Episode #46 av podkasten Bok & bibliotek
Den store litteraturpolitiske debatten
Få oversikt over partia sin litteratur- og kulturpolitikk i den nye episoden av podkasten Bok & bibliotek.

Kva vil politikarane gjera for at folk skal lesa meir? Kva meiner dei om om innkjøpsordninger, momsfritak for bøker, biblioteka si rolle og trykte læremidlar? Og er tidsskrift kultur, eller ikkje? Dette og mykje meir blei diskutert då Prosa – Tidsskrift for sakprosa inviterte til litteraturpolitisk debatt i Oslo 17. juni i år.
Høvet var lanseringa av utgåve 2-25 med stortingsvalet som tema. Bok & bibliotek-redaktør Arne Olav Hageberg var ordstyrar, og vi har fått lov til å publisera debatten i podkasten vår.
I starten av episoden gjestar Prosa sin redaktør Roman Linneberg Eliassen Bok & bibliotek-studioet for å fortelja litt meir om rammene for debatten. Deretter kan du høyra denne gjengen i fri dressur på scena til Fritt ord i Uranienborgveien 2 i Oslo:
- Marte Blikstad-Balas, styreleiar i NFFO
- Trude Storheim, statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet, Arbeiderpartiet
- Silje Hjemdal, kulturpolitisk talsperson, Fremskrittspartiet
- Kathy Lie, kulturpolitisk talsperson, SV
- Arve Juritzen, bystyrerepresentant i Oslo for Høyre
- Grunde Almeland, kulturpolitisk talsperson, Venstre
- Arne Olav Hageberg, redaktør i Bok & bibliotek (ordstyrar)
Klikk her for å lesa Prosa sin partiguide for litteraturfeltet – med både skjematisk og meir inngåande presentasjon av partia sine standpunkt. Denne låg til grunn for debatten.