Ordskifte
Svar om J.K. Rowling og mobbing
Mobbar Bok & bibliotek J.K. Rowling? Har tidsskriftet gjort seg til ein nyttig idiot for aktivistiske krefter som står bak ein hetskampanje mot forfattaren?

Først av alt vil eg takka for tilbakemeldinga på saka Avfortryllingen av J.K. Rowling. Vi treng lesarar som seier frå.
I innlegget ditt Bok & bibliotek sin omtale av J.K. Rowling er mobbing skriv du at artikkelen i staden for å «... gå i dybden på den prinsipielle betydningen av dommen bruker [...] anledningen til å gjenta og bygge på en velkjent og dokumentert hetskampanje mot forfatteren J.K. Rowling. Artikkelen forklarer og vinkler den suksessrike forfatterinnens reaksjon på seieren i høyesterett og underslår kampen hun har tatt for marginaliserte kvinner i en årrekke.»
Bok & bibliotek har ein agenda med denne saka, som med alt vi gjer. Men den er ikkje å ta stilling for eller imot den eine eller andre sida i transdebatten. Tvert om var målet med saka å bidra til refleksjon og empati hjå alle som måtte lesa den. Vi ville visa at Rowling har både personlege erfaringar og ein kjønnspolitisk ståstad som kan forklara engasjementet hennar rundt transspørsmål. Samstundes ville vi visa at høglytt og kompromisslaust engasjement frå ein så mektig person som J.K. Rowling kan bidra til harde frontar i debatten, og veldig krevjande personlege dilemma for til dømes ein bibliotekar som er sett til å forvalta og formidla verket hennar.
Som redaktør tek eg sjølvkritikk på at saka nok blei for einsidig. Tanken min var at denne formuleringa frå Merete Lie balanserte bibliotekaren sine karakteristikkar av J.K. Rowling: «Om noe har den britiske høyesterettsdommen, snarere enn å tilspisse diskusjonen, ´flyttet pilen nærmere J.K. Rowling [...] i forhold til at det er helt okei å si at det er to kjønn´». Som følge av kritikk frå deg og andre lesarar ser eg no at saka kunne hatt ei stemme til som tydelegare utfordra den anonyme bibliotekaren sin posisjon.
Men det er eit kategorimisstak å bruka ordet mobbing om journalistikk som tek for seg ein så mektig person som J.K. Rowling. Ifølge Store norske leksikon er mobbing definert som aggressiv åtferd som blir gjenteken over tid og er karakterisert ved eit ujamt styrkeforhold – altså at ein med meir makt oppfører seg ufint og aggressivt mot ein med mindre makt. Sjølv om ein les Bok & bibliotek sin journalistikk om J.K. Rowling sin aktivisme mot transpersonar sine rettar som aggressiv, kan det ikkje vera tvil om kven som sit med mest makt i relasjonen. Det er J.K. Rowling.
Eg trur ikkje Rowling ønskjer eller freistar å mobba nokon. Tvert om viser tweeten hennar frå 2019, då ho gjekk ut og støtta Maya Forstater som blei sparka frå jobben sin som følge av transkritiske ytringar (og som vi gjev att i saka du kritiserer), at Rowling er oppteken av å understreka at ho ikkje vil stoppa nokon frå å kle seg, te seg eller kalla seg det eine eller det andre. Men det er grunn til å stilla spørsmål ved om ho får det godt nok til, og om ho har eit tilstrekkeleg reflektert forhold til eiga makt.
Bok & bibliotek sitt mandat er å lyssetta biblioteksektoren. Med denne saka freista vi å gje kontekst og innsikt til bibliotektilsette som skal forvalta J.K. Rowling sitt verk.
Vi lukkast kanskje ikkje heilt, men mobbing var det likevel ikkje.