Konkursen i Norsk Bibliotektransport AS

Depotbiblioteket er opna igjen

Nasjonalbiblioteket har fått på plass avtale med ein ny transportør. Dei første bokkassane frå Mo i Rana blir sende allereie i dag.

Oppe og går: Utlån og innlevering av bøker frå Depotbiblioteket i Mo. Illustrasjonsbilde frå Nasjonalbiblioteket.

Alle sendingar frå Nasjonalbiblioteket sine tenester ved Depotbiblioteket i Mo i Rana blei stansa tidlegare i veka som følge av at Norsk Bibliotektransport AS gjekk konkurs.

Men no er ein midlertidig avtale med ny transportør på plass, og dei første sendingane går ut frå Mo i dag torsdag 16. april. Det skriv bibliotekutvikling.no.

Bustyar er oppnemnd

Fjernlån frå Depotbiblioteket og bokpakkar og fjernlån frå Det fleirspråklege biblioteket blir sende ut som normalt i tida framover, men leveringa kan ta litt lengre tid enn før, skriv NB vidare.

Sendingar som var på veg til og frå Depotbiblioteket då konkursen blei kjend, må frigjevast av bustyrar. Det er uvisst kor lang tid dette kan ta.

Romerike og Glåmdal tingrett oppnemnde i går advokat Tom Hugo Ottesen som bustyrar for konkursen. Ottesen er den same som var ansvarleg for forsøket på rekonstruksjon av NBT i forkant av konkursen. 

Som vi fortalde i intervjuet med NB-direktør Grete Stuevold Madsbakken i går, er alle purringar og erstattingskrav frå NB midlertidig stoppa.

Ingen private lån i Biblioteksøk

Det er mogleg å bestilla fjernlån og bokpakkar frå depotbiblioteket.no og dfb.bib.no. Nye bestillingar vil bli behandla fortløpande, skriv bibliotekutvikling.no.

Men konkursen fører endå til forseiningar i utsendingar frå Tibi – Biblioteket for tilrettelagd litteratur, som sender ut punktskriftbøker, følebøker og CD-ar. Her jobbar NB framleis med å få på plass ei midlertidig løysing.

Biblioteksok.no er enn så lenge stengt for bestilling av fjernlån frå privatpersonar. Bibliotektilsette vil kunna bestilla om dei ønskjer det, men Nasjonalbiblioteket oppmodar alle til å ta omsyn til situasjonen ved eventuelle bestillingar framover.

Powered by Labrador CMS