Litteraturpolitikk
Dansk kulturminister vil ha «norsk» bokmoms
Danmark har verdas høgaste bokmoms, på 25 prosent. No tek kulturminister Jakob Engel-Schmidt frå sentrumspartiet Moderaterne til orde for å avskaffa den.

I Danmark er momsen den same anten du kjøper flatskjerm, flyreise, ferdigmat eller bøker. Finland, Sverige og Norge har til samanlikning bokmoms på høvesvis 14, 6 og 0 prosent.
«Det er noko smått absurd over at Danmark, eit land som likar å kalla seg ein kulturnasjon, framleis har full moms på bøker,» skriv debattredaktør i Politiken Christian Johannes Idskov i ein kommentar.
– Det er for tidleg å seia noko sikkert. Men signalet frå meg er klart: Som kulturminister vil eg jobba for at momsen på bøker blir fjerna, seier kulturminister Jakob Engel-Schmidt til same avis.
Danske bokhandlarar, forlag og forfattarar har i fleire tiår anbefalt at momsen på bøker bør fjernast. Men den politiske støtta har ikkje vore der. No ser derimot kulturministeren ut til å ha lytta til ei arbeidsgruppe for litteratur som han sjølv sette ned i fjor. Ein rapport dei leverte i mai i år konkluderte med at fjerning av momsen på laussal av både trykte og digitale bøker kan gje bøker og lesing eit løft.
300 millionar danske
– Kvalitetslitteratur er for dyrt. Og det er oppsiktsvekkande at det for eksempel er null moms på nyheiter. Du betalar ikkje moms når du går ut og kjøper ei avis. Derimot gjer du det når du vil bli inspirert av sakprosa eller fiksjon, seier Jakob Engel-Schmidt.
Det vil kosta statskassa opptil 300 millionar danske kroner i året å fjerna bokmomsen, anslår ministeren. Med dagens kurs på 1,58 tilsvarar 474 millionar norske kroner. Han kan difor ikkje garantera at det får gjennomslag. Men i intervjuet dreg han fram dei moglege kostnadane av å lata vera.
– I situasjonen vi er i, der presset på kulturen og verdiane våre aukar, er lesing, den indre opprustinga og fremjing av dansk kultur, spesielt for dei yngste generasjonane, noko vi ikkje berre må ta på alvor, men også proaktivt skapa betre føresetnadar for.
Heller bemanna skulebibliotek?
Då Sverige i 2001 reduserte sin bokmoms til 6 prosent, analyserte Bokhandler- och förlagsforeningen effekten. Tre år etter fann dei ein auke i boksalet, men at bokkjøparane var dei som allereie las. Å skapa nye lesarar krev ekstra tiltak.
Politiken sin journalist spør kulturministeren om det ikkje ville vore betre å bruka 300 millionar på betre skolebibliotek og fleire skulebibliotekarar.
– Eg er einig i premisset, svarar kulturministeren. – Det er ikkje sikkert at det å avskaffa bokmomsen åleine vil snu trenden. Men det er ein del av terrenget som må forserast før vi kjem ut av lesekrisa.
Prosjektmidlar til biblioteka
Tidlegare kulturministrar har argumentert mot kutt av bokmoms med å seia at statens pengar er betre brukte på å støtta litteraturen som blir rekna som kvalitetslitteratur, og som verkar inn på dei som særleg treng å møta litteraturen.
Jakob Engel-Schmidt legg til at staten allereie brukar store beløp på målrette litteraturstønad. Til dømes har regjeringa nyleg løyvd 24,4 millionar danske kroner som utviklingsmidlar til folkebibliotek og skulebibliotek. 20,4 millionar kroner skal gå til å styrka samarbeidet om lesekultur, særleg blant born og unge, medan 4 millionar kroner skal gå til å styrka digital bibliotekutvikling og digital lesekultur.
– Men det trengst fleire verkemiddel. Eit av dei er å sørga for at boka kan konkurrera med dei billege underhaldningstilboda som finst, og som dessverre er i ferd med å konkurrera ut boka. I dag er den klassiske boka dyrare enn eit abonnement på HBO, Netflix, Amazon Prime eller Spotify, seier kulturministeren.
Det vanskelege og merkelege
I kommentaren sin argumenterer debattredaktør Christian Johannes Idskov for at fjerning av bokmomsen vil vera ei konkret politisk stadfesting av at bøker, i sær dei smale, vanskelege og merkelege, er verdt å beskytta og at dei utgjer eit nødvendig fundament for eit tenkande samfunn.
Neste folketingsval i Danmark blir hausten 2026. Engel-Schmidt sitt parti Moderaterne er del av ei fleirtalsregjering saman med partia Socialdemokratiet og Venstre, den sokalla SVM-regjeringa.