USA: Ny lov om bokforbod trugar skular og bibliotek
Trump-lojalistar i den amerikanske kongressen har lagt fram eit forslag om å kutta støtte til skular og bibliotek som har «seksuelt orientert materiale» i samlinga si.
Eit nytt lovforslaget i USA vil endra den føderale utdanningslova frå 1965 ved å føya til ei formulering om at utdaningsmidlar ikkje skal kunna nyttast til program, aktivitetar, litteratur eller formidling for born under 18 år som inneheld «seksuelt orientert materiale» som «eksponerer slike born for nakne vaksne, personar som strippar, eller utilbørleg eller utuktig dans».
I lovforslaget blir det understreka at dette ikkje skal tolkast som eit forbod mot «klassiske verk». Forslagsstillarane definerer klassisk litteratur ved å visa til boklister publiserte på Compass Classroom – ei nettside med innhald for familiar som ønskjer å driva heimeundervisning ut frå eit bibelsk verdsbilete.
Nasjonalt nivå
Lovforslaget HR 7661 «Stop the Sexualization of Children Act» blei fremja 24. februar av Illinois-representant Mary E. Miller med støtte frå 17 republikanske kongressmedlemer.
Mange ser lovforslaget som ei massiv opptrapping av høgresida sine åtak på skulen og på born sin rett til å lesa.
Sarah Lamdan, direktør for den amerikanske bibliotekforeininga ALA sitt kontor for intellektuell fridom, seier til Publishers Weekly at lova hentar inspirasjon frå Det kvite huset sine direktiv, kampar om bokfjerning og sensurlovgjeving på delstatsnivå. Skilnaden er at HR 7661 direkte trugar tilgangen til utdanningsressursar og finansiering over heile USA.
Trans = seksuelt materiale
Ifølge lovforslaget inkluderer «seksuelt orientert materiale» alt som viser, skildrar eller simulerer seksuelt eksplisitt oppførsel eller «involverer kjønnsdysfori eller transkjønnaheit.»
På bakgrunn av dette argumenterer talspersonar for leserett for at lova søkjer å nedvurdera og usynleggjera LHBT+-personar og -identitetar.
«HR 7661 signaliserer at LHBT+-representasjon ikkje har nokon plass i offentlege skular, og at LHBT+-historier ikkje høyrer heime i skulebibliotek,» seier McKenna Samson, programleiar for PEN America sin fridom-til-å-lesa-seksjon.
Ifølge People.com vil lova hindra alle offentlege skular frå å ha eller undervisa i LHBT+-litteratur eller bøker som spesifikt nemner transpersonar. Føderalt finansierte seksualundervisningsprogram og støttegrupper vil og kunna bli råka.
Kritikk frå Norgesaktuelle Helmic
ALA-president Sam Helmick, som er ein av hovudtalarane under Bibliotekmøtet 2026 i Molde 17.–19. mars, seier i ei fråsegn at «foreldre, ikkje politikarar, skal rettleia borna si lesing. Materialet i biblioteka blir valt ut av utdanna fagpersonar innan leseopplæring som forstår barneutvikling og lokalsamfunnet sine behov. Arbeidet deira er tufta på eit klart føremål: å hjelpa unge menneske til å bli lesarar for livet.»
Lovforslaget handlar ikkje om å verna born, skriv han vidare. Det blir fremja for å gje politikarar høve til å avgrensa kva historier som får stå i hyllene.
«Det burde uroa alle som trur på lesefriedom og familiar sin rett til å ta eigne avgjerder», understrekar Helmic.
– Lett å sjå for seg ei utviding
I ein kommentar på Literary Hub skriv kommentator James Folta at «sjølv om lova i første omgang berre vil råka institusjonar som mottek ein bestemt type føderal utdanningsfinansiering, er det lett å sjå for seg ei utviding av denne føderale sensuren, sidan det er ei utvikling vi har sett på delstatsnivå over heile USA».
EveryLibrary sin administrerande direktør John Chrastka kallar lovforslaget eit forsøk på å lovfesta diskriminering i form av bokforbod. Ifølge Publishers Weekly meiner han eit slikt lovforslag i eit valår er utforma for å skapa sosial uro.
Kjelder: Publishers Weekly, 2. mars 2026 · Literary Hub, 26. februar 2026 · American Library Association, 26. februar 2026 · People, 26. februar 2026