Ny anbefalt utlånsmodell for ­digitale bøker i folkebibliotek

Kan vera starten på slutten for lydbokproblema

Nasjonalbiblioteket og ­Forleggarforeininga er samde om ein ny anbefalt utlånsmodell for digitale bøker i ­folkebibliotek. Då skulle mykje ligga til rette for at lånarane endeleg kan få ­kuraterte digitale samlingar, så sant ­biblioteka har råd til det. Foreløpig veit ingen kva ordninga vil kosta.

Nye lesevanar: Dei digitale lydbøkene er blitt ein viktig del av lesemiksen for mange. Samstundes har biblioteka sitt digitale boktilbod blitt hengande etter. Men den nye anbefalte modellen gjev håp for betre lydboksamlingar.
Publisert

Etter påtrykk frå Stortinget hadde Nasjonalbiblioteket (NB) og Den norske Forleggerforening (DnF) i fjor haust samtalar som resulterte i ein ny anbefalt modell for digitale utlån i folkebibliotek. Den nye tilrådinga erstattar modellane som blei lagt fram i 2016 og 2019, skreiv bibliotekutvikling.no 19. desember i fjor

Tilrådinga gir føringar for korleis bibliotek og forlag kan avtala utlån av digitale bøker framover.

Skal likna utlån av fysiske bøker

Kjernen i den nye tilrådinga er ein såkalla sekvensiell utlånslisens. Dette inneber at biblioteket kjøper ein tidsavgrensa lisens til ei digital bok, som berre kan lånast av éin brukar om gongen – på same måte som eit fysisk eksemplar.

Spesialrådgjevar Svein Arne Tinnesand i Nasjonalbiblioteket.

– Utgangspunktet vårt var soleklart at vi ville ha det som blir kalla eksemplarutlån, som vi no har kalla sekvensiell utlånsfrekvens, seier spesialrådgivar Svein Arne Tinnesand. Han leidde forhandlingane for NB saman med fungerande assisterande nasjonalbibliotekar Øyvind Engh.

Prinsippet er at ein kjøper tilgang til å låna ut det digitale eksemplaret til ein og ein lånar for nokre år, til dømes tre eller fem. Om ein ikkje fornyar avtalen, forsvinn tilgangen når lisensperioden går ut. Det blir litt som å kjøpa boka med kasseringsjobben inkludert. 

– Vi er svært nøgde med måten Nasjonalbiblioteket har handtert saka på. Dei har vore lydhøyre for behova i bransjen, seier Tone Nyseter. Som fylkesbiblioteksjef i Innlandet leier ho for tida fylkesbiblioteksjefnettverket sitt arbeidsutval. 

Vegen vidare har fylkesbiblioteka førebels ingen samla plan eller semje om.

Fylkesbiblioteksjef i Innlandet Tone Nyseter..

– Dette er noko vi må koma tilbake til. Etableringa av KS Bibliotek er nyleg komen på plass, og innkjøp av e-bøker kan vere eit aktuelt forhandlingsområde for fellesskapen i framtida. Dette ligg likevel eit stykke fram i tid og er førebels ikkje diskutert mellom fylkesbiblioteka eller med KS Bibliotek. Per i dag er det dei einskilde fylka som har ansvar for sine e-bokkonsortium og avtalane som ligg der, skriv Nysæter i ein e-post til Bok & bibliotek. 

Lydbøker på «biblioteksk» vis

Utlånslisensar er omfatta av fastprisreglane i boklova. Det betyr at prisen på biblioteklisensane skal vera lik for alle bibliotek i fastprisperioden på tolv månader.

Men kva vil ei bok kosta? Kva for innkjøpsrabatt får biblioteka, og korleis vil den vera samanlikna med innkjøpsrabatten på papirbøker? Dette har ikkje vore del av mandatet til forhandlarane frå NB og DnF. SV-medlem Svein Arne Tinnesand svarar med tunga i kinnet:

– Sidan eg er sosialist, så har eg veldig tru på at marknadskreftene verkar. Men eg ser ikkje for meg at bøkene blir billigare. Det modellen gir biblioteka, er først og fremst er ein oversiktleg «biblioteksk» måte å forvalta materialet på. 

Motpart og leiar i Forleggerforeininga Trine Skei Grande er også glad for den nye modellen, men understrekar at årslisensar for eitt, tre eller fem år ikkje er den einaste løysinga, klikklisensar for einskilde utlån er òg del av den nye anbefalinga. Biblioteka står fritt til å forhandla fram andre modellar med forlaga, eller vidareføra dagens pakkemodell. Den nye sekvensielle utlånsmodellen må prisast på ein ny måte, seier ho.

– Dette er ein heilt annan måte å tilby produktet på. 

– Vil prisen i denne modellen vil bli høgare enn utsalsprisen til konsumentar?

– Det veit vi jo ikkje heilt endå, men det er ganske mange utlån i ein sånn eksemplarmodell, mange fleire enn det er i pakkemodellen.

Leiar i Den Norske Forfatterforening Trine Skei Grande.

I den førre anbefalte modellen frå 2019 blei seks utlån kopla til det ei lydbok kosta i marknaden. Etter denne modellen vil altså kvart utlån av ei bok som kostar 300 kroner i innkjøp kosta biblioteket 50 kroner. 

Etter den nye anbefalte modellen vil ein femårslisens innehalda heile 85 potensielle utlån á tre veker.

 – Dei nye lisenstypane er ikkje kopla til noko kjend prispunkt, så kvart einskild forlag må no prisa sine ulike årslisensar for kvar einskilde tittel, seier Grande. 

– Vi må koma oss ut av prisdiskusjonen

Frå biblioteka si side ligg det ei forventing om at prisane på dei nye lisensane skal samsvara med prisane på fysiske titlar, seier Tone Nyseter. 

– Den nye utlånsmodellen er utforma slik at utlåna skal etterlikna fysiske utlån, med fast utlånstid på tre veker og ventelister. Om prisane ikkje står i samsvar med dette, ville det vera meir føremålstenleg å halda fram med pakkelisensar, der ein trass alt har betre kontroll over utlånsinnstillingane. Vi håpar å kunna gi publikum eit betre tilbod for den same kostnaden som i dag.

Frå fylkesbiblioteksjefkontoret i Rogaland ser Britt Ellingsdalen litt annleis på dette med pengar og pris.

– Eg meiner vi må koma oss ut av prisdiskusjonen, for det må kosta pengar. 

Fylkesbiblioteksjef i Rogaland Britt Ellingsdalen.

I byrjinga av pandemien sette Mette Langeland ved Rogaland fylkesbibliotek opp eit reknestykke på kostnadar ved strøyming av lydbøker samanlikna med lydbøker på CD, fortel Ellingsdalen. Konklusjonen var at folkebibliotek brukar mindre på lydbøker no ein dei gjorde for 15 år sidan. Og dette gjaldt berre reine utgifter. Arbeidstid, til utlån, innlevering, reparasjonar etc., var ikkje med i reknestykket. 

– Eg trur vi har køyrt oss litt fast i prisdiskusjonen. Saka er at kommunane brukar mykje mindre pengar på bøker. Dei budsjetta har jo stått stille sidan starten av 2000-talet, så eg skjønar forlaga godt om dei er litt skeptiske til at vi heile tida fokuserer på at det skal bli billigare for oss. Lydbøkene er for dyre per lån, men prisen vil sannsynlegvis gå ned når vi no snart kan kjøpa eksemplar og ha dei over lang tid. Det meiner eg er rimeleg. Men biblioteka brukar for lite pengar i det litterære økosystemet. Dei kommunale folkebiblioteka må vera med å betala. Vi føler at vi betalar mykje, men det er fordi vi har for lite. 

Bibliotekinnkjøp betyr lite

Vi spør Trine Skei Grande kva biblioteka sine innkjøp betyr for forlaga, og ho underbygger Ellingsdalen sitt poeng med tal. 

– Det er ikkje veldig stort. Det brukast nær 6 mrd. kroner på bøker i Norge, biblioteka sine samla medieinnkjøp er på 156 millionar.

Biblioteka spyttar altså berre inn 2,7 prosent av pengane som finst i den litterære økosystemet her til lands.

På toppen av dette har digitale lydbøker gjort bøkene dyrare å produsera for forlaga. 

Eg skjønar forlaga godt om dei er litt skeptiske til at vi heile tida fokuserer på at det skal bli billigare for oss.

Britt Ellingsdalen, fylkesbiblioteksjef i Rogaland

– Det er endå ein måte du skal laga boka på, seier Trine Skei Grande. 

Når Biblioteksentralen har trekt frå det dei skal ha for distribusjon og sin margin, sit forlaga att med ganske få millionar kroner i inntekt på salet av lydbøker til biblioteka. 

– Innkjøpet til biblioteka har ikkje vakse i takt med andre utgifter dei siste åra. 

Når biblioteka i 2024 brukte 156 millionar kroner var det totalt på medium, altså både bøker, aviser, tidsskrift, musikk og film, poengterer ho. Ei samanlikning av folkebibliotekstatistikkane for 2014 og 2024 viser at utgifter til løn har auka med 500 million kroner på ti år. I same periode har utgifter til bøker og alle andre medium samla auka med berre 20 millionar kroner. I snitt har medieinnkjøpa auka med så lite som 1,55% i året. Biblioteka sitt høve til å fornya samlingane blir ete opp av prisveksten, seier Grande. 

Sekvensiell utlånslisens i eit nøtteskal

  • Utlånstida er minimum tre veker og kan utvidast av biblioteka 
  • Éin lånar kan ha boka om gongen
  • Lisensen er sperra ut lånetida sjølv om boka blir innlevert før
  • Eit utlån blir utløyst når lånaren har lese eller lytta meir enn ti prosent
  • Biblioteket kan kjøpa fleire tilgangs­lisensar til same tittel
  • Lånarar kan stå i kø for ledige lisensar
  • Lån kan fornyast i tre nye veker om det ikkje er venteliste 
  • Biblioteket kjøper eitt, tre eller fem års lisens. Tilgangen forsvinn automatisk om den ikkje blir fornya

 – Så biblioteka sine innkjøp er ikkje det viktige for forlaga. Men biblioteka er viktige fordi dei bidreg til leselyst og til å gjera bøker viktigare i folk sine liv. Det er den innsatsen biblioteka gjer, som vi meiner er heilt gull.

Også for skulebibliotek

Det er presisert i tittelen på anbefalinga at den gjeld folkebibliotek. Kva då med skulebibliotek i grunnskule og vidaregåande? Vi spør Svein Arne Tinnesand om ikkje andre bibliotek vil kunna ta i bruk løysingane som blir utvikla for å støtta opp om denne modellen.

– Om eg var eit bibliotek som ikkje var eit folkebibliotek som skulle handla digitale norske bøker, så vil denne modellen finnast og kunna visast til. Men vårt oppdrag har vore knytt til folkebiblioteka, og vi har halde oss til tenkemåten frå bibliotekstrategien. 

Skulebiblioteka i vidaregåande skule er ein integrert del av konsortia i mange fylke, fortel Tone Nyseter. 

– Utlånsmodellen slår likt ut for både folkebiblioteka og biblioteka i vidaregåande skule. Vi håpar at den nye modellen vil gjera utvalet og tilbodet generelt betre for alle.

Vegen vidare

Alle vi har snakka med, sit litt på gjerdet endå når det gjeld å gå inn i dei avgjerande forhandlingane som må til for at den anbefalte modellen skal kunna rullast ut. Tone Nyseter peikar på Biblioteksentralen som ein naturleg motpart til forlaga i forhandlingane. 

Gjer det på ein klok måte slik at de tenker samling og tilbod, og ikkje at de skal laga gratis­versjonar av Storytel og Fabel.

Trine Skei Grande sitt råd til bibliotek som skal bygga digitale samlingar

– Vi har ikkje planlagt forhandlingar med forlaga på konsortiumnivå og meiner at det framleis er naturleg at Biblioteksentralen forhandlar med forlaga om konkrete prisar. Modellen er heilt ny, og vi treng meir tid til å planlegga for eit best mogleg tilbod i biblioteka.

Men fylkesbiblioteka har høve til å samordna innkjøpspolitikken dersom dei opplever at enkelte forlag ikkje legg seg på eit fornuftig prisnivå, seier Nyseter. 

Trine Skei Grande avsluttar med ei oppmoding til bibliotek som, om alt går etter planen, snart skal byrja å bygga opp nye digitale lydboksamlingar.

– Gjer det på ein klok måte slik at de tenker samling og tilbod, og ikkje at de skal laga gratis­versjonar av Storytel og Fabel. Lat dei kommersielle få lov til å vera kommersielle. Lag heller alternativ der ein kan gå djupare og ha gode samlingar å tilby innbyggarane sine. Tenk på ein litt annan måte!

Saka er også publisert på papir i Bok & bibliotek 1-26 som kjem ut 25. februar. 

Powered by Labrador CMS