Maia Kobabe kjem til Kapittel
Skaparen av vår tids kan henda mest omdiskuterte og utfordra bok, Gender Queer: A Memoir, kjem til Kapittel-festivalen i Stavanger i september.
Festivalsjef Ida Pallin Bostadløkken er tydeleg på kva ho meiner om kritikken boka har møtt. I pressemeldinga om det storfine bibliotekbesøket til hausten stiller ho eit direkte spørsmål til motstandarane av Gender Queer: A Memoir – boka som har blitt forsøkt forboden fleire gongar enn noko anna i USA dei siste åra:
«Det er forbløffende at det skal skape så mye harme at noen av oss er ikke-binære, at noen av oss ikke vil ha sex, og at vi ønsker å lage kunst om det, i form av bøker for eksempel. I stedet for å diskutere noens rett til å leve godt i egen kropp, og å være sammen med andre på den måten de selv vil, bør vi heller stille spørsmål ved hvor alt sinnet kommer fra. Hvem er redd for Maia Kobabe?»
Bibliotektilsett i over ti år
Maia Kobabe (f. 1989, e/em/eres) er ikkje berre teikneserieskapar – e er òg ein utprega bibliotekven. I over ti år jobba Kobabe i bibliotek før e blei frilansar på heiltid. Ifølgje pressemeldinga kler Kobabe også merkelappane ikkje-binær, skeiv teikneserieskapar, K-popfan, storlesаr og dagdrøymar. E har mastergrad frå teikneseriestudiet ved California College of the Arts i San Francisco. Kobabe har vore publisert i mellom anna Time, NPR og The Washington Post.
I tillegg til Gender Queer er Kobabe medforfattar på Breathe: Journeys to Healthy Binding, saman med Dr. Sarah Peitzmeier. Ein ny teikneserieroman for mellomtrinnet, laga saman med Lucky Srikumar, kjem i år.
På Kapittel vil Kobabe snakka om teikneseriar, om arbeidet med å skriva memoar, og om korleis det er å bli eit mål for organisert sensur. Den norske forfattaren, komikaren og teikneserieskaparen Knut Nærum er samtalepartnar på scena. Saman vil dei to dela teikne- og skrive-erfaringar og snakka om forfattarar og kunstnarar dei beundrar.
Den norske kontroversen
Som mange hugsar, nådde kontroversen rundt Gender Queer Noreg i desember 2024, då skulebibliotekaren ved Roligheden skole i Arendal blei beden om å ta boka av hylla etter tilråding i ein e-post frå skulesjefen.
Avgjerda skapte sterke reaksjonar. Både Helene Voldner i Norsk bibliotekforening og Ola Eiksund i Bibliotekarforbundet definerte fjerninga som sensur.
Bok & bibliotek dekte saka tett. Skulebibliotekar Marit Sagen-Solheim ved Roligheden skule sa ho fann det flautt at Arendal skulle vera først ute her til lands med å senda desse signala. Ho frykta at kommunen hadde importert ein polarisert debatt frå USA.
Kobabe sjølv reagerte også, og sa til Aftenposten at e var veldig skuffa over å høyra at foreldre i Noreg brukte dei same unøyaktige og trongsynte argumenta som foreldre i USA.
Boka kom snart tilbake på hylla i Arendal. Men debatten har halde fram, seinast i fleire innlegg i Bok & bibliotek på seinsommaren i fjor.
Prosjektleiar Marianne Wulfsberg Hovdan i Ytringsfrihetsbyen Stavanger ser besøket i ein større samanheng: «Når bokforbud og sensur øker, og bøker som anses som seksuelt eksplisitte er særlig utsatt, er besøket til Maia Kobabe en viktig påminnelse om hva som står på spill for ytringsfriheten og retten til å lese», seier ho ifølgje pressemeldinga frå Kapittel.
Sex
Kapittel har sex som hovudtema i år. Ifølgje pressemeldinga er Gender Queer ei sterk og modig bok om å finna språk for attrå, grenser og identitet.
Sidan starten i 1995 har Kapittel – Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfrihet vore tett knytt til biblioteket. Den er blant Noregs største og viktigaste litteraturfestivalar. Sølvberget bibliotek og kulturhus har heile tida vore arrangør og hovudarena for festivalen, som blei grunnlagd i kjølvatnet av at Stavanger blei friby.
Det internasjonale fribynettverket ICORN og Kiellandsenteret held hus saman med folkebiblioteket på Sølvberget og er viktige samarbeidspartnarar for festivalen.
Kapittel 2026 går føre seg 16.–20. september 2026.