Bokgåve til alle på to

«Gje ungdommen ei flaska brennevin og ein tjuepakning med sigarettar før idretten tege de.» Fylkesbiblioteket i Rogaland vel å låna øyre til Stiftelsen LESE i Oslo, heller enn Stavanger-humoristen Per Inge Torkelsen. Då blir det bok der, altså.

Innkjøpt: Illustrasjon frå framsida av biletboka Åse og Kjeks av Lina Raknes som alle toåringar i Rogaland vil få som gåve i fleire år framover.

Alle toåringar i Rogaland får no gåvekort på ei bok når dei er på helsestasjonen for å kontrollerast. Kortet kan dei løysa inn i ei gratis bok neste gong dei er innom lokalbiblioteket.

Sigrun Feiring frå Stiftelsen LESE.

Tiltaket er ein del av prosjektet Bokstart, og målet er meir lesing, samtale og nærleik i småbarnsfamiliar, skriv Rogaland fylkeskommune i ei pressemelding.

Bokstart er eit leseprosjekt utvikla av Stiftelsen LESE. Bok & bibliotek har skrive om det før, mellom anna i ein reportasje frå Fredrikstad i 2022.

Rogaland først med full dekning

Med dette blir Rogaland det første fylket i landet der alle kommunar tilbyr Bokstart til toåringane sine. Satsinga er organisert av fylkesbiblioteket og finansiert gjennom prosjektmidlar frå Nasjonalbiblioteket. Midlane dekker bokinnkjøp for minst seks år framover.

Bokstart

Bokstart er ein metodikk som går ut på å dela ut gratis bøker til småbarnsfamiliar. Foreldra får òg kunnskap om små barns språkutvikling og korleis dei kan lesa med dei minste.

Prosjektet er eit samarbeid mellom helsestasjonar, bibliotek og barnehagar.

Bokstart blir gjennomført i rundt 30 land. Stiftelsen LESE har teke initiativ til Bokstart i Noreg og samarbeider med kommunar, fylkesbibliotek og Sametinget i gjennomføringa av prosjektet.

Bokstart skal legga til rette for leselyst tidleg i livet, og samstundes styrka foreldra si rolle for ungane si språkutvikling og identitetsutvikling. 

Les meir om Bokstart hos Stiftelsen LESE

– Vi er veldig glade for at Rogaland satsar stort på Bokstart. Å lesa med dei minste er avgjerande for born si språkutvikling og leseglede, og denne satsinga gir borna ein viktig start, seier Sigrun Feiring frå Stiftelsen LESE.

Nøye bokval

Litteraturen som alle håpefulle i Rogaland får høve til å gleda seg over, er den prislønte biletboka Åse og Kjeks av Lina Raknes. Boka er vald ut av biblioteka i Rogaland, Stiftelsen LESE og eit fagleg råd i samarbeid. Den er òg testa av eit familiepanel.

Siri Odfjell Risdal

Åse og Kjeks er ei lun og leiken biletbok som passar perfekt til høgtlesing. Vi håpar ho vil gi småbarnsfamiliar i Rogaland ein god lesestart, seier Siri Odfjell Risdal frå Rogaland fylkesbibliotek.

Språk, tonar, nærleik og leseglede

Målet med Bokstart er å oppmuntra foreldre til å prata, lesa og synga med barnet frå tidleg alder, og til å bruka biblioteket som ein naturleg møteplass. Sjølv om enkelte kommunar i Norge òg deler ut bøker til eittåringar og fireåringar, har Rogaland valt å samla innsatsen rundt toårsalderen.

– Det er ein fase der språket utviklar seg raskt. Bøker kan vera ei døropnar til gode samtalar og felles opplevingar. Difor er det både nyttig og hyggeleg å lesa med barna i denne alderen, seier Risdal.

Effekten på idrettsengasjementet, seier pressemeldinga ingenting om. 

Powered by Labrador CMS