Podkasten Bok & bibliotek #49

Knut Storberget og Karianne Aam om biblioteka sine roller i krisetider

– Ein av dei første faktasjekkarane eg forheldt meg til i mitt liv var bibliotekaren på Elverum bibliotek, seier Knut Storberget i den nye episoden av podkasten Bok & bibliotek.

I samtale: Nestleiar i Norsk bibliotekforening Karianne Aam og statsforvaltar og leiar av Forsvarskommisjonen Knut Storberget møttes til samtale om biblioteka sine roller i krisetider på Hamar.
Publisert Sist oppdatert

Episode #49 av podkasten Bok & bibliotek er eit opptak av ein samtale mellom Knut Storberget og Karianne Aam frå Litteraturscena til Hamar bibliotek. Arrangementet gjekk føre seg torsdag 27. november 2025 med Bok & bibliotek-redaktør Arne Olav Hageberg som moderator, og tittelen var Bibliotekets rolle i krisetider.

Knut Storberget er jurist, statsforvaltar i Innlandet og tidlegare justisministeren (Ap). Han leidde òg Forsvarskommisjonen som i 2023 leverte rapporten som ligg til grunn for mykje av den enorme auken i forsvarsutgifter vi ser for tida. Men som de får høyra i denne episoden er Storberget også ein ambassadør for biblioteka sin spesielt viktige plass i totalforsvaret. 

Høyr episoden her eller i podkastappen din:

Karianne Aam er nestleiar i Norsk bibliotekforening og seksjonsleiar ved Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold.

2026 er totalforsvarsåret. Treng du gode argument for kvifor biblioteka er avgjerande i dette arbeidet? Treng du inspirasjon til arrangement og tiltak på ditt eige bibliotek? Då er du komen til rett podkastepisode.

På slutten blei det òg opna for spørsmål frå salen. Og om du lyttar heilt til endes får du med deg ein både rørande og tankevekkande historie som Hamar sin eigen folkebiblioteksjef Per Olav Sanner delte dei som var til stades.

Konferansier var førsteamanuensis ved Universitetet i Innlandet Inger-Kristin Larsen Vie. Arrangementet var eit samarbeid mellom universitetet og folkebiblioteket, og støtta av Fritt Ord. 

Powered by Labrador CMS