Tek NBT-konkursen til Stortinget
I går sende stortingsrepresentant Remi Sølvberg frå Raudt eit skriftleg spørsmål til kultur- og likestillingsministeren om konkursen i Norsk Bibliotektransport AS.
«Hvordan vil statsråden sikre at innbyggere over hele landet fortsatt får tilgang til fjernlån og effektiv boktransport etter konkursen i Norsk bibliotektransport, og vil statsråden ta initiativ til en ny nasjonal ordning for bibliotektransport?».
Slik lyder det skriftlege spørsmålet Raudt sin kulturpolitiske talsperson Remi Sølvberg har sendt til Lubna Jaffery.
– Blodåra i systemet
Remi Sølvberg kallar konkursen i NBT eit tydeleg eksempel på kva som skjer når fellesskapsløysingar blir overlatne til marknaden.
– Biblioteka er ein grunnleggande del av demokratiet, og boktransporten er sjølve blodåra i systemet. Raudt meiner staten må ta ansvar og sikra ei nasjonal, offentleg driven ordning som garanterer lik tilgang til kunnskap – uansett kor i landet du bur, seier han til Bok & bibliotek.
Ifølgje Remi Sølvberg er Raudt særleg uroa for konsekvensane i distrikta. Når boktransporten stoppar opp, rammar det hardast dei biblioteka som allereie har minst ressursar.
Foreslår løysing
– Norge har i dag eit svært godt fungerande offentleg transportsystem – det heiter Posten. Her må ein kunna ta i bruk sunn fornuft for å få på plass ei løysing med det same, seier Sølvberg.
Etter reglane for skriftlege spørsmål, pliktar Jaffery å svara Sølvberg innan utgangen av neste veke. Skriftlege spørsmål er ikkje gjenstand for debatt i Stortinget.