Kvoten er tom – fribyplassar står ledige
Mange forfølgde ytrarar risikerer tortur og drap i heimlandet. På norske bibliotek står fribymedarbeidarar klare til ta dei imot. Men kvoten for overføringsflyktningar var oppbrukt i juni. – Styresmakter i heile Europa kastar FN under bussen, seier ICORN-direktør Helge Lunde.

Regjeringa har sett kvoten for overføringsflyktningar i 2025 til 500 personar. Berre ti prosent – 50 plassar – er sette av til den såkalla opne kvoten der ICORN i samarbeid med Norsk PEN kan fremja søknader. I år fekk dei berre innvilga plassar til fem fribykunstnarar og familiane deira.

– Vi treng 35 til 50 plassar årleg, seier direktør i International Cities of Refuge Network (ICORN) Helge Lunde. Men i og med den minimale 2025-kvoten var alle plassane i år brukte opp allereie i juni.
Tre inviterte stod klare til å reisa til Norge, men fekk kontrabeskjed på kort varsel i juni. Den eine er ein journalist frå Afghanistan som har skrive om kvinnerettar og risikerer å bli drepen ved retur til heimlandet. Den andre er ein poet og akademikar på flukt med ektefelle og eit lite barn. Vedkomande fryktar fengsling, tortur eller drap ved heimreise. Den tredje, ein biletkunstnar frå Iran som har dokumentert menneskerettsbrot gjennom kunsten sin, tilhøyrer ein etnisk minoritet, noko som forsterkar forfølginga.
– No har vi, på bakgrunn av vårt gode samarbeid med UDI, likevel fått sendt inn søknad for ein av dei tre, fortel Lunde til Bok & bibliotek.
– Politisk forfall
– Vi har aldri vore i nærleiken av å bruka så mykje tid på lobbyverksemd som det vi har gjort siste året, fortel Lunde.
Saman med Norsk PEN har ICORN lagt fram saka si for gruppene på Stortinget.
– Det seier noko at vi ikkje har klart å snu det. Det har med Ukraina å gjera, men også med det heilt unisone ...
Han stoppar opp litt. Så er det som han tek sats.
– ... forfallet. Det er ei avskriving av ansvar frå sosialliberale parti over heile Europa, med Spania som eit anstendig unnatak, som heilt ukritisk har abonnert på høgre og ekstreme høgre sin retorikk om flyktningsituasjonen. Det er blitt ei uttalt sanning langt utpå venstresida at om ein ikkje er streng i flyktningpolitikken, så får høgresidasida makta ved neste val.
LES OGSÅ
Ifølge Lunde er Danmark det mest ekstreme dømet på eit sosialdemokrati som vil «outsourca» heile flyktningpolitikken. Norge ligg endå eit stykka bak i løypa, men kor lenge?
– Det er blitt umogleg å koma gjennom med argument som at kvoteflyktningane utgjer ein forsvinnande liten del av totalen, men som FN ber Norge om å ta seg av.
FN under bussen
Dei sameinte nasjonane har lenge bede Norge om å ta imot 5000 kvoteflyktningar i året.
Ifølge Amnesty er kvoteflyktningordninga eit av få lovlege alternativ til båtsmuglarar og farlege grensepasseringar. Det er ei ordning som skal sørga for at torturoffer, einslege kvinner, sjuke, spesielt utsette born og forfølgde som ikkje kan få tilstrekkeleg vern i nærområda, skal få ein ny sjanse i et anna land.
Helge Lunde fortel at dei siste regjeringane fram til 2022 likevel fann at 3000 var bra – altså nær halvparten av det FN bad om.
– Men så har det berre gått nedover etter det. Ein grunn er Ukraina. Vi har teke uforholdsmessig mange derfrå i forhold til dei andre skandinaviske landa, til dømes, og kapasiteten i kommunane er pressa. Men det gjekk frå 3000 til 2000 til 1000 – og 500 no i 2025. Og skadde barn med familiar som Noreg no tek imot frå Gaza, kjem også som kvoteflyktningar.
50 av desse 500 utgjer ein såkalla open kvote. På denne freistar ICORN å få inn flest mogleg fribyforfattarar, i konkurranse med FN sitt eige flyktningorgan UNHCR og til dømes internasjonale straffedomstolar og utanriksstasjonar.
Norge er noko for seg sjølv
Regjeringa sitt forslag for 2025 var faktisk på berre 200 kvoteflyktningar. Men etter forhandlingar med støttepartia landa dei på 500. ICORN sitt håp og lobbymål var så å få fleire plassar i samband med revidert nasjonalbudsjett. Men det stranda altså.
– No er det valkamp, og vi må ansvarleggjera dei politiske partia. Kva skjer når budsjettet for 2026 skal leggast fram av den nye regjeringa? undrar Lunde.
ICORN er ein internasjonal organisasjon. I skrivande stund er nye fribykunstnarar og -journalistar på veg til Berlin, Gävle, Lyon, Østersund, Malmø, Praha, Katowice, Pittsburgh, Helsinki, Krakow og Barcelona. Men i Noreg står ni kommunar klare til å invitera utan å veta kva som skal skje no når kvoten er brukt opp. Dei ni er Nesodden, Sarpsborg, Kristiansand, Lillehammer, Tromsø, Porsgrunn, Skien, Alta og Tokke. Og dei som ikkje får busett nokon no, konkurrerer med alle norske byar som vil få ledig plass og ønskjer å ta imot ein ny fribykunstnar i 2026.
Sjå for deg at du bur i ei samfunn prega av undertrykking og tankekontroll. Du nyttar ytringsfridomen din til å kritisera undertrykkarane, og namnet ditt dukkar opp på ei dødsliste, eller kanskje du på mirakuløst vis overlever eit attentatforsøk. Du ser deg nøydd til å ta med familien hals over hovud i eksil til eit naboland – utan nettverk, utan pass, utan plan og von. Dette er ytrarane som Norge ikkje finn plass til. Dette er også dei som ofte ikkje passar dei andre ICORN-landa sine rammer med to års kunstnarresidens mest for enkeltpersonar.
Norge er nemleg eit unnatak i nettverket: Fordi ytrarane som kjem hit, får plass som kvoteflyktningar, er vi dei einaste som kan ta imot større familiar, personar med store helseutfordingar og dei som manglar pass. Altså ofte dei som treng beskyttelsen mest.
– Avgjerande for menneske i fare
«Gjennom Icorn har norske byer tilbudt en utstrakt hånd, en livline, og skapt plasser der ytringsfriheten kan blomstre – en grunnleggende verdi som styrker demokratiske samfunn over hele verden.»

Sitatet er henta frå eit lesarinnlegg i Stavanger Aftenblad som journalist og fribyforfattar i Kristiansand Wahab Michael Sbhatu skreiv før jul i fjor, då det blei kjent at regjeringa ville kutta kvoten for overføringsflyktningar til 200.
I 12 år arbeidde Sbhatu som journalist i heimlandet Eritrea og nabolandet Sudan. I 2023 blei han fribyforfattar i Kristiansand.
«Gjennom Icorn-programmet har jeg funnet et støttende miljø hvor jeg kan skrive uten frykt, jobbe med andre journalister i eksil og løfte frem saker som ellers ville blitt undertrykt, både i mitt hjemland og globalt.
Å bo i Kristiansand, en friby som gir beskyttelse, har ikke bare gitt meg tryggheten jeg trengte, men også ressursene til å utvikle mine journalistiske ferdigheter. [...] I Norge har jeg muligheten til å styrke stemmene til de marginaliserte i mitt hjemland. Jeg har kunnet publisere undersøkende rapporter og personlige historier som avdekker menneskerettighetsbrudd og korrupsjon. Denne erfaringen har styrket min besluttsomhet om å fortsette å kjempe for sannhet, rettferdighet og åpenhet, uansett hvor jeg befinner meg. Icorn og Norge har ikke bare gitt med et fristed, men også på nytt tent min forpliktelse til journalistikken, og gitt meg friheten til å følge min karriere fullt og uten restriksjoner. Norsk PEN og Icorn har hatt en avgjørende rolle i å gi beskyttelse til mennesker i fare, spesielt til journalister, forfattere og kunstnere.»
Situasjonen etter valet
For ICORN er 2026 eit stort spørjeteikn.
– Skal vi setta i gang med søknadsprosessar i tilfelle det blir fleire plassar? Så ser vi at Sylvi Listhaug vann valet og det blir endå vanskelegare, og vi må seia til den forfølgde ytraren: «Nei, dessverre, vi trudde vi skulle skaffa deg ei trygg hamn, men kan ikkje likevel.» Eller skal vi venta til vi ser statsbudsjettet for 2026 – noko som betyr at alt blir sett på vent i eit halvt år? Vi står i eit frykteleg dilemma, men eg tenderer mot at vi må ha håp og ta sjansar på bakgrunn av det , seier Helge Lunde.
– Dette er eit grotesk feilutslag av ein politikk som vi har sett utvikla seg over tid, der ein kastar FN under bussen. SV har stått på barrikadane for ein kvote på 5000 og gjer det framleis. Men då dei var i forhandlingar om budsjettet i fjor, var det andre saker som vann fram. KrF har også programfesta 5000, men kor budde er dei på å prioritera det i eventuelle regjerings- og budsjettforhandlingar? Det kan mange av oss ha tvil til.

Men Helge Lunde minner om at det i Norge er tverrpolitisk semje om at dei som kjempar for ytringsfridom, må vernast.
– Det er jo det ICORN sitt arbeid handlar om. Likevel, i og med at vi i Noreg tek dei inn som flyktningar, hamnar vi midt i det flyktningpolitiske feltet og ser kor skummelt det er med muren rundt EU og mot sør i USA.
– Vis fram arbeidet!
Fribyarbeidet lokalt i kommunane er ofte organisert via eller i samarbeid med folkebiblioteket. Vi spør Helge Lunde om det er noko norske bibliotekarar kan gjera om dei ønskjer å påverka situasjonen.
– Det blir gjort veldig mykje bra i dei norske fribyane, men det kan gjerast endå meir! Det er enormt viktig at folk tek affære, løfter fram arbeidet og viser at ein er friby og er stolt av arbeidet. Det gjeld å bli så synleg som mogleg. Meir konkret kan ein jobba for å bevisstgjera lokalpolitikarane, seier Lunde og peikar på at det til dømes blei mange ordførarar frå Høgre ved sist kommuneval.
– No er tida for å visa dei kor viktig fribyarbeidet er – så kan dei påverka sin eigen nasjonale organisasjon om det blir blå siger i stortingsvalet i haust.
LES OGSÅ
Det er ikkje til å stikka under stol at Stavanger er ein bjøllesau i fribyarbeidet. Dei var dei første i landet til å ta imot ein fribyforfattar og har i dag bygt opp eit omfattande ytringsfridomsarbeid rundt ordninga. Dei får i stand mykje som kan inspirera andre, som foto- og portrettserien «Folkene i byen vår» som har rulla i Stavanger Aftenblad denne sommaren. Journalist Arild I. Olsson og den jemenittiske fotografen og fribykunstnaren Hayat al-Sharif har portrettert 18 menneske som har kome til Stavanger frå andre land.
– Det gjeld å få fram historiene, å visa at i min kommune er det personar som har vore knebla, men som no får uttrykka seg fritt og kan vera med og endra situasjonen også i heimlandet sitt, seier Lunde.
Om ein allereie er friby, er dette tida for å skriva orienteringssaker om arbeidet til kommunestyret.
– Det er ein akutt situasjon, konkluderer ICORN-leiaren.
Skal ordninga leva vidare, må politiske ideal og vilje mobiliserast.