ordskifte
Kultursyn, litteratursyn og sensur
Eit forsvar for litteraturterrorisme
Kamilla Akselsen skreiv i eit innlegg 10. november at born må beskyttast mot innhald dei ikkje er rusta til å forstå. – Det er viktigare at dei blir eksponerte for innhald som utviklar dei til å forstå, skriv Arne Olav Hageberg i dette tilsvaret.
I innlegget sitt 10. november skriv Kamilla Akselsen at born må beskyttast mot innhald dei ikkje er rusta til å forstå og som kan skapa forvirring eller unødvendig frykt. Ja, men dei må også eksponerast for innhald slik at dei blir utvikla til å forstå, for eksempel at kjønn og seksualitet ikkje er svart kvitt.
Mot slutten av dette innlegget vil eg dela ei personleg oppleving frå barndomen som eg trur har forma litteratursynet mitt på grunnleggande vis. Av ein eller annan grunn har eg aldri verken skrive eller snakka om den før.
Men først må eg svara på noko av det Aslaksen dreg fram i innlegget sitt.
Ifølge Akselsen står eg nokså åleine med standpunktet mitt om at litteratur ikkje skal ha aldersgrenser. Det får så vera. Eg meiner det like fullt. Alderstilrådingar er noko anna, dei er eg for – så sant dei blir tekne som det dei er, signal om kva som mest sannsynleg er utgjevinga si kjernemålgruppe, og blir forvalta med klokskap.
Film har aldersgrenser. Men det er stor forskjell på film og bøker. Film og bilete dett rett inn i oss, medan bøker må lesast. Eg veit sjølvsagt at også film og bilete er «tekst» som må lesast og tolkast – som fleire i denne debatten er også eg litteraturvitar – men slik fortolkande lesing skil seg frå lesinga av litteratur fordi den er sekundær. I lesinga av litteratur er fortolkinga av verket samtidig med og ein del av sjølve persepsjonen.
Lesing er ein aktiv prosess som bygger på ein unaturleg og svært kompleks kompetanse som det tar år å utvikla. Ordtilfanget, tematikken og språkbygginga i Gender Queer er svært avansert. Teksten krev ein moden og røynd lesar. Bileta er meir direkte. Alle kan bla opp på side 167 og få med seg nokre teikningar av oralsex. Men når dei gjer det, vil dei også sjå at desse teikningane står i ein kontekst av respekt, symmetriske relasjonar, grubling, refleksjon, kommunikasjon og kompleksitet. Lista med fine vaksne ord kunne vore endå lengre.
Akselsen skriv om at hovudpersonen i Gender Queer er eit offer for omsorgssvikt. Når eg les boka, ser eg ein oppvekst prega av praktisk læring, musikk, nærleik til dyr og natur og avstand til forbrukskultur, skapte behov og kommersialisme. Hadde berre fleire fått ein slik oppvekst! Motdebattanten min skriv også at protagonisten er ein oversett unge. Eg ser ei jente med nær og open relasjon til begge foreldra, som får høgtlesing på sengekanten kvar kveld. Ifølge Akselsen "ender hovedpersonen i Gender Queer opp i et narsissistisk speilkabinett." For meg er dette eit resultat av tematikken i boka. Den handlar i stor grad om kjønn og identitet. Dette gjer det naturleg å legga vekt på motiv som krinsar rundt kropp, klede og utsjånad.
Vidare skuldar Akselsen meg for å kalla folk for idiotar. Det var ikkje meininga. Eg brukte uttrykket «nyttige idiotar». Dette er eit fast uttrykk som ifølge ordbokene.no betyr «naiv person som let seg utnytte av andre personar eller grupper». Det var slik eg meinte det.
Når ho i tittelen ber meg om å sjå forbi kulturkrigen, tenkjer eg at det kan lesast som ei oppmoding om sjølv ikkje å vera ein nyttig idiot. Her kjenner eg at eg treng påminninga og fortener den implisitte kritikken. Eg er ikkje nøgd med perspektivrikdomen i Bok & bibliotek si dekking av dette sakskomplekset, og har mål om å gjera denne breiare. Dette kan også seiast om mange andre saksfelt.
Men om eg først skal vera ein nyttig idiot for nokon, vil eg heller lata meg utnytta av ei rørsle som kjempar for å utvida samfunnsrommet slik at fleire kjenner seg heime der, enn av ei som kjempar for å innskrenka det, mellom anna gjennom å villa fjerna bøker frå bibliotek.
Du etterlyser at Bok & bibliotek kunne dekt omskrivinga av Roald Dahl sine bøker i 2023. Denne saka var ei heit potet i februar det året. Eg blei redaktør etter sommaren. Men eg var i bransjen den våren og veit at dette var ei sak som bibliotekfolk var interessert i og fekk med seg. Den blei dekt av nær sagt alle store og små medium. Gender Queer-debatten i Sverige, derimot, som er utgangspunkt for dette ordskiftet, er Bok & bibliotek einaste norske medium som har skrive om.
Kamilla Aslaksen fortel om Rachel Rooney si bok My Body is Me som har blitt utsett for sensur i Storbritannia. Dette er ei svært interessant sak. Eg finn det også kritikkverdig at ikkje eit einaste norsk folkebibliotek ser ut til å ha den i samlinga si, trass i stor merksemd rundt forbodne bøker dei siste to åra. Det er klart Bok & bibliotek også bør dekka sensur og utfording av bøker som, med di formulering, «ikke følger tidens mangfoldsnarrativ». Så her må eg berre takka Akselsen for tipset om My Body is Me.
Når det er sagt, hadde vi ei sak i sommar om kontroversen rundt J.K. Rowling. Då fekk vi kritikk både for å vera for lite og for mykje kritiske til J.K. Rowling sin måte må uttala seg om transpersonar.
Akselsen seier at Bok & bibliotek, om vi vil dekka sensur og ytringsfridom, må sjå forbi amerikanske kulturkrigar, undersøka korleis det frie ordet faktisk er truga og dekka sakene «der gode barnebøker og mennesker kanselleres i mangfoldets navn».
Amen til det. Kansellering og sensur er feil uansett.
Til slutt vil eg gje eit døme frå mitt eige liv. Eg er vaksen opp i ein kristen heim med tradisjonelt kristent syn på det meste, til dømes kjærleiksrelasjonar mellom personar av same kjønn. Eg er framleis kristen og har behalde mange av ideala frå oppveksten, til dømes ein djup respekt for alle menneske sin gudgjevne unike og uendelege verdi. Andre verdiar og haldningar har endra seg, ofte som resultat av lesing.
Eg kan ha vore sju-åtte år. I den store pakken under juletreet med bøker frå farbror (som var litteraturprofessor, sat i forlagsstyre og hadde rikeleg tilgang på gratiseksemplar) var det kvart år nokre som var meint for målgruppa eg høyrde til. Eg kjenner endå uroa, utryggleiken og skamma som velta opp i meg då hovudpersonen i ei av desse bøkene kyssa ein annan gut. Eg snakka aldri med nokon om denne leseopplevinga. Men i fleire år etterpå såg eg farbroren min som ein ekstremistisk litteraturterrorist; med vilje hadde han planta denne ideologiske bomba i heimen min for å sprenga ideala våre sund. I dag er eg takksam. Få leseopplevingar har påverka meg så mykje.
Eg opplevde forvirring og unødig frykt fordi eg ikkje hadde blitt eksponert for innhald som utvikla meg til å forstå at kjønn og seksualitet ikkje er svart kvitt.
Er denne forteljinga relevant for Gender Queer-debatten? Ja, for den viser at litteraturen kan krenka, skaka og gje sår, men den potensielle skadeverknaden er alltid og alltid berre intellektuell. Ja, den kan skapa enorme reaksjonar. Ja, den kan gjera lesaren uroleg, opprørt, jamvel redd. Men konsekvensen av opplevinga er alltid intellektuell.
Eg er ikkje blind for at dei intellektuelle inntrykka litteraturen gjev får reelle konsekvensar i verda. Alle store ideologiar er tufta på tekstar. Nett difor må alle tekstar som ikkje bryt med straffelova vera lov - og truleg også ein del som er heilt på grensa og litt over. For ingen eig den heile og fulle sanninga om livet, universet og alt saman.