La ned bokbussen – dobla utlånet

For eitt år sidan blei den gamle bokbussen i Syddjurs kommune i Danmark erstatta av elleve lokale bokstasjonar. Det har vore ein suksess.

Truga tilbod: Vesterålen sin bokbuss Gulliver blei Årets bibliotek 1990. Den var administrert av Bø folkebibliotek og hadde 108 faste stoppestadar i 2011. I 2015 blei den nedlagt. Kunne den vore erstatta av bokstasjonar?
Publisert

1. januar i fjor rulla bokbussen i Syddjurs kommune inn i garasjen for siste gong. Byrådet hadde nemleg vedteke å erstatta den gamle, utslitne bokbussen med eit nett av bokstasjonar.

Før dette rulla bokbussen rundt til fleire av landsbyane i kommunen. Klientellet var trufast, så eit sakn blant dei faste brukarane var venta då bussen blei lagt ned.

Men den nye løysinga med bokstasjonar har vist seg å vera ein stor suksess. Ifølgje dinavis.dk har Syddjurs kommune registrert nesten ei dobling i utlånet ved dei nye bokstasjonane samanlikna med bokbussutlånet.

Tingar i appen

Leiar for Syddjurs bibliotek Ole Wolf fortel til avisa at dei hadde fem bokstasjonar frå før, men då bokbussen blei lagt ned, etablerte dei ni nye. Utlånstala for bokbussen var jamt fallande dei siste åra, og i 2024 var dei nede i 3838. I 2025 har dei ni nye bokstasjonane lånt ut 7098 bøker. Totalt er det lånt ut 9727 bøker frå bokstasjonane, av eit samla utlån i kommunen på 205 895 bøker, seier Ole Wolf.

Bokstasjonane fungerer som ved netthandel. Lånarane kan sitta heime og bestilla bøker. Biblioteket køyrer dei deretter ut til ein butikk, ein idrettshall, ein skule eller eit kulturhus der boka blir henta og lånt gjennom bibliotekappen på mobiltelefonen.

Oppsøkande verksemd

Bokbussen stod der i 45 minuttar før den drog vidare, medan bokstasjonane er opne og tilgjengelege så lenge utleveringsstaden har ope, kommenterer sjef for kultur og plan i Syddjurs Lars Høberg. Han meiner ein kan seia at innbyggarane med dette får eit meir tilgjengeleg tilbod enn tidlegare.

Ifølge biblioteksjef Ole Wolf har omlegginga frå bokbuss til bokstasjonar frigjort personalressursar, noko som gir høve til å laga fleire arrangement i landdistrikta i dei byane som ikkje har bibliotekfilialar – frå bibliotekarar som fortel om nye bøker, via filmklubbar, til føredrag.

Syddjurs kommune ligg i region Midtjylland på Jylland og har 44 076 innbyggarar (2024). Administrasjonssenteret ligg i Ebeltoft (Kjelde: Wikipedia).

Powered by Labrador CMS