Ut mot automatisk innkjøp av dårlege bøker
NFFO vil ha automatisk innkjøp for sakprosa, som for skjønnlitteratur. «Det skrives utrolig mange dårlige bøker. De har ingenting i bibliotekene å gjøre,» kontrar Grethe Fatima Syéd og kallar innkjøpsordninga ei heilag ku.

– Katastrofe, seier forskaren og forfattaren Syéd om ein tenkt situasjon der det kom kassevis med sakprosa på Kulturfond til biblioteka. Ei slik ordning ville drukna biblioteka i verdilause bøker, uttalar ho til Klassekampen 28. juli
Ho har sjølv sete i vurderingsutvalet for ny norsk sakprosa og er forfattar av både sak- og skjønnlitteratur.
Pensjonerte historielektorar
«Om ordningen for sakprosa ble automatisk, ville vi druknet i bøker av pensjonerte historielektorer fra ymse fjordarmer som skriver minutiøse beskrivelser av hva som skjedde i akkurat deres lille bygd under andre verdenskrig, men som ikke har verdi for historien for øvrig, og i alle fall ikke litterært,» seier Syéd til Klassekampen.
Litteraturvitaren er einig med fungerande leiar i NFFO Jørgen Lorentzen i at innkjøpsordninga for sakprosa i dag er underfinansiert. I fjor fekk 171 bøker avslag grunna manglande finansiering, fortel Lorentzen til Klassekampen. Men forslaget hans, som får støtte frå SV Kathy Lie i SV, om å gjera sakprosaordninga automatisk, har Sy altså lite til overs for.
Innkjøpsordninga – ei heilag ku
Syéd er også kritisk til innkjøpsordninga for skjønnlitteratur. Den er for god, men er blitt ei heilag ku som få tør å problematisera. Då ordninga blei oppretta på 1960-talet kunne ein omtrent telja debutantar og lyrikkutgjevingar på ei hand. I dag druknar biblioteka i bøker dei pliktar å ta inn, og som gjerne hamnar i bosset eller i hylla merkt «Til utdeling» etter få år, seier ho.
«Det skrives utrolig mye verdiløst, både av sakprosa og skjønnlitteratur. Forskjellen er at mer av det skjønnlitterære finner veien til bibliotekene.»
Lurar ferske forfattarar
Syéd meiner forlaga i for stor grad lener seg på innkjøpsordninga for skjønnlitteratur, som sikrar tilbakebetaling av mykje av utgiftene ved ei skjønnlitterær utgjeving. Hadde det vore eit element av usikkerheit, ville forlaga lagt seg meir i selen.
Ho trur også ordninga gjer mange ferske forfattarar ei bjørneteneste ved å innbilla dei at dei har prestert eit godt stykke litterært arbeid all den tid dei blir innkjøpt – noko dei aller fleste altså blir.
Flaumen av bøker i den norske bokheimen gjer det også vanskeleg for lesarar og kritikarar å ha oversikt over feltet og føra gode samtalar om litteratur, meiner Grethe Fatima Syéd.