Svar til Henry Bronken
Eg vil ha KI i biblioteka, ikkje på Kulturfond
Eg står ved det eg sa i Steinkjer: Biblioteka må ta i bruk KI-verktøy der desse kan vera med å gjera tenestene betre. Men, som eg også poengterte: Den største feilen vi kan gjera med KI, er å stola på den. Der ser både Henry Bronken og andre bibliotekarar ut til å vera gode førebilete.

Eg les Henry Bronken sitt innlegg «Generativ KI på innkjøpsordningen?» som ein viktig refleksjon i forlenginga av innlegget eg heldt på Bibliofilforeningen sitt brukarmøte i Steinkjer 7. mai. Her kjem eit svar for å unngå misforståingar, men òg for å understreka poenget mitt.
Ekte portvaktarar
Ja, eg nemnte i innlegget mitt dette med at generativ KI i dag kan skriva formellitteratur som nok ofte er like «god» som førebileta språkmodellane er (ulovleg) trente på. Dette var ikkje meint som eit godkjendstempel på slike tekstar, ei velkomsthelsing til desse bøkene eller som støtte for innkjøp eller formidling av dei. Eg sa det kanskje mest for å visa korleis hardt kommersielle (og ofte antidemokratiske) krefter i skrivande stund glefsar til seg bitar av litteraturfeltet.
I tillegg til å vera bibliotekar, er Bronken illustratør og står bak den treffsikre illustrasjonen til innlegget. Han viser til at ei KI-illustrert bok allereie er komen på innkjøpsordninga. Eg vil tru han meiner Ingen er like for loven av Sonia Loinsworth.
Den enda opp med ikkje å bli innkjøpt (sjølv om den blei distribuert). Så kulturrådet ser ut til å vera på sin ball. Det var også dei mange bibliotekarane som reagerte og stilte spørsmål då dei fekk boka i hendene.
Ein desillusjonert Fosse
I innlegget sitt teiknar Bronken ei scene der Jon Fosse kastar all integritet på båten og let ein KI skriva romanar i hans stil, for så å seia han har skrive den sjølv. Deretter blir boka gjeven ut og kjøpt inn for offentlege kulturkroner. Det er klart det kan skje. Kunstnarar har alltid teke i bruk ny teknologi. Kanskje lever vi no i tida som filosofen og kunstteoretikaren Paul Valéry spådde allereie i 1934:
I all kunst finnes en fysisk side, som ikke lenger kan betraktes og behandles på samme måte som før; den kan ikke lenger unngå følgene av den moderne vitenskap og de moderne metoder. I tyve år nå har verken materien, rommet eller tiden vært hva de før alltid hadde vært. Man må være klar over at så store nydannelser forandrer hele teknikken innenfor kunsten, hvilket i sin tur vil virke tilbake i form av nye oppfinnelser, slik at vi til slutt kanskje får oppleve den mest fantastiske forvandling av selve kunstbegrepet[1].
Medvit i endring
Valéry skriv om materien, rommet og tida som er blitt forvandla. No er sjølve det menneskelege medvitet i endring. Vi kan lika det eller frykta det. Eg er tilbøyeleg til å meina at frykt er den mest sakssvarande responsen. Men ignorera det kan vi ikkje. KI-teknologi skakar kunnskapsfeltet, kunsten og litteraturen sine grunnvollar. Og den endrar konkurranseforholda. Kommersielle aktørar står alltid klare til å rykka inn der andre gjer retrett.
Poenget mitt var kort og godt at biblioteka må vera på ballen, skaffa seg erfaring og ta i bruk KI-verktøy der desse kan vera med å gjera tenestene betre.
Eit opplagt felt er styring av volum og flyt i samlingane, frå lokalt til nasjonalt nivå. Eit anna felt er boktilrådingar. Truleg bør sjølve tilrådinga formidlast personleg av ein bibliotekar, helst andlet til andlet med lånaren. Men det er klart KI kan gjera sjølve tilrådinga meir treffsikker.
Det eg sa om formellitteratur står eg ved. Ingen vil merka forskjell om Harlan Coben trena ein KI på dei ti siste bøkene sine og genererte dei ti neste. Kan henda ville vi heller ikkje kunna avsløra det om Jon Fosse gjorde det same. Men det finst sikkert KI-teknologi som kan avsløra sånt. Vi må berre veta korleis vi skal bruka den. For å få til det, må vi øva.
[1] Sitert frå Walter Benjamin: Kunstverket i reproduksjonsalderen (Gyldendal, 1991). Til norsk ved Torodd Karlsten.