa, til ein bibliotekar i Russland, som kanskje kjenner seg like ukomfortabel som alle andre. Så korleis sikrar vi at vi har denne heimstaden, der fokuset vårt er profesjonen, biblioteka og bibliotekarane? Det er det verkeleg viktige. Og der ligg òg faren. Vi må vera varsame og halda oss utanfor det politiske rommet, elles blir det komplekst for folk å kjenna seg heime i organisasjonen. Så eg meiner det handlar om å sikra at vi er relevante, på alle nivå, slik Vicky sa, at vi er ein heim, og at vi er ein trygg plass å vera.
Lettare å koma til Kasakhstan
– Vanlegvis har eg høyrt at det er kring 4 000 deltakarar på WLIC, men i år er det berre om lag 1 700. Så kva håpte de å oppnå med å halda kongressen her i Kasakhstan?
Vicki McDonald svarar med å peika på at dette er første gong WLIC er i Sentral-Asia.
– For ein organisasjon som er nær 100 år gammal og ikkje har vore i ein så viktig region, er det openbert eit behov for å vera her. For mange er det mykje lettare å koma til Kasakhstan, og det er verkeleg eit viktig utbytte for oss.
Når IFLA kjem til ein region for første gong, er dei alltid opptekne av verknaden det får for profesjonen, og kva for ry dei får i landet, seier McDonald.
– Vi har hatt ein viseminister her, seier ho og viser til opningsseremonien dagen før der viseminister for vitskap og høgare utdanning i Kasakhstan Talgat Yeshenkulov heldt velkomsttale.
– Andre ministrar er òg veldig medvitne om nærværet vårt og bidraget vi gjev. Vi prøver verkeleg å løfta fram biblioteka og kva dei kan bidra med for dette landet. Viseministeren fortalde meg kor flinke bibliotekarane var, og slikt. Det er eitt av måla – å få høg profil for profesjonen. Og fokuset på tema som teknologi, KI og lesedugleik hjelper dei kasakhstanske kollegaene våre å få innverknad på lang sikt.
Ti på topp-lista over delegasjonsstorleik på kongressen i år talar sitt tydelege språk: Japan 32; Dei sameinte arabiske emirata og Qatar, begge 35; Malaysia 42; Storbritannia 47; Tyskland 51; Sør-Korea 69; Kina 99; USA 110 og Kazakhstan 452.