Svar til ei som lurar på kvifor vi stadig skriv om Gender Queer
Tidlegare i dag la eg ut ei lenke på Facebook til saka om den svenske Gender Queer-disputten. Kamilla Aslaksen kommenterte lenka, og eg svarte. No gjev eg att kommentaren hennar og svaret mitt her på nettsida også.
Dette er det Kamilla Akselsen skreiv:
«Det er helt normalt at man tilpasser utvalget av litteratur etter barnas aldre og modenhet. Hvorfor lages det stadig sak om akkurat denne boka? Mener redaksjonen i Bok og bibliotek at den egner seg for barn på barnetrinnet? Har de i det hele tatt lest den?»
Dette er svaret mitt:
Ein av fordelane med å vera åleine som tilsett er at det er lett å svara på om redaksjonen har lese boka. Svaret er ja. Eg (Arne Olav, redaktør) las den i 2021, altså to år før den kom på norsk.
Det første du slår fast er opplagt.
Spørsmålet om kvifor det stadig blir laga saker om denne boka, er interessant. Eg trur mykje av grunnen er at den er blitt større enn seg sjølv. Den er blitt eit symbol. Den er den mest utfordra boka i USA. Den var den første av dei typiske "banned books" frå USA som blei utfordra her til lands, og like eins altså i Sverige. Den har også skapt debatt i Canada, Australia, New Zealand, Polen og Storbritannia (som eg veit om).
Men den viktigaste grunnen, trur eg, er rett og slett det at den gjer det god litteratur og annan stor kunst alltid gjer: Den set kjensler og tankar i sving. Anten lesaren meiner transseksuelle og/eller andre seksuelle minoritetar skal ha rom til å kjenna seg like fri og trygge som heteroseksuelle, eller om lesaren, til dømes på bakgrunn av normer eller ei bestemt tolking av biologiske premiss, meiner dei som opplever seg å vera ein stad utanfor majoritetskategoriane må finna seg i å ha eit mindre spelerom, så vil denne boka vekka tankar og kjensler.
Gender Queer gjer det god litteratur og annan stor kunst alltid gjer: Den set kjensler og tankar i sving.
Til spørsmålet om kor vidt den eignar seg for born på barnetrinnet, så er redaksjonen open for det, ja. Det er veldig viktig å ha med i vurderinga at av barneskuleelevar i dag i stor grad blir eksponert for og eksponerer kvarandre for bilete og grovt stigmatiserande kjønnsstereotypiar (som alltid går mest ut over kvinnene) frå kommersielle aktørar som på ingen måte er ute etter å presentera nyansar og skapa refleksjon. Men det er dette Maia Kobabe vil og gjer. I pornografi og popkultur – som ungar er meir eksponerte for enn nokon gong før – er kjønnsrollene ekstremt lite romslege. Inn i ei slik røynd treng dei andre stemmer og perspektiv.
Eg kjenner sjølv til eit konkret tilfelle der denne boka har vore viktig for ein person på barnetrinnet i min omgangskrins som opplevde ei brytingstid når det gjaldt kjønnsidentitet.
Det er også relevant her, syns eg, å reflektera over at fleire studium peikar på at unge kjem tidlegare i puberteten no enn før. Det kan vera snakk om så mykje som eitt år på kort tid.
Litteratur har ikkje aldersgrenser og skal ikkje ha det. Det finst 11–12-åringar som er meir mogne enn andre 14–15-åringar. Så ei meir eller mindre tilfeldig kategorisering på mellomtrinn og ungdomstrinn skal ikkje laga vasstette skott for litteraturen.
Så kan ein innvenda at Gender Queer ikkje er «rein» litteratur. Og det syns eg er både interessant og relevant og noko som er blitt for lite diskutert. Illustrasjonane til Kobabe er tydelege, sarte og litt forenkla. Ein kunne sett for seg at boka var illustrert på ein meir naturalistisk måte. Korleis hadde dette påverka lesaropplevinga? Dette er interessant, men det er også litt lite fruktbart å spekulera i. Vi har det verket vi har å forhalda oss til. Så då får vi diskutera det. Kanskje hadde det vore enklare å svelgja for fleire om boka var rein tekst, kanskje hadde det vore verre. Som den står fram er det framleis mykje som må tolkast og reflekterast inn av lesaren, så den krev ein viss grad av modning for å ha relevans.
Når alt dette er sagt, så er det jo ikkje først og fremst fordi den har nokre litt grafiske seksuelle skildringar at denne boka er så utfordra. Det blir etter mi meininga naivt å tru om ein set seg litt inn i kor organiserte åtaka i USA har vore. Det er først og fremst fordi den er blitt eit symbol også for dei som ikkje ønskjer subkulturar som utfordrar ein vestleg, kvitt, patriarkalsk og sterkt hierarkisk samfunnsbygnad knytt til ein ideologi som ofte blir kalla kristen. Åtaka på transpersonar og ikkje-kvite i USA dei siste åra er del av ein større ideologisk kamp som vi i desse dagar ser utfalda seg for fullt. Eg meiner sjølvsagt ikkje at alle som har problem med denne boka er del av ein stor MAGA-konspirasjon. Men eg trur veldig mange med gode intensjonar har gjort seg til nyttige idiotar for maktgriske personar som når alt kjem til alt berre er ute etter mela si eiga kake.
Til slutt: Denne boka er spesielt viktig for eit bibliotekblad fordi åtaka på den og debatten rundt den gjev eit unikt utgangspunkt for ei rekke bibliotekfaglege grunnlagsdiskusjonar, som til dømes: Kva betyr redaksjonell fridom i eit bibliotek? Kven bestemmer kva som skal stå på hylla? Kven har siste ord i samlingsutviklinga? Går det an å ha klare prinsipp? Kor går grensene for ytringsfridomen? Kven skal avgjera kva ungar skal få lesa? Er litteraturen viktig? Er den farleg? Er den farlegare enn andre kunstformer? Er det riktig at ein bibliotekar skal ha så mykje makt? Har bibliotekarar makt? Kva bygger biblioteka mandatet sitt på? Kor går grensa mellom opplæringslova og biblioteklova? etc.
Håpar dette var oppklarande. Å skriva dette har gjort meg meir trygg på at det er riktig å gje Gender Queer og prosessane rundt den merksemd også vidare framover. Takk for at du utfordra meg til å reflektera og setta ord på tankane mine.
Bidra til ordskiftet!
Har du meninger eller refleksjoner rundt tematikken? Send et innlegg til post@bokogbibliotek.no.