USA

Trump vil bygga presidentbibliotek med «fake news»-avdeling

Eric Trump var tydeleg nøgd då styresmaktene i Florida nyleg godkjende å gje bort ein svært ettertrakta eigedom i Miami til faren Donald Trump sitt planlagde presidentbibliotek. «Eg fekk biblioteket godkjent i går», sa han i ein podkast, og la til: «vi fekk den beste tomta i Florida, og eg kjem til å bygga det».

Nepotisme: Eric Trump sit etter eiga fråsegn med ansvaret for å realisera eit "bibliotek" som skal forvalta ettermælet til faren Donald Trump.
Publisert Sist oppdatert

I eit anna intervju tok presidentsonen til orde for å laga ein «fake news»-avdeling – finansiert med pengar frå forlik i søksmål mot ABC, CBS og andre medium.

Desse lite omtala utsegnene gir eit innblikk i kor ivrig Trump-familien er etter å bygga noko dei seier skal skilja seg frå alle andre presidentbibliotek – og som kan koma til å fortelja historia om presidentskapen på Trump-familien sine premissar, skriv The Washington Post 14. desember.

Kva er eit presidentbibliotek?

Amerikanske «Presidential Libraries» er ikkje bibliotek i vanleg forstand. Dei er meir arkiv og museum, minneinstitusjonar som samlar, tek vare på og formidlar dokument, arkiv og gjenstandar – tekstar, filmar, innlegg i sosiale medium, lydopptak og fotografi – som er skapte av ein president eller denne sin stab i løpet av presidentperioden eller -periodane, skriv det amerikanske nasjonalarkivet.

Når ein president går av, overtek National Archives det fysiske og juridiske ansvaret for arkiv og gjenstandar frå administrasjonen. Desse utgjer samlinga i presidentbiblioteket.

Men omgrepet «presidentbibliotek» har over tid blitt brukt om heile anlegg, museum og campusar som er vigde historia og ettermælet etter ein president, og nokre av desse blir kalla president­senter. Det varierer kva rolle National Archives har ved dei ulike stadene.

Hemmeleghald og store summar

Så langt i år har Donald J. Trump Library Foundation samla inn 50 millionar dollar, eller i overkant av ein halv milliard norske kroner. Det finst ingen føderale reglar som krev at stiftinga må opplysa om kven som donerer pengar – sjølv om desse kan ha interesser som blir påverka av Det kvite huset sin politikk. Men sjølv om dokumenta Trump sitt bibliotekfond har sendt inn til styresmaktene ikkje opplyser om finansieringskjelder, har presidenten sjølv ofte snakka ope om nokre av dei.

  • Ei gåve verdt 400 millionar dollar i form av eit Boeing 747-8-fly frå kongefamilien i Qatar (og ja, det blir spekulert i om flyet skal stillast ut i «biblioteket» når dette ein gong står klart)
  • 22 millionar dollar frå Meta
  • 16 millionar frå CBS
  • 15 millionar frå ABC
  • Delar av eit 10-millionarsforlik med X/Twitter

Demokratar har foreslått at ei ny lov, Presidential Library Anti-Corruption Act, skal hindra presidentar i å samla inn pengar til bibliotek medan og fram til to år etter at dei innehar embetet, særleg frå utanlandske gjevarar og aktørar med politiske interesser.

Demokrat-senator Elizabeth Warren meiner Trump kan vera i ferd med å bruka biblioteket som eit mogleg verktøy for korrupsjon og muting.

Omskriving av historia

Når Trump skal bygga seg eit bibliotek, kan jan velja same modell som Barack Obama, som bygger eit privat senter i Chicago der utstillingane ikkje skal gjennom føderal vurdering.

Eit slikt val krev store summar, noko som kan forklara kvifor Trump aktivt nyttar pengar frå mediesøksmål og andre kjelder for å finansiera prosjektet, skriv avisa. 

Ekspertar peikar på at dersom Trump følger Obama-modellen, kan han stå fritt til sjølv å promotera si eiga fortelling – inkludert løgna om at valet i 2020 blei stole – utan innblanding frå National Archives. Dette står i kontrast til for eksempel Richard Nixon-biblioteket, der arkivet kravde historisk fagfellevurdering av Watergate-utstillinga.

Tim Naftali, tidlegare direktør for Nixon-biblioteket, seier til The Washinton Post at han fryktar Trump vil skapa eit museum som gir eit misvisande bilete av presidentskapen.

– Ei «fake news»-avdeling vil vera veldig vanskeleg å svelga for partipolitisk uavhengige bibliotektilsette i National Archives, seier Naftali, som i dag er seniorforskingsstipendiat ved School of International and Public Affairs ved Columbia University.

Men om Trump følger Obama-modellen, vil ikkje National Archives kunna protestera, seier Naftali. Det bibliotekarane og arkivarane framleis vil ha kontroll over, er presidentpapira. Desse tilhøyrer staten og vil gradvis bli gjorde tilgjengelege på nett etter gjennomgang for gradert materiale.

Offentleg universitet gav bort milliardtomt

Tildelinga av tomt til Trump sitt "bibliotek" har skjedd etter ein prosess som ber preg av utstrekt hemmeleghald. Miami Dade College gav svært uventa bort ei 2,6 mål stor tomt i sentrum av Miami – verdivurdert til opp mot 300 millionar dollar (over tre milliardar norske kroner) til eit statleg fond. Det endelege vedtaket blei gjort i eit ekstraordinært styremøte ved universitetet som varte frå klokka 08:00 til 08:03 morgonen 23. september – utan at «Trump» blei nemnd i nokon av dokumenta. Deretter kunngjorde den republikanske guvernøren Ron DeSantis at tomta blir overført til biblioteket mot at bygginga startar innan fem år og at senteret inneheld eit presidentbibliotek, museum og/eller læringssenter.

Etter at Florida hadde godkjent overføringa av tomta, gjesta Eric Trump programmet til den konservative kommentatoren Glenn Beck. Der sa han at det var han som hadde sørgd for godkjenninga, og at han ville bygga anlegget for faren. I tråd med det som verkar å vera familien sin tradisjon gjorde han også narr av Obama-senteret, som han meinte såg ut som eit «fengsel».

– Ein heil etasje tileigna fake news

Seinare, i podkasten The Benny Show, sa Eric Trump at han ville ta imot forslaget frå programleiaren Benny Johnson om å oppretta ei «fake news»-avdeling ved biblioteket – finansiert med pengar frå forlik med ABC, CBS og andre medium. Avdelinga skulle visa klipp som han meinte dokumenterte fiendskapen media har vist mot faren hans.

– Det vi kjem til å gjera, er å spela «60 Minutes»-klippet om att og om att, om korleis dei manipulerte intervjuet med Kamala, sa Trump, med referanse til faren sin påstand om at nyheitsmagasinet redigerte eit intervju med den demokratiske presidentkandidaten Kamala Harris på ein missvisande måte. Eric Trump kalla ideen om ei slik avdeling «ein heilt fantastisk idé» og lova å laga ein heil etasje vigd til sokalla falske nyhende.

Etter at Donald Trump sette fram skuldingar mot «60 Minutes», betalte eigarselskapet bak CBS, Paramount, 16 millionar dollar i eit forlik. Selskapet har aldri kommentert spekulasjonar om at dei gjekk med på forliket for å få føderal godkjenning av eit stort pågåande oppkjøp.

Men no ser det altså ut til at mediegiganten sine pengar kan gå til å finansiera eit senter som undergrev merkevara til alle verdas bibliotek – kan henda med eit privateigd hotell på toppen.

Powered by Labrador CMS