ordskifte

Redaksjonell praksis

Svar til Tinnesand om anonymt ordskifte

Eg står fast ved vurderinga mi i samband med publiseringa av ordskifteinnlegget «– Ansatte gir uttrykk for at ytringsklimaet er blitt trangere». Ein sjeldan gong er det mest riktig å tillata anonymitet.

Arne Olav Hageberg
Publisert Sist oppdatert

Svein Arne Tinnesand uttalte seg i går kritisk til at eg tillet eit anonymt debattinnlegg her på nettsida sist veke. 

Anonymitet i spaltene er omtalt i Ver varsam-plakaten sitt punkt 3 «Journalistisk atferd og forholdet til kildene». Hovudregelen er at kjelder skal identifiserast. Det må ein kunna seia at Bok & bibliotek lever opp til, sidan dette vel er første gong på mine 3,5 år som redaktør der eg ikkje gjer det. 

Systemkritikk

Vidare står det at «Kilder bør som hovedregel ikke få fremsette negative personkarakteristikker anonymt».

Dette var avgjerande for vurderinga mi her. Det aktuelle debattinnlegget inneheld ingen personåtak. Innskrivaren problematiserer det vedkomande opplever som ein uheldig organisasjonskultur. Om det hadde handla om eit mindre bibliotek, der leiinga oftast er ein person åleine, hadde anonymitet vore meir problematisk. Men i og med at Deichman er så stort som det det er, vurderer eg dette innlegget mest som systemkritikk og mindre som personkritikk.

Ver varsam-plakaten 3.2 understrekar at ein skal vera kritisk i val av kjelder. Fordi innskrivaren bad om å få vera anonym, var det ekstra viktig for meg å snakka med vedkomande for å få stadfesta at det vare ein ekte person (ikkje minst i desse KI-tider der sjølv store redaksjonar lar seg lura).

Eg presiserte at eg ikkje fann det ideelt å publisera innlegget anonymt, noko innskrivaren viste forståing for. Men ønsket om anonymitet sto ved lag sjølv etter nokre dagars prosess.

Sitatstrek

Tinnesand kritiserer at tittelen påstår at fleire Deichman-tilsette set fram kritikk når det berre er èin innskrivar. Men tittelen er eit direkte sitat frå innlegget der det står at «Flere ansatte gir uttrykk for at ytringsklimaet er blitt trangere». 

Eg kunne brukt hermeteikn i tittelen, men valde å bruka sitatstrek. Dette var kan henda litt uklar kommunikasjon.

Kommentar til Vidar Lund

Det er kome fleire ryddige og interessante kommentarar på Facebook-posten om Tinnesand sitt innlegg. Ein av dei er frå Vidar Lund, som skriv dette: 

«Eg tykkjer Tinnesand har gode poeng her. Då eg las innlegget tenkte eg at Deichman er jo ikkje nemnt her, berre i den redaktørskrivne omtalen. Dersom vedkomande berre hadde skrive under namnet sitt hadde eg ikkje tenkt Deichman av meg sjølv. Anonymiseringa og insinuasjonen frå redaktøren gjorde at dette innlegget vart mykje vanskelegare å diskutere – både for dei som jobbar i Deichman og for oss som ikkje jobbar der.»

Dette stemmer ikkje. Innlegget er signert med «N.N., Bibliotekansatt, Deichman», etter avtala med skrivaren, og alle påstandane i ingressen er henta frå teksten.

Takksam for kritikk

Eg set eg pris på alle som stiller spørsmål ved Bok & bibliotek sin redaksjonelle praksis. Om eg trør feil er eg glad for å få hjelp av andre til å sjå det.

I tillegg til Ver varsam-plakaten, er eg forplikta på Redaktørplakaten. Denne presiserer at eg skal fremja fri informasjonsformidling. Rett som det er står ideala imot kvarandre og løysinga må bli eit kompromiss. Oftast finst det ingen fasit i desse vurderingane.

I denne saka har eg rådført meg med med Norsk redaktørforening etter at innlegget blei publisert. Det endra ikkje den første vurderinga mi om å tillata anonym publisering.

Bidra til ordskiftet!

Har du meiningar eller refleksjonar rundt tematikken? Send eit innlegg til post@bokogbibliotek.no.

Powered by Labrador CMS