Episode #45 av podkasten Bok & bibliotek

Mange VGS-elevar har aldri lært kjeldekritikk 

Lærarar meiner dei underviser godt om kjeldekritikk. Elevane meiner dei aldri har lært det, verken på barneskulen, ungdomsskulen eller i vidaregåande. Dette kan du høyra meir om i episode #45 av podkasten Bok & bibliotek.

Blinde flekkar: Elevar spør ofte ikkje læraren om hjelp til å finna gode og truverdige kjelder og referera dei på rett vis. Dette fann skulebibliotekar Anne Brit Ingholm då ho intervjua nokre av dei i samband med ein rapport til Holbergprisen (dette er eit illustrasjonsbilete).
Publisert Sist oppdatert

Som første skuleibliotekar nokon sinne vann Anne Brit Ingholm Holbergprisen sin lærarpris for rapporten «Jeg tror lærerne bryr seg om hvilke kilder vi bruker, men de pleier ikke å si noe om det.» 

Under VIRAK-konferansen 2025 4. til 5. juni presenterte ho innhaldet – om korleis avgangselevar i den vidaregåande skulen oppfattar opplæringa i kjeldekritikk og kjeldeføring. Det ho fann var ganske så urovekkande. 

Etter foredraget fekk Bok & bibliotek sitta ned med Ingholm og ein av tilhøyrarane, Pål Steiner. Han er førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Bergen og med i ei forskingsgruppe som med utgangspunkt i Ingholm si undersøking spurte lærarar kva dei meinte om si eiga undervising i kjeldekritikk. Episoden er ein miks av utdrag frå Ingholm sitt foredrag og samtalen etterpå.

Noko av det vi kjem inn på, er korleis betalingsmurar kan vera eit demokratisk problem, behovet for eit mykje tettare samarbeid mellom skulebiblioteka og universitets- og høgskulesektoren, utfordringa med at rektorar ikkje veit korleis dei kan bruka skulebibliotekarane, og gode skulebibliotek – med skulebibliotekarar – som det viktigaste bidraget til å løysa problemet med at nye borgarar veks opp utan å kunna kjeldekritikk.

Undervegs i samtalen siterer intervjuaren forsking om korleis digitaliseringa påverkar forskarar sitt kjeldetilfang. Artikkelen det er snakk om blei publisert i Science i 2008 og er skriven av sosiologen James A. Evans. I «Electronic publication and the narrowing of science and scholarship» skriv han om korleis nettbaserte tidsskrift gjer det lettare å finna og dela informasjon, og er enkle å søka i. Men sidan forskarar ofte søker målretta og klikkar seg rundt via lenker i staden for å bla, kan det endra korleis dei brukar forsking. Evans analyserte bruken av 34 millionar artiklar og fann at etter kvart som fleire tidsskrift kom på nett, blei det vanleg å sitera nyare artiklar frå færre kjelder. Før, då forskarar måtte på biblioteket og bla i papirutgåver, las dei breiare og kanskje djupare. No går det fortare, men forskarar endar oftare opp med å lesa og sitera det same som alle andre – ikkje så ulikt ein innleveringspressa elev i vidaregåande skule, med andre ord.

Dette er den tredje episoden med innhald frå VIRAK 2025, og det blir ikkje den siste.

Powered by Labrador CMS