Epstein-filene

Norsk bibliotekforening beheld beskyttarskapen frå  kronprinsesse Mette-Marit

Det skriv Se og Hør måndag. Foreininga stadfestar også å ha fått eit brev frå Slottet om saka.

Beskyttar: H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit på Fredrikstad bibliotek 28. januar i år då ho og kronprinsen deltok under feiringa av hundreårsjubileet for bibliotekbygget.
Publisert Sist oppdatert

Norsk bibliotekforening er blant dei 21 organisasjonane kronprinsesse Mette-Marit er høg beskyttar for.

Den siste tida har fleire av organisasjonane meldt at dei vurderer om dei skal behalda beskyttarskapen frå kronprinsessa etter alt som har kome fram i Jeffrey Epstein-filene.

Også Norsk bibliotekforening har sett seg nøydde til å vurdera kva dei skulle gjera vidare, skriv Se og hør.

«Vi synes dette er alvorlig, vanskelig og krevende, og har stadig dialog internt og med styret», sa leiar Helene Voldner til Se og Hør sist veke.

«Vil avvente nærmere informasjon»

I eit styremøte måndag kveld avgjorde styret i Norsk bibliotekforening å halda fram samarbeidet med kronprinsessa, skriv Se & hør. Til Bok & bibliotek presiserer Voldner at beskyttarskap ikkje er det same som samarbeid, og at foreininga avventar vidare informasjon frå Kongehuset. 

– Vi ønskjer ei god utgreiing om saka, og vil deretter gjera ei endeleg vurdering. Når det kjem ei uttaling frå H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit, vil styret ta stilling til spørsmålet. Dette er ein viktig og krevjande diskusjon både med tanke på innhald og prinsipielle vurderinger. 

Se og Hør siterer ei tekstmelding frå Voldner til dei. «Den siste tiden har det blitt kjent at H.K.H. Kronprinsessen har hatt kontakt med overgrepsdømte Jeffrey Epstein, og at denne har vært mer omfattende enn tidligere kjent», skriv Voldner til Se og Hør. «Vi har nylig mottatt brev fra Det Kongelige Hoff som omtaler beskytterskapene. Norsk bibliotekforening tar denne saken svært alvorlig», held ho fram.

– Alvorleg: Norsk bibliotekforening tek saka svært alvorleg, uttalar leiar Helene Voldner. I eit styremøte på måndag bestemte dei seg for å behalda H.K.H. Kronprinsesse Mette Marit som høg beskyttar. No ventar dei på vidare informasjon frå Slottet.

«Vi setter pris på informasjon fra Kongehuset, og at det er direkte kontakt og dialog med organisasjonene hun er høy beskytter for. Vi vil avvente eventuell nærmere informasjon som kommer.»

Beklagar djupt

Kronprinsessa har vore Norsk bibliotekforening sin kongelege beskyttar sidan 2016.

Fredag 6. februar kom kronprinsesse Mette-Marit med ei uttaling om kontakten med Epstein.

«Jeg ønsker å komme med en dyp beklagelse for mitt vennskap med Jeffrey Epstein. Det er viktig for meg å si unnskyld til alle dere jeg har skuffet», sa kronprinsessa.

«Noe av innholdet i meldingene mellom Epstein og meg representerer ikke det mennesket jeg ønsker å være. Jeg beklager også den situasjonen som jeg har satt kongehuset i, spesielt kongen og dronningen», sa ho vidare. 

Nei frå Sex og samfunn

Sist veke blei det kjend at stiftinga Sex og samfunn braut samarbeidet med kronprinsessa. Det viktige for stiftinga var omsynet til pasientane, til alle overgrepsutsette og til alle som står på for å forebygga seksuelle overgrep, inkludert fleire av vinnarane av Skamløsprisen, som HKH Kronprinsesse Mette-Marit var beskyttar for, uttalte leiar for komunikasjon og politikk Ingrid Endestad til NRK.

Powered by Labrador CMS