ordskifte

Leiarartikkel frå Bok & bibliotek 1-26

På tide med lydbøker på innkjøpsordninga

Den nye anbefalte modellen for digitale utlån i folkebiblioteka aktualiserer behovet for endringar i innkjøpsordningane. 

Kome for å bli: Lydbøker er ein naturleg del av det litterære økosystemet. Nye lesevanar krev ny litteraturpolitikk.
Publisert Sist oppdatert

Nasjonalbiblioteket og Forleggarforeininga er blitt einige om ein ny anbefalt modell for utlån av lydbøker i folkebiblioteka. Det er den vi alle har ønskt oss; digitale utlån med papirlogikk. Biblioteket kjøper eit eksemplar og låner det ut så ofte dei vil til ein og ein om gongen. 

Bok & bibliotek har laga ei større sak om dette. Dei eg har snakka med, dreg alle fram at biblioteka no endeleg kan bygga opp eigne digitale samlingar. Men ingen veit kva lisensane skal kosta. Etter alt å døma blir dei ikkje billige. 23. januar skreiv vi om at folkebiblioteka har mista ein tredel av kjøpekrafta på berre ti år. Og økonomien i kommunane blir som kjent trongare og trongare. 

Mange bibliotek har elendige lydboksamlingar. Løysinga er opplagd: Lydbøker må koma på kulturfond

I dag er det heilt tilfeldig om eit bibliotek kan tilby ei bok som er på Kulturrådet sine innkjøpsordningar som lydbok. Etter år med ein dyr og lite formålstenleg klikkmodell for digitale utlån har mange bibliotek elendige lydboksamlingar. Løysinga er opplagd: Lydbøker må koma på kulturfond. 

For forlaga kjem kostnadane ved å laga lydbøker på toppen av den normale bokproduksjonen, men inntektene er små. Innkjøp av lydboklisensar på kulturfond vil difor også vera eit kjærkome tilskot til ein pressa forlagsøkonomi. Vi kan berre ana kva innkjøpsordningane har hatt å seia for lesinga og skrivinga her til lands. Biblioteklova seier at biblioteka skal tilby kvalitet og aktualitet. Å utvida innkjøpsordninga til også å gjelda lydbøker vil føra til meir norsk kvalitetslitteratur. Det vil også sikra at denne litteraturen blir tilgjengeleg for alle, anten dei likar best å lesa eller å bli lesne for. 

Lydboklesarane lyttar 88 minuttar om dagen, ifølgje Norsk mediebarometer. Det er enormt. Men det er ikkje så mange av oss som driv med dette, berre åtte prosent. Snittet for befolkninga blir difor tre minuttar per dag på lydbok i 2024. 

Det å lesa papirbøker har historisk sett vore folk sin mest stabile medievane, skriv SSB vidare. Men no kjem e-boklesinga på toppen. Det er altså grunnlag for å hevda at folk les meir bøker enn nokon gong sidan SSB begynte å spørja i 1991. På nyåret rann det inn meldingar om utlånsrekordar frå heile landet. Sølvberget auka med 6,9 %, Fredrikstad bibliotek med 2,4 %, Deichman 5 %, Ringerike 4,9 % og Voss 8,2 %! 

Mediebarometeret sine 2025-tal blir presenterte 12. mai i år. Eg kjenner eg er spent. Og korleis vil tala sjå ut etter nokre år med gode digitale samlingar i alle folkebiblioteka? 

Bidra til ordskiftet!

Har du meiningar eller refleksjonar rundt tematikken? Send eit innlegg til post@bokogbibliotek.no.

Powered by Labrador CMS