Utgave: 3/2023

Vi treng IFLA meir enn nokosinne

I denne utgåva har vi ein grundig presentasjon av den internasjonale bibliotekorganisasjonen IFLA. Eg trur den er viktigare enn nokon gong. Vi står til halsen i problem som må løysast på tvers av alle landegrenser.

Dessverre har IFLA til tider hatt nok med eigne utfordringar. Under Gerald Leitner blei organisasjonen martra av usunne leiartilhøve. Og det er all grunn til å tru at styret burde og kunne ha rydda opp i dette mykje tidlegare. Svenske Biblioteksbladet har følgt den internasjonale bibliotekføderasjonen tettast, mellom anna med eit eige temanummer på både svensk og engelsk i fjor. Du finn det gratis på nett. Der freista dei å få innsikt i kva Leitner eigentleg hadde gjort som førte til at 80 prosent av dei tilsette ved hovudkontoret i Haag rapporterte om trakassering og uhaldbart arbeidsmiljø.

Presidenten Barbara Lison har manøvrert seg glatt unna alle innrømmingar. Den einaste våre svenske kollegaer fekk til å stå offentleg fram, var Suzanne Reid. Eit par år som talsperson for dei tilsette resulterte for henne i depresjon og skifte av beite. Ho søkte dialog med leiinga og trudde dokumenterte vitnemål om brøling, psykisk terror, e-postsnoking og forskjellsbehandling skulle få dei til å forstå og ta affære. I staden kom åtak på den tilsettinitierte praksisen med å dokumentera overtramp, og forsøk på å splitta arbeidstakargruppa, seier Reid.

Denne snøen fall i fjor, og no er det håp om at dei siste restane kan smelta. I skrivande stund overleverer nemleg Lison (som fleire har meint støtta Leitner i altfor stor grad) presidentklubba til Vicki McDonald, og Sharon Memis tok over som generalsekretær 1. juni. Etter CV-ane å døma er dei nye leiarane imponerande kompetente. Men dei har mykje å bevisa. Det hastar med å bygga både tillit og god bedriftskultur i bibliotekverda sitt FN.

Sommarsesongens IFLA-konflikt har handla om neste års verdskongress. Styret valde å legga den til Dubai i Dei sameinte arabiske emirata – eit land som forbyr homofili. Årsmøtet for interessegruppa som jobbar med LHBT+-spørsmål blir lagt til eit anna land, for IFLA har lova utanriksdepartementet i Emirata at slike problemstillingar ikkje skal bli diskuterte på møtet (sjå eiga sak på s. 18).

Dette er heilt uakseptabelt. Ein organisasjon som lever for og av ytringsfridom, kan ikkje lata seg dupera slik. Kan henda er den nye leiinga og styret i stand til å ta inn over seg alvoret og sjå at WLIC 2024 i Dubai må avlysast og gjerast heildigital som under pandemien. Ei slik avgjerd vil gje positiv merksemd rundt den internasjonale bibliotekfamilien sitt engasjement for å bidra til løysinga av vår tids store utfordingar gjennom fri deling av kunnskap og ytringar.

PS. Nytt frå denne utgåva er at Bok & bibliotek blir trykt på FSC-sertifisert papir. Det er litt dyrare, men betyr at skogen det kjem frå, er garantert berekraftig røkta og hausta. Alle monner dreg.

Powered by Labrador CMS