ordskifte
Rettleiande innhaldslister for grunnskulen
Norsken, svensken og leselistene
Dei rettleiande innhaldslistene for norskfaget er no ute til høyring. Bibliotek-Noreg bør svara, meiner barne- og ungdomsbibliotekar Ketil Reigstad. – Sjå til Sverige, oppmodar han.
Har du høyrt den om norsken og svensken som møttest i eit bibliotek?
Svensken finn fram ei lita bunke med favorittbøkene sine i biblioteket og spør:
– Tror du inte att de här böckerna kan beröra barn och tända läslust hos dem?
Norsken svarar:
– Kanskje? Men det viktigaste er jo om tekstane gir støtte til arbeidet med verdigrunnlaget i faget.
Det er ikkje ein vits, men i eit nøtteskal det eg meiner er den viktigaste skilnaden mellom svensk og norsk tilnærming til kva barn skal få lesa i skulen. Den skilnaden bør me som bibliotekarar vera medvitne om, meiner eg.
Rettleiande innhaldslister
Torsdag 12. mars vart dei norske rettleiande innhaldslistene presenterte. Listene er ein ny type støtte til lærarar i grunnskulen. Dei skal gi døme på fagleg innhald som kan brukast i undervisninga – til dømes tema, praksisar, omgrep og tekstar – men dei er frivillige å bruke og erstattar ikkje læreplanen. Listene gjeld faga musikk, norsk, og samfunnsfag (og eigne samiske lister). Det er listene for norskfaget eg har sett på.
Bakgrunnen for arbeidet forklarte kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun slik i eit innlegg på Facebook-sida si 13. mars:
«Mange trur norsk skule har eit pensum. Det har vi ikkje. Samtidig opplever mange lærarar at læreplanane er lite konkrete. Det er nettopp derfor eg har bestemt å innføre rettleiande innhaldslister.»
Ho understreka at dette ikkje handla om politisk detaljstyring. Poenget var å hjelpa lærarane litt på veg, slik at dei kunne bruka meir tid på sjølve undervisninga og mindre tid på å finna ut kva dei skulle undervisa i.
Dette er spennande tankar, og eg venta spent på lanseringa. Så kom overraskinga. Var dette verkeleg alt? Stor ståhei for så lite? Har eg misforstått?
Kva står i listene?
I norskfaget omfattar utkastet til innhaldslister litt over femti tekstar for barnetrinnet. Dei er fordelte på ulike kategoriar: songtekstar, dikt, eventyr og sagn, barnebøker, noveller og sakprosa.
Her finn ein mykje som er kjent frå før: Bjørnstjerne Bjørnson og Aasmund Olavsson Vinje. Asbjørnsen og Moe. Henrik Wergeland og Halldis Moren Vesaas. Thorbjørn Egner og Astrid Lindgren.
Nokre få nyare namn er også med, som Maria Parr og Håkon Øvreås. Det er mykje fint her. Mange av tekstane er gode inngangar til litteratur, språk og historie.
Men lista er også overraskande smal. Det finst til dømes ingen teikneseriar eller grafiske romanar. Og svært lite av den nyare barnelitteraturen som mange elevar faktisk les i dag.
Ei bokhylle skapar engasjement
Dei svenske listene omfattar heile oppveksten, frå barnehage til vidaregåande skule. Dei inneheld fleire hundre titlar frå mange ulike sjangrar: bildebøker, romanar, dikt, dramatikk og sakprosa. Det er ikkje ei kort liste. Det er ei heil bokhylle.
Tanken er ikkje å laga eit pensum. Poenget er å gi lærarar, bibliotekarar og foreldre eit rikt utval av litteratur som kan opna døra til lesing for barn og unge.
I Sverige har også kultursektoren vore tett involvert i arbeidet. Dei svenske leselistene er utvikla i samarbeid mellom svenske Skolverket og svenske Kulturrådet.
Det er ikkje tilfeldig. Skulen arbeider med læring. Kulturfeltet arbeider med litteratur og leselyst. Når desse møtest, kan resultatet bli betre enn når skulen arbeider åleine.
Dei svenske leselistene har òg hatt ein annan viktig effekt: Dei har skapt engasjement for litteraturen.
Når hundrevis av titlar blir løfta fram, byrjar samtalen raskt. Nokre oppdagar heilt nye bøker og forfattarskap dei ikkje visste fanst, medan andre reagerer på dei gode bøkene som manglar.
Nettopp dette ordskiftet er verdifullt. Det viser at listene ikkje blir oppfatta som eit lukka pensum, men som ein invitasjon til å bry seg om god litteratur. Slikt engasjement rundt bøker, kvalitet og mangfald er noko me òg burde leggja til rette for i Noreg
Kva kan me læra av Sverige?
Nokre dagar før lanseringa av dei norske rettleisande listene følgde eg med på Lesekonferansen 2026, i regi av Utdanningsforbundet og Stiftelsen LESE. Der handla det mellom anna om kva Noreg kan læra av dei svenske «läslistorna». Tammi Gustafsson Nadel frå svenske Skolverket og Anna Hällgren frå svenske Kulturrådet kom med dei beste tipsa sine til professor Jonas Bakken frå Universitetet i Oslo, som leier arbeidet med dei norske innhaldslistene i norskfaget.
Under samtalen med svenskane fortalde Bakken at han hadde spurt departementet om det kunne vera mogleg for faggruppa hans å ta med fleire bøker i listene for norskfaget – slik svenskane har gjort.
Professoren fekk nei.
Læreplanen som utgangspunkt
I Noreg startar ein i dag med læreplanen, og det kan det vera gode grunner til. Men rike og mangfaldige leselister, som dei svenske, treng ikkje vera ei motsetjing til å ha læreplanen som inngang til arbeidet med lesing. I norsk skule arbeider mange lærarar i dag med det som gjerne blir kalla «baklengs planlegging». Utgangspunktet er kompetansemåla i læreplanen, og så lagar ein oppgåver som skal føra elevane fram til desse måla.
Austevoll-skulen har no eit prosjekt saman med forskarar frå Nasjonalt lesesenter der dei trenar på metoden som blir kalla Leseplanleggjaren. Her arbeider ein med såkalla «rike oppgåver» – oppgåver som ikkje har eitt fasitsvar, men som opnar for tolking, refleksjon og samtale.
I slike opplegg kan elevane arbeida med mange ulike tekstar. Elevane kan velja bøker, utdrag eller andre tekstar som passar til oppgåva, og læraren kan leggja til rette for samtale, skriving og refleksjon rundt det dei les.
I eit slikt arbeid kan gode leselister vera ei støtte. Ikkje som pensum, men som ei rik samling av tekstar som lærarar og bibliotekarar kan henta frå. Men det fekk professor Bakken nei til. Eg meiner han bør få eit klart JA frå Bibliotek-Noreg.
Bibliotek-Noreg bør svara
Dei rettleiande innhaldslistene ligg no ute på høyring med frist 17. april. Bibliotek arbeider nettopp med det desse listene handlar om: å finna bøker som kan bety noko for barn og unge. Både folkebibliotek og skulebibliotek sit på erfaringar som kan vera viktige i dette arbeidet.
Samtidig står bibliotek fritt til å gjera noko meir. Me kan laga våre eigne leselister, gjerne med utgangspunkt i læreplanen. Lister som speglar både litteraturen barn møter i dag – og den dei enno ikkje har oppdaga. Det bør vera lister som ikkje berre spør kva tekstar som passar til læreplanen, men kva bøker som kan opna ei verd.
I siste instans handlar dette ikkje om lister. Det handlar om noko mykje enklare: at barn får møte bøker som gjer at dei vil lesa den neste. Og den neste. Og den neste.
Bidra til ordskiftet!
Har du meiningar eller refleksjonar rundt tematikken? Send eit innlegg til post@bokogbibliotek.no.