Leiar Bok & bibliotek 1/24

Fossefeberen kan øydelegga for leselysta

Vi har fått ein norsk nobelprisvinnar i litteratur, for første gong i moderne tid. Undset, Bjørnson og Hamsun fortente den sikkert òg, men dei fekk prisen i ei tid då «verda» betydde den europeiske kulturkrinsen, for ikkje å seia den skandinaviske. Heile åtte svenskar har gjennom åra motteke denne svenske prisen. Systema for kjøp og sal av rettar over landegrenser og tilgangen på skulerte attdiktarar var heller ikkje utvikla som i dag. Det kan ikkje vera tvil: Det at Jon Fosse fekk prisen i 2023, er ovstort. 

Flaumen av atterhaldsfrie Fosse-ovasjonar kan undergrava fundamenta til bruene bibliotektilsette kvar dag freistar å få folk til å kryssa

Gratulantane har stått i kø. Glade, rørte og stolte forfattarar har sett tonen, og eit blanda kor av ytrarar har stemt i. Mange har elska Fosse sin litteratur lenge. Det er grunn til å tru at NRK si maratonsending med opplesing av alle teaterstykka hans gav mange dei første blikka inn i dette særmerkte litterære universet. Sal og utlåna har teke av. Samlaget har gode dagar.

Alle vitnemåla frå glitrande gode lesarar borgar for at Jon Fosse er ein av dei aller beste forfattarane. Men sjølv likar eg han ikkje så godt.

Alt ligg til rette for at eg skal lika og forstå Fosse. Eg er vestlending med familiehytte og slektsrøter i ei nabobygd til Strandebarm (så langt tilbake som mor mi har greidd å granska). Eg er nynorskmann og litteraturvitar, kjenner bedehuskulturen og ror rett som det er trebåt på ein fjord. Eg trur på Gud og brukte ungdomstida på å spela i band og gro håret langt nok til hestehale. Likevel finn eg jamt over stilen hans masete og langdryg. Den minner meg om sånne som, når dei først har fått ordet, fortel den same forteljinga om igjen og om igjen, dei som, for å halda merksemda lengst mogleg, brukar altfor mange ord på å seia noko som kunne vore sagt mykje meir presist.

Du skal vita eg har freista. Det er minst tjue år sidan første gong. No freistar eg att, denne gongen med Det andre namnet. Og jau, eg finn tankar, bilete, motiv, passasjar som set seg i meg og vil bli der. Og livet har lært meg at det som er tungt å lesa, ofte er det som festar seg best. Men alt i alt er det meir ein kamp enn ein svir. Og det er då det slår meg: Korleis er dette for andre? For dei som ikkje er ein del av litteratursfæren, men som står utanfor og ser inn? Alle dei som anten har liten kulturell kapital eller har investert den i ein valuta som ikkje så lett let seg veksla inn i vestlandsfjordar repeterande språk utan punktum?

For meg er det opplagt at denne flaumen av atterhaldsfrie Fosse-ovasjonar kan undergrava fundamenta til bruene bibliotektilsette kvar dag freistar å få folk til å kryssa – over kulturkløfter og mellom forståingshorisontar.

Vi vil at alle skal lesa bøker; både finansfolk med dress, tenåringar med TikTok og pensjonistar med sjølvstrikka sjal. Skal vi lukkast med det, trur eg vi må vera flinkare til å kommunisera tydeleg at lesing er lesing og, om ikkje heilt, så i alle fall nesten, like verdifull anten du likar Fosse eller Follet.

Vi må snakka ærleg om dei komplekse leseopplevingane.

 

 

Powered by Labrador CMS