Pådrivarprisen 2025

– Engasjementet kjem frå djupt inni sjela

Det seier Cathinka Neverdal, som saman med Runhild Seim er tildelt Pådrivarprisen 2025 av Norsk bibliotekforening for arbeidet dei to gjer med Forbodne bøker-veka.

Feira: Prisvinnar Cathinka Neverdal, jurymedlem og seksjonsleiar for medisinsk bibliotek ved Akershus universitetssykehus Tina Halkinrud, prisvinnar Runhild Seim, instituttleiar for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag ved OsloMet Kim Tallerås, NBF-leiar Helene Voldner, og bibliotekdirektør ved Universitetsbiblioteket i Oslo Randi Halveg Iversby.
Publisert Sist oppdatert

– Veldig hyggeleg for oss, men endå meir for Forbodne bøker-veka, seier Runhild Seim då Bok & bibliotek møter prisvinnarane til eit videointervju.

Forbodne bøker-veka 2025

  • 590 deltakarar
  • Totalt 506 bibliotek
  • 248 folkebibliotek
  • 43 kombinasjonsbibliotek
  • 170 skolebibliotek
  • 45 fag- og forskingsbibliotek
  • 53 bokhandlarar
  • 31 andre

Prisen blei delt ut 26. november under et allmøte ved Universitetsbiblioteket i Oslo. Bakarst i eit bratt auditorium sat to nokså pumpa eldsjeler. Ei rekordstor Forbodne bøker-veke gjekk av stabelen i oktober, med daglege arrangement og tett oppunder 600 påmeldte deltakarar over heile landet. Så følgde evalueringsinnsamling. Gjennom heile våren – parallelt med planlegginga – hadde dei to delteke på nær 30 presentasjonar og panelsamtalar knytt til engasjementet. No burde dei eigentleg vore på kontora sine og skrive vidare på eit krunglete budsjett og ein omfattande søknad om støtte til Forbodne bøker-veka for dei neste tre åra.

Plutseleg dukka Helene Voldner opp som gjest på allmøtet. Uvanleg. Så fekk NBF-leiaren selskap av juryleiar og instituttleiar ved OsloMet Kim Tallerås som byrja å lesa juryen si avgjerd. Då demra det.

– «Dette er ein pris vi deler med heile Bok- og Bibliotek-Norge,» det var det einaste vi fekk sagt, så måtte vi grina litt, fortel Neverdal.

Pådrivarprisen

Annakvart år deler Norsk bibliotekforening ut Pådrivarprisen. Den blei skipa i 2013 for å løfta fram nyskapande eller inspirerande idear, prosjekt og initiativ i biblioteksektoren.

«Prisvinnerne er ansatt på Universitetsbiblioteket i Oslo, og er prosjektledere for Forbudte bøker-uka. De får prisen for at de har lykkes med å nå bredt ut med en kampanje som har satt sensur av bøker på dagsorden. Neverdal og Seim har gjort Forbudte bøker-uka til et svært vellykket prosjekt som løfter frem bibliotekets viktige rolle når det gjelder demokrati, lese- og ytringsfrihet,» skriv juryen i grunngjevinga for årets tildeling.

Noen hadde hørt om det på radioen på vei til biblioteket og syntes det var fint å se at vi hadde utstilling om dette.

Tilbakemelding frå deltakar

Forbodne bøker-veka er eit tiltak som kjem frå USA, der Banned Books Week har vore arrangert sidan 1982. Veka skal markera fridomen til å lesa det du vil og visa fram bøker som har blitt forbodne eller utfordra gjennom tidene. 

Ingen fritidsproblem

– Prosjektet har vakse seg så stort! seier Neverdal.

For ein utanforståande er det rimeleg å tenka at dei to jobbar full tid med dette, eller i alle fall har det som hovudansvarsområde. Men det stemmer ikkje.

– Dette kjem i tillegg til fulle stillingar, fortel dei to.

Runhild Seim har ansvar for alt av formidling ved HUMSAM-biblioteket, arrangement, sosiale medium og utstillingar.

Det gav oss, et bibliotek med mikroskopiske ressurser, en mulighet til å lage en utstilling som så profesjonell ut. Det gav meg også en god fellesskapsfølelse å bruke samme materiell som andre bibliotek - at vi var "på lag" om dette viktige temaet!

Tilbakemelding frå deltakar

– Forbodne bøker-veka er jo eit formidlingsprosjekt, så det passar inn i stillinga, seier ho, men innrømmer at det ikkje er plass til alt innanfor «hundreprosenten».

Cathinka Neverdal er fagansvarleg for engelsk og kunsthistorie og jobbar også med formidling. Blir det Forbodne bøker-veke om dei sluttar i jobben? undrar vi.

– Bok- og Bibliotek-Norge ville halde fram utan oss, men ikkje på same måte, svarar Neverdal.

Seim supplerer:

– Litt av poenget med at vi har jobba så hardt no, er for å bygga robust infrastruktur som kan leva vidare, seier ho og dreg fram det gode samarbeidet med Norsk PEN og Norsk bibliotekforening.

Cathinka Neverdal er oppteken av at prosjektet må vidareutviklast og oppdaterast.

– Det må vera fagleg fundert. Det kan vi bidra med framover sjølv om prosjektet lever vidare.

På tvers

Juryen dreg fram at dei to bidreg til samarbeid mellom universitets- og høgskulebibliotek og andre delar av sektoren. Dette er ikkje tilfeldig. Dei bestemte seg veldig tidleg for å freista å bidra til at folkebibliotek og skulebibliotek også sette søkelys på problematikken.

– Det er så viktig å jobba med born og unge! seier Neverdal.

God og inspirerende stemning på nettsiden og på mail - jeg fikk skikkelig lyst til å være en del av dette! Det er første gang vi deltar, det hadde ikke vært mulig uten den heiagjengen dere er, i form av materiell, nettsider og mailer :)

Tilbakemelding frå deltakar

På eit vis er det som alt anna universiteta driv med, poengterer Seim. Det skal vera fagleg fundert men allment tilgjengeleg.

– Det er også litt av nøkkelen til at vi klarte det. Det er det noko med det å møtast i det vi har felles. Det har vore utruleg lærerikt for oss å snakka med folk utanfor eigen sektoren, seier Runhild Seim og freistar å formidla kjensla av å fellesskap og samhald det gav henne å lesa evalueringsrapportane etter årets veke. Så må ho gå frå intervjuet for å gjera noko knytt til hovudjobben sin.

– Vi er fulle av beundring for det folk gjer. Vi veit at mange sit åleine i ei lita stilling, men får det til likevel, seier Neverdal.

Ein pedagogisk genistrek

– No har vi kvilt i to sekund! Så no er det full fart! seier Neverdal galgenhumoristisk då eg spør om planande vidare.

Søknaden må inn, så er det snart jul. Men vidare planar er klare.

– Vi vil gjera det mest mogleg sjølvgåande, oppdatere det faglege grunnlaget og retta innsatsen endå meir mot born og unge, pluss kopla oss meir på forskinga ved UiO og andre stadar. Det er mange gode forskingsprosjekt på feltet no som folk må veta om.

Lærerne var veldig begeistret for markeringen, og brukte bøkene som utgangspunkt for diskusjoner om blant annet ytringsfrihet

Tilbakemelding frå deltakar

– Forbodne bøker og trugsmål mot demokratiet og ytringsfridomen er ikkje nett loff med Nugatti. Kva for respons får de frå befolkninga generelt? Opplever de interesse?

Ifølge Neverdal er Forbodne bøker-konseptet ein liten pedagogisk genistrek.

– For folk opplever det som spanande! Publikum blir så engasjerte, og det set i gang diskusjonar, mellom lånarar i folkebiblioteka og blant elevar på skulebiblioteket. Ei utstilling av forbodne bøker skapar direkte refleksjon om kvifor den og den tittelen er utfordra, og folk byrjar sjølve å tenka over kva avgrensar deira tilgang. Målet er å nå ut til befolkninga, å mobiliserer kampen mot dei dårlege nyhenda – utan å bli politisk.

Ein del av det vi skal driva med

– Kor kjem engasjementet dykkar frå?

– Djupt inni sjela. Dette er noko vi har hatt med oss lenge og snakka om lenge, seier Neverdal. Grunna eit forskingsprosjekt har ho følgd med på utviklinga når det gjeld utfordring og sensur av bøker i 20 år.

– Vi har ikkje valt å jobba i bibliotek fordi det gjev så høg status eller noko. Vi vil gjera informasjon og kunnskap tilgjengeleg for alle, og då følger dette engasjementet veldig tett på. Det ser vi hos andre òg. Bibliotektilsette over heile landet ser at dette er ein del av det dei skal driva med.

Men det å vera to betyr veldig mykje, understrekar ho.

– Ingen av oss hadde gjort dette åleine. Det er tilfeldig og flaks at det funkar såpass godt med den kombinasjonen. No føler vi at vi ikkje kunne gjort det saman med nokon andre. Og vi får også mykje god moralsk støtte frå kollegar og leiinga.

Men summa summarum så kokar det altså ned til idealisme.

Klikk her for å lesa meir om Pådriverprisen 2025.

Juryen for Pådrivarprisen 2025

  • Kim Tallerås, instituttleiar, arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag, OsloMet
  • Ola Eiksund, forbundsleiar i Bibliotekarforbundet
  • Tina Halkinrud, seksjonsleiar ved medisinsk bibliotek Akershus universitetssykehus
  • Sunniva Knutsen, fylkesbiblioteksjef ved Finnmark fylkesbibliotek
Powered by Labrador CMS