Jo, folkebiblioteka får mindre pengar

Publisert Sist oppdatert

Av: Vidar Lund, leiar Norsk bibliotekforening

Vidar Lund Foto: Norsk bibliotekforening

Svein Arne Tinnesand, avdelingsdirektør i Nasjonalbiblioteket, hadde eit innlegg i Bok og Bibliotek 5/2020 om korleis stoda eigentleg er i folkebiblioteka. Er det ein nedgang, som mellom anna Enger-utvalet tok til orde for, og som ein til dømes opplever i Arendal ved Ola Eiksund? Eller er ressursbruken meir eller mindre stabil, og på veg oppover igjen etter ein liten dupp, kompensert for konsumprisindeksen? Og spelar biblioteksektoren sin del av det totale kulturbudsjettet ei rolle slik Georg Arnestad hevdar?

«Man måste hela tiden jämföra», seier Ingemar i «Mitt liv som hund». Det er alltids nokon som har det verre. Og det er det jo. Men kva skal ein jamføre med? Feilen i Tinnesand sitt reknestykke, er at han brukar konsumprisindeksen for å samanlikne forbruket gjennom ein tiårsperiode. Dersom ein kommune har akkurat same drift, stillingar og innkjøp to år på rad, aukar ikkje kostnaden med konsumprisindeksen. Han aukar med det ein kallar den kommunale deflatoren, eit tal som kombinerer pris- og lønsvekst. Kostnadene i kommunesektoren er mykje meir lønsbasert enn prisbasert, og dei fleste åra er lønsveksten større enn prisveksten. Då må kommunane kompenserast meir enn prisveksten for å oppretthalde same drift, noko som skjer i statsbudsjettet.

Eg har gått gjennom nasjonalbudsjetta og funne den kommunale deflatoren desse åra. Då ser vi at utviklinga er negativ, både nasjonalt og særleg på enkelte kostra-grupper. Fyrst totaltala.

Her kan vi sjå trenden nasjonalt. Den nedste grafen er dei reine rekneskapstala. Grafen i midten er dei same utgiftene regulert for konsumprisindeksen etter Tinnesand sin måte. Den øvste grafen er justert for den såkalle deflatoren. Det vil seie at den reellekostnaden til folkebibliotektenester per ibuar har gått ned med 8,7 %. I tillegg må det seiast: 2009 er eit dårleg startår for å sjå trenden meir langsiktig. Hadde vi teke med 2007 og 2008 hadde knekken vore endå større, det var nemleg ein kraftig nedgang frå 2008 til 2009, etter finanskrisa.

Eg vil òg trekkje fram KOSTRA-gruppa 13, der Arendal er. Det er òg den klårt største gruppa i folketal (40 %), og inneheld kommunar med eit folketal på 20.000 eller fleire – bortsett frå dei fire største. Her samanliknar eg deflatorjusterte tal med gjennomsnittet for Noreg:

Her ser vi at mens KOSTRA-gruppe 13 faktisk låg litt over landsgjennomsnittet i 2007, ligg dei no 9,2 % under landsgjennomsnittet.

Er det så nokre feilkjelder til desse tala? Ja, diverre. Med fare for å bli teknisk: desse tala skal ikkje inkludere kostnader med lokala biblioteket er i. Det veit vi det blir synda mot i norske kommunar, t.d. ved at husleiga ikkje berre blir ført på biblioteket som avdeling/teneste, men òg på funksjon 370. Det spelar likevel inga rolle når vi samanliknar tabellane til Tinnesand med desse, den feilen ligg jo i så fall der òg.

Konklusjonen må vera: ja, biblioteka har mindre å rutte med per ibuar i 2019 enn i 2009. For landet som heilskap: 8 % mindre. For KOSTRA-gruppe 13: 15,8 %. Går vi tilbake berre to år til er nedgangen 15,8 % i heile landet og heile 23,3 % for KOSTRA-gruppe 13. Biblioteka er flinke til å rasjonalisere og effektivisere, men samstundes har forventningane auka sterkt med tanke på den nye føremålsparagrafen frå 2014.

Er prioriteringa innetter i kultursektoren interessant, slik Arnestad hevdar? Utfordringa er at SSB og kommunane framleis held seg til det utvida – eller utvatna – kulturomgrepet frå 70-talet. Det er liten tvil om at idretten har styrkt seg, mykje på grunn av den enorme stimuleringa som skjer gjennom spelemidlane til idrettsanlegg. Av di fordelinga av spelemidlane er så utruleg skeiv som ho er, blir det økonomisk lettare for kommunane å investere i velodromar og tennishallar med 1/3 dekning frå spelemidlane. Medan kommunen i røynda må ta heile investeringskostnaden om det trengst eit nytt bibliotek eller anna kulturlokale. Dette påverkar òg sjølvsagt driftskostnaden, ved at kommunen må betale mykje meir i renter og avdrag ved å byggje eit bibliotek til 50 millionar kr enn eit idrettsbygg til 50 millionar kr. Det er difor NBF mellom anna prioriterer å styrkje avsetnaden av spelemidlar til lokale kulturbygg i arbeidet med statsbudsjettet.

Mi oppfatning etter å ha jobba mykje med kommunebudsjetta i haust, er at sjølv om politikken er lokal er det eit fellestrekk: kommuneøkonomien er elendig. Kommunane må investere i ei eldrebølgje som no er her, utan at staten ser ut til å ta høgd for det. Når covid-19-erstatningane i tillegg er mildt sagt uklåre, driv kommunedirektørane og lagar budsjettframlegg med kutt i hundremillionarklassen. Då er småkjeklinga om prioriteringane på kulturbudsjettet mindre interessant, det handlar om å få politikarane til å skjøne at ja – ein må barbere, men å skjera av seg haka er ein dårleg strategi for lokal utvikling. Særleg med tanke på kor stor rolle biblioteka kan og bør spele i arbeidet med berekraftsmåla i alle kommunar.

– Av Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening

Tidligere artikler:

Svein Arne Tinnesand: Nedgang eller oppgang?

Ola Eiksund: Det er nedgang!!

Georg Arnestad: Ufullstendig om løyvingar til bibliotek

Svein Arne Tinnesand: Presisering av poeng

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS