Svenskane si «Gender Queer-sak»
Kva skjedde eigentleg på rektors kontor?
Kven får eigentleg låna Gender Queer ved Hagaskolan i Sverige? Alle, eller berre ungdomsskuleelevane? Ord står mot ord i ei sak som kan minna om det som gjekk føre seg ved Roligheden skole i Arendal for eit knapt år sidan.
I fjor haust, berre nokre veker før vi i Norge fekk vår Gender Queer-sak, tok føresette kontakt med Hagaskolan i Norrköping. Mellomtrinnsbarna deira hadde fått låna Maia Kobabe sin grafiske oppvekstroman Gender Queer, og dei var slett ikkje nøgde. Bibliotekaren Susanne Köhler blei fortald av dåverande rektor at boka ikkje var eigna for mellomtrinnet og at ho skulle flyttast til 7–9-hylla, helst høgt oppe. Elevane skulle ikkje bli lokka til lesing av boka.
Elev fortalde om lånenekt
Biblioteksbladet fortalde først om hendinga januar i år, etter at Susanne Köhler hadde bytta jobb – ifølge henne sjølv av andre grunnar. Köhler etterlyste retningsliner for å handtere føresette sine meiningar om skulebiblioteka sitt tilbod.
3. mars fortalde i Norrköpings Tidningar (NT) om mellomtrinnseleven «Kim» (anonymisert) som i januar var blitt nekta å låna Gender Queer fordi boka var «ueigna».
– Eg fekk høyra at det var nokon som hadde blitt lei seg fordi dei ikkje hadde fått låna boka, så eg gjekk og spurde skulebibliotekaren om det var sant at ein ikkje fekk låna ho. Då sa ho at boka var ueigna for oss som gjekk på mellomtrinnet, sa «Kim» til NT.
– Det er heilt sjukt, synest eg. Eg meiner at om ein har ei bok i biblioteket, skal alle kunna låna ho. Tenk på dei som verkeleg treng å lesa om nokon som er som dei, sa «Kim» vidare.
I den same avisa sa den dåverande rektoren Anne-Sofie Ottosson at alle elevar sjølvsagt fekk låna alle bøker. Ho stadfesta overfor NT at ho og Susanne Köhler hadde eit møte etter at eit foreldrepar kom med synspunkt på boka, men ho nektar for at ho skal ha innført restriksjonar. Ho seier at dei aldri snakka om noko aldersgrense, men at dei hadde ein samtale om kva bøker som bør anbefalast for visse aldrar.
– Det må ha vore ei misforståing i kommunikasjonen. Alle får låna boka, sa Ottosson.
– Kan lånast på mellomtrinnet
31. oktober publiserte Biblioteksbladet ei ny sak om konflikten. Der gjentek Malin Vejdal ved utdanningskontoret i Norrköping at det aldri har funnest noko forbod, at det aldri har blitt fatta vedtak om at boka skal vere ueigna.
– Det ein har ført ein diskusjon om, er korleis ein kan støtta elevar i vala deira av bøker, og då snakka ein ut frå den hendinga de viser til.
Boka finst i skulen sitt bibliotek, og er tilgjengeleg for elevane å låna, også dei som går på mellomtrinnet, seier Vejdal.
Når det gjeld den tidlegare skulebibliotekaren Susanne Köhler sin versjon av kva som hende hausten 2024, seier Malin Vejdal at ho ikkje vil uttala seg om ein tidlegare medarbeidar si oppleving, men forklarar at dei gjennom våren, etter at saka fekk merksemd, har sikra seg at noverande personale ikkje har den opplevinga.
– Den noverande bibliotekaren deler ikkje det bildet, seier ho.
Eg har aldri fått høyra at rektorar skal ha sagt nei til LHBTQI-litteratur.
Biblioteksbladet har søkt å nå den noverande bibliotekaren på Hagaskolan og har òg vore i kontakt med skulebibliotekkoordinatoren i Norrköping Ida Weyde. Ho viser vidare til nettopp Malin Vejdal ved utdanningskontoret og peikar på at bokbestandet blir handtert av dei respektive skulebiblioteka og rektor.
I Biblioteksbladet sin artikkel frå i januar i år refererte Susanne Köhler til eit skulebiblioteknettverk i Norrköping. Ifølgje henne hadde det kome fram i nettverket at rektorar i kommunen hadde sagt nei til innkjøp av visse bøker med LHBTQI-tematikk.
– Eg har aldri fått høyra at rektorar skal ha sagt nei til LHBTQI-litteratur. Derimot har vi diskutert på kva måte vi sikrar bokbestanden i skulane våre, forklarer Malin Vejdal til Biblioteksbladet.
– Ikkje forbod
Også noverande assisterande rektor ved Hagaskolan Anders Lundström seier til Biblioteksbladet at elevar på mellomtrinnet får låna Gender Queer.
– Slik eg har forstått det, har boka alltid vore mogleg å låna for mellomtrinnselevane. Men ein skal i biblioteket fortelja at ho inneheld grafiske bilete og at det kan vere lurt å lesa ho saman med ein vaksen. Det er slik eg har fått det forklart at det har vore.
Lundström seier også at han trur på foreldra som har fortald at ungane deira ikkje har fått låna boka.
– Eg har vanskeleg for å sjå for meg at foreldra skulle finna på noko slikt. Så det har sikkert skjedd. Det eg har fått med meg, er at det ikkje har vore noko forbod, men at vi treng å rettleia borna i låna deira.
Ord mot ord
Når Biblioteksbladet presenterer Susanne Köhler for Malin Vejdal og Anders Lundström sine uttalingar om at det aldri er fatta noko vedtak om at Gender Queer skulle vera ueigna, og at elevane skal få støtte i bokvala sine, utbryt ho først eit «oi», deretter «fine ord».
– Eg er ingen løgnar. Kvifor skulle eg ljuga? Det er bra at dei har omvurdert vedtaket sitt, men eg kjem til å halde fram med å fortelja kva som blei sagt i møtet eg hadde med den tidlegare rektoren. For meg var samtalen tydeleg. Det var ikkje noko misforståing. Det blei sjølvsagt ein diskusjon om bøker, men det var fordi eg stilte motspørsmål om korleis vi skal tenka om annan litteratur med seksuelt innhald. Eg kjem til å halda fram med å driva denne saka. No blir det endå viktigare, seier Susanne Köhler.
Ho vel å snakke om dette no eit år etter fordi ho meiner at barn og unge sin rett til fri litteratur er noko viktig. Ho etterlyser igjen retningslinjer og tydelege svar. Skal foreldre kunna påverka? Kan ein rektor forby bøker?