USA

Trump sine bibliotekkutt stoppa av Kongressen

Kongressen i USA har no vedteke dei viktigaste budsjetta for 2026 og avvist omfattande kutt i støtte til bibliotek, museum og arkiv. Resultatet kjem etter massiv mobilisering frå grasrota i USA.

På nasjonaldagen: President Donald Trump signerer den sokalla One Big Beautiful Bill Act utanfor Det kvite huset 4. juli 2025. Denne lova inneheld mellom anna eit forslag om å kutta all finanisering av Institute of Museum and Library Services. Dette forslaget er no stoppa av Kongressen.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein siger for alle som har stått opp mot Trump-administrasjonen sine forslag om å kutte dei føderale midlane kraftig, skriv EveryLibrary i ei pressemelding 9. februar.

– Kongressen si avgjerd viser at desse institusjonane ikkje kan demonterast gjennom presidentordre eller ein tweet.

Brei mobilisering gjorde utslaget

Budsjettpakken som no er vedteken held i store trekk finansieringa for sentrale kultur- og kunnskapsinstitusjonar på same nivå som før. Vedtaka som er gjort omfattar Institute of Museum and Library Services (IMLS), Library of Congress og National Archives and Records Administration (NARA). Institusjonane får det dei treng for å halda fram drifta si i heile budsjettåret.

Resultatet kom ikkje av seg sjølv. I ein organisert aksjon kontakta nær 250 000 personar frå alle delar av landet Kongressen for å forsvara finansiering av bibliotek, arkiv og museum. Aktivistane har vore bibliotekbrukarar, lærarar, foreldre, bibliotekarar, veteranar, eigarar av småbedrifter, studentar, forskarar og leiarar i lokalsamfunna – folk frå alle samfunnslag, skriv EveryLibrary. Den breie mobiliseringa har truleg bidrege til at politikarane ikkje gjennomførte dei føreslegne kutta.

Framleis ingen ny nasjonalbibliotekar

Men kampen er ikkje over. EveryLibrary peikar på at Trump-administrasjonen har forsøkt å legga ned IMLS i kvart einaste budsjettforslag dei har lagt fram sidan 2017.

Bok & bibliotek har tidlegare fortalt om dei politisk motiverte oppseiingane av nasjonalbibliotekar Carla Hayden og riksarkivar Colleen Shogan i fjor vår. Eitt år seinare står dei sentrale minneinstitusjonane IMLS, Library of Congress og riksarkivet i USA framleis utan fast tilsett leiing.

– Presidentordren frå mars i fjor om å rasera IMLS-programma har blitt stansa av domstolane. Men administrasjonen ankar avgjerda – sjølv om Government Accountability Office (GAO) i ei eiga vurdering har konkludert med at administrasjonen si nedskalering av IMLS-programma til delstatsbibliotek og andre tilskotsmottakarar er lovstridig, skriv EveryLibrary.

Ber om økonomisk støtte

Budsjettkampen for 2027 nærmar seg, truleg med nye angrep mot bibliotek- og kulturtenester, åtvarar EveryLibrary.

– Vi veit kor krevjande det er å halda den offentlege merksemda oppe om desse sakene. Difor har vi alt brukt titusenvis av dollar på informasjonsarbeid og annonsering for å trenga gjennom støyen – særleg i sosiale medium – møta folk der dei er, informera dei raskt og gi dei ein tydeleg måte å handla på, skriv organisasjonen.

– Tilnærminga verkar. Om du meiner at det er smart å driva med denne typen påverknadsarbeid, inviterer vi deg til å bli fast givar i dag.

Powered by Labrador CMS