Her er dei nominerte til Årets bibliotek 2025
Har biblioteket ditt teke i bruk nye idear og jobba utradisjonelt og offensivt, gjerne i samarbeid med andre? Då kan det vera kvalifisert til Norsk bibliotekforening sin gjevaste pris. No er årets nominasjonar klare.
Eitt av desse biblioteka vil få prisen Årets bibliotek 2025 under eit arrangement på Deichman Grünerløkka 15. januar 2026:
- Deichman Stovner, Oslo
- Narvik bibliotek, Nordland
- Måsøy folkebibliotek, Finnmark
- Skjåk folkebibliotek, Innlandet
- Skolebiblioteket ved Skeiane ungdomsskule, Rogaland
– Offensive
Deichman Stovner er eit nabolagsbibliotek som har lukkast med å bygga eit trygt og inkluderande kultur- og læringsrom for alle aldersgrupper, skriv Bibliotekforeininga i ei pressemelding 10. desember.
Høyr intervju med vinnarane frå dei tre siste åra i podkasten Bok & bibliotek.
Narvik bibliotek har styrkt rolla si som kunnskaps- og formidlingsarena i ein region i sterk utvikling.
Måsøy folkebibliotek er eit lite men svært aktivt bibliotek som gir lokalsamfunnet tilgang til kultur, læring og fellesskap i eit område der folk bur spreidd.
Skjåk folkebibliotek er kjent for å vera spesielt opptekne av brukarane og for å skapa møteplassar som foreinar bygda.
Skulebiblioteket ved Skeiane ungdomsskule har utmerka seg som ein pådrivar for leseglede, fagleg støtte og elevmedverknad.
– Alle dei fem nominerte utmerker seg med ei offensiv haldning til bibliotekarbeid og biblioteket sin plass i sine miljø. Ved å ta ei aktiv rolle, etablera samarbeid og bruka kreative metodar, skapar dei leseglede, tilhøyrsel og sterkare fellesskap, seier leiar i Norsk bibliotekforening og juryleiar Helene Voldner.
Om prisen
Juryen i år består av Sunniva Holmås Eidsvoll, stortingsrepresentant og leiar for SV Oslo; Inga Moen Danielsen, dagleg leiar i Tekstallmenningen; Eirik Bø, redaktør og dagleg leiar i Pelikanen forlag; Melita Båfjord, Tjeldsund folkebibliotek og fjorårets vinnar og Helene Voldner, leiar i Norsk bibliotekforening og juryleiar.
Bibliotekforeininga har delt ut prisen Årets bibliotek sidan 1988. Nokre av dei tidlegare vinnarane er Tjeldsund folkebibliotek i Troms (2024), Skulebiblioteket ved Årstad vidaregåande skule i Bergen (2023), Skulebiblioteket ved Gamlebyen skule i Oslo (2022), Østsiden bibliotek i Fredrikstad (2021), Deichman Bjørvika i Oslo (2020), Trøndelag fylkesbibliotek (2019) og Stormen bibliotek i Bodø (2018).