Åse Wetås blir ny nasjonalbibliotekar
Åse Wetås blir i statsråd i dag utnemnd til ny nasjonalbibliotekar. Ho kjem frå stillinga som direktør i Språkrådet, der ho har vore i ti år.
– Etter ti år i som direktør i Språkrådet gler eg meg til å ta fatt på nye oppgåver saman med flinke fagfolk i Nasjonalbiblioteket, kommenterer Åse Wetås ifølge ein e-post frå konstituert nasjonalbiblitoekar Trond Myklebust til dei tilsette i NB.
Nøyaktig tidspunkt for tiltredinga er ikkje endeleg avklart, men det blir teke sikte på første halvdel av april.
Åse Wetås har altså vore direktør i Språkrådet sidan 2015. Ho har doktorgrad i nordisk språkvitskap frå Universitetet i Oslo frå 2008.
Jaffery: – NB er i trygge hender
I ei pressemelding frå Kultur- og likestillingsdepartementet uttalar Lubna Jaffery at Nasjonalbiblioteket med Åse Wetås får ein svært god nasjonalbibliotekar.
– Wetås har solid leiarerfaring og god forståing for samfunnsoppdraget, og eg er sikker på at Nasjonalbiblioteket er i trygge hender under leiinga hennar, seier kultur- og likestillingsministeren.
– Nasjonalbiblioteket sitt oppdrag handlar om å forvalta kulturarven vår, gjera kunnskap tilgjengeleg for alle og leggja til rette for demokrati og ein opplyst offentleg ordskifte. Det er svært meiningsfulle og viktige oppgåver som eg gler meg til å arbeida med, saman med eit stort lag av dyktige fagfolk, seier Wetås ifølgje departementet si pressemelding.
Mykje språk og litt anatomi
Wetås er 53 år gammal og bur i Drammen med mann og ei snart 20 år gammal dotter.
Ho har eit hovudfag i nordisk språk- og litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo og ein doktorgrad (dr.art.) i nordisk språkvitskap frå same stad. Hovudoppgåva handla om namneskiftet frå Kristiania til Oslo, medan doktoravhandlinga studerte bortfallet av kasus i mellomnorsk språk (perioden 1350-1500). I fagkrinsen sin har ho i tillegg engelsk og lingvistikk, og dessutan første året av embetsstudiet i medisin.
Frå 2005 til 2008 arbeidde Åse Wetås som forskar i prosjektet Norsk Ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo. Frå 2008 og fram til fullføringa av ordboksverket seinhausten 2015 var ho direktør for prosjektet, som i full drift hadde opp mot 35 tilsette forskarar ved UiO og NTNU.
– Me gler oss til å få Åse på plass som ny sjef og at ho leiar oss trygt inn i ei framtid med nye utfordringar, uttaler Trond Myklebust, som leier NB til den nye nasjonalbibliotekaren er på plass.