Ny transportordning på plass
Nor-log kjøper NBT – planlegg full drift frå 29. april
Transportselskapet Nor-log har kjøpt opp Norsk Bibliotektransport og planlegg å vera i gang med full drift alt frå onsdag 29. april. Dette kjem fram i ein intern e-post frå fylkesbiblioteksjef Tone Nyseter i Innlandet som blei send ut til fylkesbiblioteksjefane onsdag.
– Det er no offisielt at transportselskapet Nor-log har kjøpt opp NBT og har planar om full drift allereie frå onsdag 29. april, skriv Nyseter i e-posten.
Ho opplyser at salssjefen i Nor-log no ringer rundt til alle med eksisterande avtalar.
Leverer over heile landet
Særleg interessant for biblioteksektoren er at Nor-log allereie har fem avdelingar i nord, med distribusjon frå lager i Mo i Rana til Tana.
Avdelingane i nord ligg i Tromsø, Harstad, Mo i Rana, Lakselv og Tana – altså i alle dei tre nordlegaste fylka. Dette er eit område der NBT aldri etablerte ruter, og der biblioteka difor har vore avhengige av Posten.
Om Nor-log
Nor-log er eit landsdekkande transportselskap med over 1 000 tilsette, 19 terminalar og ei omsetning på rundt to milliardar kroner. Selskapet er spesialisert på temperaturregulert logistikk – hovudsakleg matvarer og fisk – og har røter tilbake til 1919.
Nor-log-gruppa blei etablert i 2019 som ei samanslåing av Suldal Transport og Miniekspress-selskapene.
Bok & bibliotek arbeider med å få stadfesta og utdjupa opplysningane direkte frå Nor-log og frå bustyrar i NBT-buet.